Hopp til innhold

Stabæk-trenaren spelte to år i Leicester: – Nå tar dei tittelen

Stabæk-trenar Billy McKinlay var med på både opprykk og nedrykk med Leicester. Nå trur han ingen kan ta frå gamleklubben ligatittelen.

Billy McKinlay

IMPONERT: Billie McKinlay hadde trudd gamleklubben skulle kjempe mot nedrykk, nå fylgjer han kampen for gull med spenning.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Eg trur dei vil vinne. Dei har alle ingrediansane eit lag treng for å stå distansen ut.

Billy McKinlay er noko så sjeldan som ein eliteserieprofil med fortid i laget «alle» snakkar om for tida.

Stabæk-trenaren spelte i Leicester City frå 2002 til 2004, fekk 53 kampar og eitt mål, og var med på både opprykk til Premier League og nedrykk frå øvste divisjonen i løpet av sine to år.

Eit lag med fantastisk atmosfære

– Kanskje var det dei to beste åra i karrieren min. Det er ein klubb med fantastisk atmosfære. Mange av folka rundt klubben som var der da eg var der, er der fortsatt. Supporterane var også fantastiske med meg, rosar skotten som nå fylgjer spent med på serieavslutninga.

Billy McKinlay for Leicester

I LEICESTER: Skotske Billy McKinlay spelte to sesongar i Leicester og scora eitt mål på 53 kampar. Her i ein hovudduell mot Birminghams Robbie Savage.

Foto: MATTHEW ROBERTS / REUTERS

Før gullrival Tottenham møter Stoke i kveld har «The Foxes» heile åtte poeng å gå ned til London-laget på andreplass. Manager Claudio Ranieri som aldri har vunne ein stor tittel i sin lange managerkarriere, er ikkje uroa for at laget hans skal gå på ein smell mot slutten av sesongen.

LES OGSÅ: Dette er Norges eneste Leicester-proff gjennom tidene

– Ein oppskrift for suksess

Ranieri har tapt fleire seriegull på målstreken tidlegare, mellom anna var han mannen bak rattet da Chelsea blei nummer to i 2004 bak Arsenal. Det tenkjer ikkje italienaren på nå.

– Om Arsenal, Tottenham er betre enn oss og vinn tittelen: Well done, vil eg seie da, fordi me gjer maks av det me kan.. Om det er eit anna lag som spelar betre og vinn meir enn oss, gratulerer til dei. det er filosofien min, sa Ranieri.

Billy McKinlay er imponert over 64-åringen.

Claudio Ranieri

SUKSESS: Claudio Ranieri har aldri vore nærmare ein stor tittel enn nå.

Foto: Rui Vieira / Ap

– Det er ei fantastisk historie, manageren og spelarane fortener stor kreditt. Leicester viser at med god organisering, gode spelarar med evne til å jobbe hardt og for kvarandre i tillegg til talent, er ein god oppskrift for suksess. Det er derfor alle nøytrale håpar dei står igjen med Premier League-tittelen, meiner Stabæk-trenaren.

Og når ein trenar gjer det usannsynleg godt i kongedømet Storbritannia, er det ikkje uventa at spørsmålet kjem på pressekonferansen. Kva tenkjer Ranieri om å bli slått til ridder?

– Sir Claudio? Heilt utruleg. Det kan eg like, seier med Ranieri med ein god latter.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal