Hopp til innhold

Nordmennene sprakk på staånde, men fekk likevel to pallplassar

Etter sprintsigeren fredag opna Lars Berger med to fulle hus på liggande. På ståande skyting sprakk derimot både han og dei andre nordmennene.

Franske Martin Fourcade presser Lars Berger på jaktstarten. Kommentatorer: Andreas Stabrun Smith og Ola Lunde

Lars Berger opna med to fulle hus, før det sprakk på dei ståande skytingane.

Emil Hegle Svendsen

Emil Hegle Svendsen gjekk inn til andreplass etter ein god jaktstart i Hochfilzen. Her etter stafettsigeren laurdag.

Foto: Kerstin Joensson / Ap

Det blei likevel to pallplassar på jaktstarten i Austerrike for nordmennene. Emil Hegle Svendsen gjekk eit glimrande løp og var berre 7,7 sekund bak vinnar Martin Fourcade i mål.

Tarjei Bøe gjekk ut som nummer fire etter siste skyting, men henta inn og gjekk forbi Christoph Sumann på den siste runden og tok tredjeplassen.

Ole Einar Bjørndalen tok femteplassen 21,2 sekund bak. Lars Berger – som vann sprinten fredag – gjekk inn til ein litt skuffande 14.-plass, 1:12,8 bak.

Vetle Sjåstad Christiansen enda på 31.-plass, medan Henrik L'Abée-Lund gjekk inn til 37.-plass.

– Kan fort bli siger

To nordmenn på pallen er ingen dårleg norsk dag, men etter to skytingar låg det derimot an til norsk siger – med Lars Berger i spissen. Han har aldri vunne ein jaktstart før, men opna med to fulle hus på liggande.

– Lars har imponert stor på liggande her. Held han roa på ståande så trur eg det blir bra, men han må orke å kjempe inn kvart einaste skot, kommenterte NRK sin ekspertkommentator Ola Lunde like før den tredje skytinga.

– Tek han ut potensialet sitt så kan det fort bli siger, meinte NRK-kommentator Andreas Stabrun Smith.

Så kom Berger inn til skyting saman med Martin Fourcade. Der blei det to bom for Berger, medan Fourcade klarte seg med éin.

Martin Fourcade

Martin Fourcade plaffa ned 19 av 20 blinkar i Hochfilzen søndag og vann framfor Emil Hegle Svendsen.

Foto: Kerstin Joensson / Ap

Vidare følgde Emil Hegle Svendsen opp med éin bom, Tarjei Bøe opp med éin bom og Ole Einar Bjørndalen opp med éin bom.

Fem franske rett ned

På siste skyting kom Fourcade inn i einsam majestet. Der plaffa han fem blinkar rett ned.

– Jada, han vinn igjen, Martin Fourcade. Då er spørsmålet kven som blir med han på pallen, sa Stabrun Smith.

Hegle Svendsen, Bøe og Bjørndalen skaut alle fullt, og dei to førstnemnde tok andre- og tredjeplassen.

Lars Berger følgde opp med tre nye bommar, og måtte surt og bittert skli over målstreken til ein skuffande 14.-plass.

Martin Fourcade vant jaktstarten, 7 sekunder senere var Emil Hegle Svendsen over målstreken selv og endte på andreplass. Kommentatorer: Andreas Stabrun Smith og Ola Lunde

Emil Hegle Svendsen henta inn nesten 20 sekund på Martin Fourcade i løpet av den siste runden, men franskmannen hadde likevel kontroll og vann.

Martin Fourcade startet ensom på siste skyting under jaktstarten. Kommentatorer: Andreas Stabrun Smith og Ola Lunde

Martin Fourcade gjorde alt perfekt på siste skyting. Lars Berger måtte ut i tre strafferundar til, medan Emil Hegle Svendsen og Tarjei Bøe og Ole Einar Bjørndalen klinka til med fulle hus på siste skyting.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal