Magnus Kim i Asia-leikene

SLAPP MILITÆRTENESTE: Magnus Kims siger i Asialeikane i fjor redda 19-åringens karriere

Foto: ISSEI KATO / Reuters

Spurten som gav stjernestatus i staden for militærteneste

Han var nokre tidels sekund frå å bli militær grensevakt. I staden blei Magnus Kim megastjerne og Koreas store langrennshåp i OL.

I februar i fjor stilte den då 18 år gamle norsk-koreanaren til start i Asialeikane med eit enormt press på skuldrene:

GAMES-ASIA/CROSS-COUNTRY

GULL: Magnus Kim låg lenge i ryggen på kinesiske Qinghai Sun i VM-byen frå 2007, men spurta ned kinesaren på oppløpet og tok gullet.

Foto: KIM KYUNG-HOON / Reuters

Ta gull, elles ryk truleg både OL og karrieren.

Alle koreanske menn under 30 år skal nemleg ha to års militærteneste. Men det er eit knøttlite smotthol for dei beste idrettsutøvarane: Dei som tar gull i OL eller Asialeikane slepp unna.

– Militæret kunne øydelagt skikarrieren min, seier han. Det var også ei enorm drivkraft i Asialeikane, spesielt i spesialøvinga sprint.

– Eg tenkte på militærtenesta undervegs, og sa til meg sjølv at dette er min einaste sjanse. Eg måtte vinne.

Bestemte seg som 12-åring

OL ville Magnus Kim ha med seg. Det bestemte han seg for alt som 12-åring. Då hadde Pyeongchang og Sør-Korea nettopp blitt tildelt vinter-OL 2018.

Magnus Kim, oppvaksen med det norske namnet Magnus Bøe, valde den «norske» idretten langrenn for OL på heimebane. For var det ikkje mykje lettare å kome på landslaget for ein nasjon der langrenn nesten er ukjent enn på det laget der nålauget er det aller trongaste?

– OL var ein av grunnane til at eg tok det valet, seier han når NRK møter han nokre dagar før OL-opninga.

Han ligg på ein benk, berre iført boxershorts, munnbind, briller og lue. Han har ikkje tid til å bli sjuk no. I sju år har han venta på denne sjansen, sjansen til å gå OL på heimebane.

Magnus Kim Bøe har både norsk og sør-koreansk pass. 12 år gammel bestemte han seg for å satse på langrenn - i OL i Pyeongchang. Nå handler det bare om å holde å holde seg frisk.

STORE MÅL: – Eg kan ikkje bli sjuk no, seier Magnus Kim nokre dagar før OL-opning. Han skal gjere langrenn stort i Sør-Korea

Vegen dit gjekk via ungdoms-OL på Lillehammer i 2016. Der blei det to gull. Men ungdoms-OL er ikkje ein stor nok konkurranse for å unngå koreansk militærteneste.

I 2017 var det Asialeikar. Der skulle avgjerda falle.

Droppa VM for OL

Kim droppa junior-VM i USA og reiste til Asia og førebudde seg i OL-løypene i Pyeongchang. Så gjekk turen til Japan og Sapporo.

Leikane opna han med sølv på 10 kilometer. Der blei det sølv. Men det var ikkje godt nok.

Så var det sprint. Der kom Magnus Kim greitt til finalen. Og den blei jamn.

På oppløpet spurta han ned den kinesiske verdscupløparen Qinghai Sun og blei asiatisk meister.

Vegen mot stjernestatus i Korea låg brått open. Sør-Korea satsar alt på at ungguten frå Bærum skal gjere langrenn stort under OL på heimebane.

– Målet er å gå vidare frå prologen på sprinten, seier Magnus Kim beskjedent til NRK nokre dagar før OL på hans heimebane opnar.

D-dagen er derfor tysdag 13. februar. Då går den klassiske sprinten.

I vinter har det kladda litt, med niandeplassen på 10 km klassisk i junior-VM som det beste resultatet. På seniornivå er 43.-plassen i sprint det beste.

– Eg trur ikkje det går ein dag utan eg tenkjer på OL, seier Magnus Kim. – Men det handlar ikkje berre om å ta medaljar. Det er også ein folkefest, seier 19-åringen, som skal gå alle distansane utanom tremila og stafetten.

Rockestjerne i fakkelstafetten

I haust blei han mottatt som ei rockestjerne då han deltok i fakkelstafetten i OL-landet. Det ser han på som ei ære.

– No kjenner eg at OL nærmar seg, og at eg tek til å bli litt tent. Eg gler meg til å bere fakkelen, sa han til NRK like før fakkel-etappen i haust.

Sjølv om det først og fremst er i løypa han gir alt for Korea, er han også stolt av at han fekk bere fakkelen i sitt heimland.

Se videoen her.

ROCKESTJERNE: Koreanarane flokka seg rundt Magnus Kim då han sprang med OL-fakkelen i Seoul i fjor haust

– Det er mange som veit kven eg er i Korea, og eg blir kjend att på gata. Eg føler meg må prestere betre for å fortene stjernestempel, men det stemmer nok at eg har blitt litt stjerne, smiler Magnus.

Berre Klæbo var betre

I 2016 var det berre to år eldre og sist sesongs store skikomet Johannes Høsflot Klæbo som var betre i junior-VM. Kim tok sølv bak trønderen både på sprinten og 10 kilometer klassisk.

– Han har mange av dei same eigenskapane som Klæbo. Stor fart og ikkje minst akselerasjon. Dei er ein del av ein generasjon som har blitt inspirert av Petter Northug til å utvikle langrennsporten enda lenger, seier NRKs langrennsekspert, Fredrik Aukland.

Fredrik Aukland

HAR TRUA: Fredrik Aukland ser mange likskapar mellom Klæbo og Kim, men understrekar at utviklinga Klæbo har hatt er langt frå vanleg.

Foto: Hege Therese Holtung / NRK

– Eg såg sjansen for å bringe skisporten til Korea og Asia. Det var ein sjanse eg ikkje kunne gå glipp av, seier Kim.

Eige støtteapparat

Sør-Koreas svar på NRK, KBS, besøkte Kim i Noreg fleire gonger etter dei to gulla i ungdoms-OL på Lillehammer. Dei har følgt han på skulen på NTG Geilo, heime i Bærum og på skirenn på Beitostølen. I fjor vinter resulterte det i ein times lang dokumentar på statskanalen

I Seoul var han det store trekkplasteret då millionbyen arrangerte skisprint i februar i fjor. Ei av dei største avisene slo det stort opp då han blei asiatisk meister like etter.

Det er ikkje rart ungguten føler seg litt som ei stjerne.

Magnus Bøe/Magnus Kim

OLYMPISK MEISTER: Under ungdoms-OL på Lillehammer i fjor tok Magnus Kim to gull og eit sølv i dei tre øvingane.

Foto: Thomas Lovelock / Ap

Med på laget er hans eige støtteapparat på to mann som det koreanske skiforbundet har hyra inn for å jobbe for Magnus heile året.

– Han er frontfiguren i det koreanske skiforbundet og blir satsa veldig hardt på. Dei støttar veldig godt opp under oss, så vi kan lykkast best mogleg i OL, seier smørjar Even Teigland.

– Det er fantastisk, eigentleg. Eg har ingen avgrensingar, forbundet har ikkje noko anna val enn å satse skikkeleg før OL på heimebane. Så eg føler eit visst ansvar for å gjere min del av jobben også, seier Magnus litt meir alvorleg.

Han kan nå fokusere på hardtreninga fram mot sitt fyrste store internasjonale seniormeisterskap, der han framleis vil vere junior. Utviklinga som to år eldre Johannes Høsflot Klæbo har hatt, gjev Magnus Kim håp om å hevde seg også i seniorsamanheng.

– Klæbo gjev massevis av inspirasjon og motivasjon. Han viser at det er mogleg.

Verdenscup i langrenn.

BAK KLÆBO: Johannes Høsflot Klæbo har tatt vanvitige steg etter at han slo Magnus Kim i junior-VM i fjor. I vinter han både vunne verdscuprenn og tatt VM-medalje.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Vil vere langrennspioner i Asia

Magnus Kim tek seg eit par rundar ekstra opp og ned bakken. Sjekkar kva for eit av dei fem skipara som har mest optimalt feste og best glid. Diskuterer med sitt eige vesle serviceteam som er der berre for han.

– Min fordel er at eg kan førebu meg i ro og fred utan å tenkje på uttak og alt presset rundt det, seier Magnus Kim til NRK i Korea.

Magnus Kim i Asia-leikene

FØLER SEG KOREANSK: Sjølv om han ikkje har budd i Sør-Korea sidan han var liten gut, føler han seg like koreansk som norsk, og snakkar språket flytande.

Foto: ISSEI KATO / Reuters

– I OL er eg først og fremst koreanar. Men eg er privilegert som får ta del i det beste frå begge nasjonar. Eg har mykje å lære av Norge, det er der eg har lært å gå på ski. Men det er for Sør-Korea eg skal prøve å ta medaljar i OL.

Satsinga rundt han er heilt optimal. Alt er lagt til rette for at Sør-Korea for første gong skal få ein skiløpar i den absolutte verdstoppen, i år eller seinare.

Det er langt frå usannsynleg, meiner NRKs ekspert Fredrik Aukland.

– Det er aldri lett å spå kven av talenta som når toppen, men Magnus har heilt klart eit stort potensial. Og om han blir ein stjerne kan han absolutt gjere ein stor forskjell og gjere langrenn langt større i Korea, meiner Aukland.

Og akkurat det er like stor motivasjon som å bli best, for Magnus.

– Det er noko i det som ligg i valet mitt om å satse for Korea. Eg vil bringe sporten vidare og gjere koreanarar kjent med langrenn. Det gjev ein god kjensle for meg. Det er liksom noko meiningsfullt i det å gjere noko nytt og lage ein ny veg.