Med unntak av Tiril Eckhoffs siste skyting, som gav ein strafferunde, sat skota stort sett som dei skulle. Men i sporet gjekk det så reint for sakte på det tunge føret, og det enda med ein skuffande 11.-plass.
– Ei nitrist plassering i ein VM-stafett, sa NRKs kommentator Andreas Stabrun Smith.
Norge låg heilt nede på 18.-plass ved første veksling. Ved dei andre vekslingane var den norske kvartetten nummer 13.
– Vi har gjort det brukbart på skytinga. Men det er den fysiske biten som er problemet, seier Ola Lunde.
– Jentene er prega av dårleg sjølvtillit. Då blir ofte detaljane feil, og det gir store utslag i ein stafett. Leiinga har ein stor jobb framfor seg med å byggje den opp iggen., seier Liv Grete Skjelbreid.
– Det er ikkje moro å sjå på slikt. Truleg har dei ikkje hatt topp ski i dag.
Søndag er det fellesstart. Der skal Tiril Eckhoff og Marte Olsbø delta.
– For Tiril er det om å gjere å få ting på plass i hovudet. Ho er god nok fysisk, seier Skjelbreid.
Beklager I
Kaia Wøien Nicolaisen beklaga at ho tapte mykje tid på første etappe.
– Det var tungt og trått. Eg håpar eg ikkje har øydelagt altfor mykje for laget. Det er ikkje gøy når ein ikkje er i form, sa ho.
Sjølv med berre to ekstraskot var ho 1.23 bak ved første veksling. Spesielt på den siste runden tapte ho mykje.
Hilde Fenne måtte også bruke to ekstraskot, og avstanden til teten auka berre med 11 sekund. Men også Fenne sleit i sporet.
– Det var seigt på dette føret. prøvde å ta i, men fekk ikkje til å gå fortare. Eg trur ikkje eg hadde dei beste skiene, men det gjekk framover.
Beklager II
På den tredje etappen skaut Tiril Eckhoff fullt på den liggande skytinga, men måtte ut i strafferunde på den ståande.
– Eg prøvde å ta igjen dei som låg framfor. Eg tok i litt for hardt, og fekk skjelven, var Eckhoffs forklaring. – Eg beklagar den, det var ikkje hyggeleg.
Ved siste veksling var Norge nummer 13, 1.33 bak leiande Tyskland, trass i at Tiril Eckoff hadde beste etappetid i løypa.
Marte Olsbu måtte også bruke to ekstraskot.
– Eg er fornøgd med min etappe, spesielt med fullt hus på liggande. Men det var tungt å gå så langt bak, sa jenta som gjekk førstetappen for gullaget i Holmenkollen i fjor.
Tett gullkamp
Gullkampen såg ut til vere avgjort før siste skyting. Laura Dahlmeier kom inn med god leiing for Tyskland. Men ho bomma to gonger, og, dermed gjekk ho ut med fire konkurrentar innanfor 12 sekund bak.
Men Dahlmeier heldt unna og tok sin fjerde gullmedalje i VM. Ukraina tok sølvet, 6,4 sekund bak. Frankrike på bronseplass var 8 sekund bak.
– Det var laust og ustabilt i løypa, og vanskeleg å gå. Eg heldt på å falle eit par gonger. Men eg var godt nøgd med skytinga, sa ei breitt smilande Dahlmeier til NRK.
Dahlmeier er berre den tredje kvinna som tek fire gull i same VM.
– I am very happy!