Hopp til innhold

Sogndal stal bortepoeng med vakker scoring

Aalesund tok leiinga 2-1 og burde punktert kampen etter fleire sjansar. I staden sikra Sogndal seg eit sterkt bortepoeng etter ei svært vakker scoring – med éin mann mindre.

Stamnestrø med perlescoring

Frå 30 meter banka innbytar Magnus Stamnestrø inn 2-2 etter 81 minutt.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Sjanselaus Grytebust

AaFK-keeper Sten Grytebust var sjanselaus då Magnus Stamnestrø banka inn 2-2 frå 30 meter.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Klokka viste 81 minutt og alt gjekk mot ein fjerde heimesiger på rad for AaFK. Sogndal spelte nemleg med 10 mann, etter at Sidy Sagna blei sendt i dusjen med sitt andre gule etter 73. minutt.

Men så, Magnus Stamnestrø. Den Molde-utleigde 21-åringen fekk ballen på 40 meter, tok han med seg framover før eit skot av dei sjeldne enda i nettet bak AaFK-keeper Sten Grytebust.

– Her på heimebane skal vi ha tre poeng, og slik kampen var skal vi ha tre poeng. Men det er vanskeleg å gardere seg mot skot frå 25 meter i krysset, så det er berre å rose han som scora. Men vi er sjølvsagt skuffa.

Det konkluderte AaFK-kaptein Jonatan Tollås Nation i prat med CSports etter kampen.

– Det kan fort bli årets mål! Heilt vanvittig, konkluderte Sogndal-kaptein Rune Bolseth.

Leke James dansar

Leke James feirar 1-0-scoringa si med dans etter 29 minutt. Like bak kjem Lars Fuhre for å feire med.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

James med soloprestasjon

Etter fleire Sogndal-sjansar ved Malick Mane, tok Aalesund leiinga etter 29 minutt.

Leke James leika seg forbi midtstoppar Hannu Patronen, heada med seg ballen vidare, før han banka ballen i mål til 1-0 frå 17 meter.

40 spelte minutt var gått då Sidy Sagna blei hindra av Jo Nymo Matland i AaFK sin 16-meter. Dommar Ola Hobber Nilsen peikte på straffemerket, og Malick Mane ekspederte til 1-1.

– Eg synest det er noko tamt over oss. Vi har grei kontroll bakover, men vi må skape og trøkke på meir offensivt, sa Tollås Nation til CSports i pausen.

Mane mot Hamdallah

Malick Mane var nære ved to høve for Sogndal tidleg, før AaFK tok leiinga. I det 40. minutt utlikna Mane til 1-1. Her i duell med AaFK-spelar Abderrazzaq Hamdallah - fotballnamn Hamed-Allah - som laga 2-1 etter 49 minutt.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Hamdallah-bonanza og perlescoring

I andre omgang gjekk AaFK ut i hundre, med ein frisk Abderrazzaq Hamdallah - eller Hamed-Allah som er fotballnamnet.

Etter 49 minutt curla han ballen i stolpen, før han berre sekund etter la ballen i mål. Sogndal-keeper burde kanskje hatt kontroll på skotet som kom frå nær død vinkel.

Ikkje lenge etter var Mane frampå for Sogndal, før Hamdallah var centimeter frå å sende 3-1 i krysset. I det 73 minutt fekk Sidy Sagna sitt andre gule og blei med det sendt i dusjen etter raudt kort.

Det hindra derimot ikkje utlikning, for etter 81 minutt kom 2-2-scoringa til Stamnestrø. Han gjorde noko liknande i april, då han kom inn frå benken på Aker Stadion og sikra Sogndal-siger mot Molde.

– Eg kjente tidleg at det var eit godt treff. Eg er glad i å skyte, og av og til sit det godt, gliste Stamnestrø etter 2-2-kampen.

Saka held fram under bildet.

Stamnestrø feirar

Magnus Stamnestrø i hundre etter superscoringa.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix
Leke James feirar

Her feirar Leke James 1-0-scoringa si då laga møttest på Fosshaugane 28. oktober i fjor. Kampen enda 1-1. Michael Barrantes (t.h.) er framleis på Gold Cup med Costa Rica, medan Lars Fuhre er éin av fire på AaFK sin midtbane mot Sogndal denne laurdagen.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

To gode statistikkar held fram

Sjølv om eitt poeng nok er surt for AaFK, står den gode heimestatistikken framleis ved lag.

