Hopp til innhold

Éi grufull ståandeskyting øydela stafetten

ANTERSELVA/OSLO (NRK.no): OL-vraka Henrik L'Abée-Lund sende Noreg ut i 35 sekunds leiing etter sin andreetappe. På sjette skyting fekk derimot Martin Eng fullstendig kneskjelv.

Martin Eng skjøt fullt hus på hans liggende, men på stående ble det ikke så enkelt og han måtte tl slutt gå to strafferunder. Dermed mistet Norge også ledelsen. Kommentatorer: Andreas Stabrun Smith og Ola Lunde

Martin Eng opna tredje etappe på bra vis, men kollapsa fullstendig på den ståande skytinga. Fem bom og to strafferunder gjorde at pallplass blei umogleg.

– Eg har ikkje noko godt svar på kva som skjedde. Eg følte det såg betre ut i siktet enn det faktisk var. Det blei veldig tøft, det er utruleg kjedeleg, sa Eng til NRK etter løpet.

L'Abbe-Lund og Eng

Henrik L'Abée-Lund vekslar med Martin Eng - 35 sekund føre Frankrike.

Foto: Felice Calabro' / Ap

Martin Eng var Noreg sin mann på tredjeetappen i Anterselva søndag. Alexander Os leverte ein god førsteetappe, og etter at Henrik L'Abée-Lund imponerte stort som andremann, gjekk Eng ut i soleklar leiing.

På den liggande skytinga blei det eitt ekstraskot, men fullt hus. På ståande gjekk det, vel, i stå.

– No er eg redd det er slutt på moroa. Og det er det, éi strafferunde, to strafferundar. Det er ein fortvilt situasjon, sa NRK-kommentator Andreas Stabrun Smith.

Eng bomma på fem av åtte skot, og frå å vere 35 sekund føre Frankrike, enda Noreg opp med å vere 30 sekund bak. Inn til siste veksling hadde avstanden auka til 52,4 sekund.

Erlend Bjøntegaard leverte ein grei fjerdeetappe, men til inga nytte. Martin Fourcade sikra fransk siger, medan Sverige tok andreplassen. Noreg følgde bak Tyskland til fjerdeplass.

Beina stod som jojoar

NRK prata med Henrik L'Abée-Lund, som imponerte med tredjeplass laurdag, like etter Eng si skyting.

– Han var nok uroleg, men det var ikkje så lett å skyte. Ein kjem inn med glisne bein, sa L'Abée-Lund.

– Mange bomma på ståande også på din etappe, sa NRK-kommentator Stabrun Smith.

– Ja, vi gjekk ikkje så fort, men beina stod som jojoar, så det var utfordrande. Eg er glad eg sjølv unngjekk strafferunde. Det er ein litt «lurete» inngang som gjer at det er lett å drage på seg slitne bein.

Sjølv gjekk L'Abée-Lund ein glimrande etappe. Etter si ståande skyting gjekk han ut 15,8 sekund bak Frankrike. Inn til veksling med Eng leia han med 35,3 sekund.

Ut frå skyting og til veksling hadde L'Abée-Lund gått 50 sekund raskare enn franske Alexis Boeuf.

Saka held fram under videoen.

Henrik L'Abée-Lund fikk ned alle blinkene etter et ekstraskudd. Kommentatorer: Andreas Stabrun Smith og Ola Lunde

Henrik L'Abée-Lund gjorde det greitt på både liggande og ståande skyting. I sporet leverte han som berre juling.

– Éin som ikkje gjorde jobben

Positivt å vere i leiinga, men etter løpet fortalde Eng at han blei smått stressa av å gå ut i tet.

Henrik L'Abée-Lund

Henrik L'Abée-Lund gjekk lynraskt på sin andreetappe.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Eg var veldig nervøs før start då eg såg Henrik gjekk først. Men eg hadde tenkt det kunne skje, så eg var litt førebudd, sa Eng til NRK.

Han var godt fornøgd med den liggande skytinga, men fortel at det så blei tøffare.

– Det er utruleg trøkk her. På ståande prøvde eg å vere offensiv, men det blei tøft.

– Vi visste vi var i utfordrarposisjon, og dersom vi gjorde jobben så meinte vi at pallen var mogleg. Det var éin som ikkje gjorde jobben og då fall vi på utsida, konkluderte ein skuffa Eng.

27-åringen frå Nittedal omtalar heile stafetten som kjedeleg.

– I dag må eg berre beklage til dei andre gutta og støtteapparatet. Det er utruleg kjipt, men slik er det av og til, avslutta han.

Os meiner ein burde venta med OL-uttaket

Pragmatisk sett er fjerdeplass uansett eit godt resultat for eit norsk lag utan sine kanskje seks beste mann. Eller, det som lenge såg ut til å vere dei seks beste.

Alexander Os

Alexander Os meiner landslagsleiinga utan problem kunne venta med OL-uttaket til etter denne helga.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Den siste veka har Henrik L'Abée-Lund vist seg fram som eit mogleg medaljehåp i OL. Då er det dumt at han ikkje skal til OL.

– Eg visste eg måtte prestere i Ruhpolding eller før, og det klarte eg ikkje. Då får vi prøve ein annan gong. Det er berre godt at det losnar og at eg får igjen noko for treninga eg har lagt ned, sa L'Abée-Lund diplomatisk.

Alexander Os, som berre trengde eitt ekstraskot på sin førsteetappe, meiner derimot at landslagsleiinga burde venta med uttaket.

– Eg synest Henrik er i merkeleg godt humør. Det må vere frustrerande å prestere så bra som han gjer no i høgda, som det er i OL, og så ikkje få gå. Det var vel ikkje så stress å få tatt ut den siste plassen, så dei kunne venta til etter helga. Det er uansett seks gode mann som dreg til Sotsji, men eg forstår om Henrik er frustrert, sa Os til NRK.

L'Abée-Lund sjølv tek derimot berre med seg det positive.

– Veka har vore ein stor opptur, endeleg losna det. Eg har ikkje heilt skjøna kvifor det ikkje har gått betre enn det har gjort, så det er godt at det losnar. Betre seint enn aldri.

Martin Fourcade seilet inn i ensom majestet og sikret førsteplassen for Frankrike. Kommentatorer: Andreas Stabrun Smith og Ola Lunde

Martin Fourcade gjekk frå svenske Carl Johan Bergmann og sikra fransk stafettsiger.

Siste nytt

  • Helseth og Kavlie rett til finale i ro-EM

    Thea Helseth og Inger Kavlie rodde Norges dobbeltsculler til heatseier og booket finaleplass på EMs første dag.

    Den nykomponerte duoen fikk tiden 6.51,81 og vant det andre heatet med over ett sekunds margin på Romania.

    Resultatet betyr at Helseth og Kavlie slipper å ro oppsamling og kan se fram mot søndagens A-finale i ungarske Szeged.

    Nylig var Helseth på pallen med Jenny Rørvik i verdenscupen, men i EM ble Rørvik byttet ut med Kavlie. Trioen kjemper om to plasser i båten i OL. (NTB)

    sq1_1fpr_pQ
    Foto: NTB
  • TV 2: Patrick Thoresen sier ja til å spille for Norge i ishockey-VM

    Det bekrefter hovedpersonen selv til TV 2.

    Thoresen sier han og landslagssjef Tobias Johansson har hatt tett kontakt den siste tiden.

    – Det har tent en liten glød i meg. Jeg kjente for to, tre år siden at jeg var ferdig med landslaget og at jeg hadde gjort mitt. Men nå har jeg har hatt en veldig god sesong i en alder av 40, og når landslagsledelsen ser noe i meg, og sier jeg kan bidra med noe både på og utenfor isen, så vekker det noen følelser jeg trodde var borte, sier han til TV 2..

    Thoresen ga seg på landslaget før VM i 2022, men har nå snudd.

    Patrick Thoresen
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Tenåring pågrepet etter terrormelding mot Paris-OL – ville dø som en martyr

    En 16 år gammel gutt har blitt arrestert i Frankrike etter at han skal ha planlagt en terrordåd under OL i Paris.

    Tenåringen skal ha fremmet et budskap i sosiale medier om at han ved hjelp av et selvmordsbelte ønsket å dø som en martyr under de olympiske lekene i Frankrike denne sommeren. Gutten skal ha truet med å sprenge seg selv i luften.

    16-åringen ble arrestert tirsdag som følge av terrormeldingen, ifølge AFP. Deretter skal det ha blitt iverksatt etterforskning av saken.

    Under en ransaking av foreldrenes hjem ble det oppdaget håndskrevne papirer der tenåringen hadde lovet troskap til den islamske staten, har en politikilde sagt til AFP. Den samme kilden har informert om at tenåringen skal ha innrømmet å ha planlagt en terrorhandling ved hjelp av pistol eller selvmordsbelte.

    Arbeidet med å fastslå tenåringens eksakte intensjoner pågår fortsatt. Frankrikes sikkerhetstjeneste (DGSI) gjennomfører en etterforskning.

    Frankrike er vertskap for de olympiske lekene i Paris fra 26. juli til 11. august. I mars hevet regjeringen beredskapsnivået til det høyeste nivået.

    (©NTB)

    BFo3Dgwqg8I
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal