– Eg har lyst til det. Dette er siste store spydstemne for meg i år. Eg har lyst til å avslutte med ein pers. Viss ikkje blir det første sesong eg ikkje har persa, seier Borge til NRK og ler.
Bestenoteringa er på 63,28 meter. Den blei satt på eit stemne i Bærum i fjor.
EM-FINALE: Sigrid Borge hamna på ein 8. plass i EM med eit kast på 59,60.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix– Er «underdog»
I kveld er 22-åringen frå Haus på Osterøy med i det gode selskapet etter å ha kvalifisert seg til Diamond League-finalen i Zürich.
Borge seier ho forventar eit stemne med god stemning og lange kast av henne sjølv.
– Eg er ein liten «underdog», og det er litt gøy. Eg føler at eg ikkje kjem til å skuffe uansett. Dette er ein kjempebonus for meg. Det var ikkje planen at eg skulle kome hit. Eg skal sleppe meg laus og gjere så godt eg kan, seier Borge.
I sommarens EM blei det ein 8. plass med eit kast på 59,60. Årsbeste er på 62,42, og med eit «normalt» kast ville det blitt sølv.
Under NM på Byrkjelo vann ho sitt tredje noregsmeisterskap på rad, og fekk utdelt kongepokalen. Trenaren hennar er Helga Reigstad og spydkastaren har i år jobba med å få meir fart i tilløpet.
– Håpar på vind
NM-GULL: Borge vann sitt tredje NM-gull på rad under meisterskapen på Byrkjelo.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpixBorge meiner at teknikken er i ferd med å «setje seg».
– Eg er i mykje betre form enn i fjor, og no byrjar teknikken endeleg å «sitje litt». Eg er byrja å få tilbake litt sånn «heng i brystet » som eg kallar det, så eg håpar det går over persen, held Borge fram.
Ein fjerdeplass under Bislett Games i juni er hennar beste Diamond League-resultat denne sesongen. I Lausanne blei det ein femteplass etter eit godt sistekast. I London blei det ein sjuandeplass. Alt har gjeve nok poeng til å bli med i kveldens finale.
No håpar ho på nok ei topp seks-plassering. Og med «litt vind» kan det gå langt.
– No har eg hatt eit par stemne med veldig god teknikk, og heilt «døde» forhold og ingen vind. Eg håpar det blir litt luftig her i kveld. Og då forventar eg lange kast, seier Sigrid Borge.