Etter åtte heimekampar har dei framleis ikkje tap, og står no med 5-3-0. Før 2-2 mot Sogndal hadde Aalesund vunne tre heimekampar på rad.

For Sogndal sin del blei ein svært god bortestatistikk vidareført. Før kampen stod laget med like mange poeng borte som heime. Dei kvite og svarte frå Sogn har 3-2-3 etter åtte bortekampar.

På tabellen ligg laga framleis på tredje- og sjetteplass. No med høvesvis 25 og 21 poeng. Dersom Viking og Brann vinn søndag og måndag vil dei gå forbi AaFK. Haugesund og Tromsø kan klatre forbi Sogndal med siger.

Var utan Molde-kapteinen sin

Malick Mane feirar etter scoringa mot Odd

Per Egil Flo (t.h.) står over mot AaFK. Malick Mane spelar derimot.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

AaFK måtte klare seg utan Michael Barrantes, som spelar Gold Cup , men både Leke James og Abderrazzaq Hamed-Allah var på plass. Etter kampen er dei to angriparane i tillegg delte toppscorar i Eliteserien.

For Sogndal sin del blei bortepoenget sikra utan kaptein Per Egil Flo, nyleg selt til Molde.

Aalesund (4-4-2): Sten Michael Grytebust - Thomas Skog Martinussen, Edvard Skagestad, Jonatan Tollås Nation, Jo Nymo Matland - Fredrik Carlsen, Peter Orry Larsen, Lars Mendonca Fuhre - Abderrazzaq Hamed-Allah, Leke James.

Sogndal (4-4-2): Erik Dahlin - Taijo Teniste, Hannu Patronen, Gustav Valsvik, Eirik Skaasheim - Sidy Sagna, Rune Bolseth, Malick Mane, Ruben Holsæter - Ulrik Flo, Azar Karadas.

Sogndal-helt Magnus Stamnestrø, utleigd frå Molde, var svært glad etter superscoringa som sikra 2-2. AaFK-trenar Jan Jönsson var langt frå fornøgd med eitt poeng ...

Siste nytt

  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters
  • Narvik og Comet klar for eliteserien neste sesong

    Narvik knuste Grüner 7-2 borte og sikret med det opprykk til eliteserien i ishockey. Comet Halden beholdt plassen med 5-3-seier over Ringerike.

    Før den siste runden torsdag var det helt åpent om de to øverste plassene i kvalifiseringen, som ville gi plass i eliteserien neste sesong. Narvik lå på topp med ni poeng, mens Comet hadde åtte, Grüner sju og Ringerike seks.

    I borteoppgjøret mot Grüner tok Narvik tak i kampen og ledet 5-1 midtveis i annen periode. Den fordelen ga nordlendingene aldri fra seg på vei mot seier og opprykk.

    Comet og Ringerike spilte begge i eliteserien sist sesong, men bare en av dem kunne beholde plassen før skjebnemøtet torsdag. Comet var til slutt sterkest på borteis i Hønefoss og får en ny sesong på øverste nivå.

    Narvik ble i 2019 det første laget fra Nord-Norge til å spille i eliteserien. De rykket ned i 2021 og har siden jobbet for å ta seg opp i det gjeve selskap igjen. Grüner rykket ned før inneværende sesong og må tåle en ny sesong i 1. divisjon.

    Comet rykket opp til eliteserien i fjor. Østfoldingene fikk plass i toppdivisjonen etter at Manglerud Star mistet lisensen.

    Neste sesong blir det ny kvalifiseringsmodell som sikrer at ett lag ryker opp fra 1. divisjon til eliteserien.

    Den nye modellen innebærer at de to nederste lagene i eliteseriegrunnspillet møtes i en ren nedrykkskvalifisering i best av sju kamper der taperen rykker ned.

    I 1. divisjon skal de fire øverste lagene i grunnserien møtes i semifinale og deretter finale om én plass i eliteserien året etter. Disse oppgjørene spilles over best av fem. (NTB)

    Eliteserien: Vålerenga Hockey - Comet Halden (8-2)
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal