– Det ville vere heilt ko-ko om me må spele på Åråsen og kalle det for heimebane. Kanskje det er 72 tilskodarar som gidd å køyre opp frå Bærum.
Sportssjef Inge Andre Olsen ristar på hovudet. Han og resten av Stabæk-leiren er i godt humør etter den viktige sigeren over Start i går, der laget sikra europacupspel neste år.
Men det er eit stort skår i gleda.
Nadderud oppfyller ikkje UEFA-krav
For klarer Stabæk å kome seg gjennom dei to fyrste kvalifiseringsrundane i Europaligaen neste år, får dei ikkje lov til å spele heimekampane på det som må kunne kallast ein litt sliten heimebane. Nadderud stadion har diskosring og vassgrav, men er langt frå å oppfylle UEFAs krav til europacupkampar.
Derfor vil Inge Andre Olsen tilbake til innandørshallen Telenor Arena, som var Stabæks heimebane frå 2009 til 2011.
– Det er jo heilt naturleg at når me fyrst har kome til Europa at det blir lagt til rette for at me får spele på den einaste arenaen i Bærum som held dei måla som krevjast av UEFA.
Men det ser ut til å bli vanskeleg.
– Dei kan ikkje ta i mot oss. Det er vel betre økonomi å leige ut til andre enn Stabæk, meiner Olsen som fortel dei har sendt inn søknad utan å få positivt svar.
Må ut av kommunen
Styreleiaren i Euforum Holding som eig arenaen meiner problemet er dei usikre datoane.
– Viss ein må reservere ein heil del datoar som ikkje blir noko av, så kan ikkje det kombinerast med det andre programmet me har av både idrett og andre arrangement, seier styreleiar i Euforum Holding som eig arenaen, Diderik Schnitler.
Men styreleiaren skulle gjerne ha sett nye europacupeventyr på Fornebu.
– Viss det let seg gjere, er det ikkje noko som vil vere hyggelegare enn at Stabæk fekk spele i Telenor arena. Men det må jo passe inn i eit program, seier Schnitler.
Derfor må Stabæk sjå ut av kommunen for å finne ein arena å spele europacup på. Ullevaal og Åråsen kan vere alternativ.
– Me har eit problem og ei utfordring, konstaterer sportssjefen.