Stadfesta: Zlatan ferdig i Galaxy

Zlatan Ibrahimovic (38) stadfestar at han er ferdig i LA Galaxy. Det melder også klubben onsdag kveld.

– Eg kom, eg såg og eg erobra, skriv svensken på instagram. Før han kjem med eit stikk til fansen og ligaen:

– De ville ha Zlatan, eg gav dykk Zlatan. Eventyret held fram. No kan de gå tilbake og sjå på baseball.

Zlatan scora 52 mål og starta 53 kampar i to sesongar for Galaxy.

Det er ikkje stadfesta kvar vegen går vidare for Zlatan.

Laster Twitter-innhold

Siste nytt

  • Skarstein starta med pallplass

    Birgit Skarstein tok tredjeplassen på 5 km då verdscupen i para-lagrenn opna på Lillehammer. – Birgit stadfestar at ho er i godt slag, seier landslagstrenar Magnus Evenby.

    USA tok dobbelsiger ved Oksana Masters og Kendall Gretsch. Skarstein var 50 sekund bak vinnaren.

    Verdscupen på Lillehammer er samstundes ein test for para-VM i dei same løypene neste år.

    Birgit Skarstein
    Foto: Norges Skiforbund
  • 15.000 Serbia-billettar selde

    Billettsalet til playoff-semifinalen mot Serbia 26. mars tok til i går, og allereie er 15.000 billettar selde, melder NFF. Begge langsidene på Ullevaal er så godt som utselde.

    Kampen er første steget i EM-kvalifiseringa via nasjonsligaen. Om Norge slår Serbia, ventar ny Ullevaal-kamp mot enten Skottland eller Israel 31. mai, om ein plass i EM-sluttspelet til sommaren.

    Mulige endringer i nasjonsligaen i fotball
    Foto: Håkon Mosvold Larsen
  • Norendal slått ut i kvalifiseringen

    Snowboardstjernen Silje Norendal (26) ble nummer ti i big air-kvalifiseringen i verdenscupen i Beijing torsdag. Det holdt ikke til finaleplass. De åtte beste kjørerne tok seg videre til finalen. Norendal var 10,5 poeng fra en finaleplass.

    Silje Norendal tok VM-sølv
    Foto: Rick Bowmer / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal