Skritteljaren hadde for alvor gått varm under roaranes første dag i EM. Etter enda arbeidsdag, viste Berge si klokke 43.000 skritt og uskyldige tre mil.
Totalt har han gått 109.000 skritt på tre dagar. Resten av støtteapparatet ligg på rundt 80-90.000 skritt.
– Eg kjenner det greitt i kroppen dagen etterpå, men så brukar eg noko fysio-triks for å halde den gåande. Så eg har førebels unngått nokon skader, då, seier Berge spøkefullt til NRK.
Det er slik ein typisk dag på verdscup og andre internasjonale meisterskap ser ut for sportssjefen, som òg fungerer som fysioterapeut for ro-landslaget.
– Det er mykje skritt, og full gass frå morgon til kveld. Det er slik det pleier å vere. Det er livet med roing, seier han.
ENORME TAL: Biletet til venstre er frå laurdag 13. august. Biletet til høgre viser all gåinga frå EMs opningsdag torsdag 11. august.
Foto: PRIVAT– Altmoglegmann
Berge sin dag startar vanlegvis i seks-draget. Støtteapparatet et frukost saman, før det ber veg til bana. Der fiksar dei teltet, hentar vatn, sørgjer for å vere vassgut på brygga, samstundes som Berge må behandle utøvarane mellom slaga.
RESSURS: Daniel Berge sørgjer for at utøvarane har det best mogleg under meisterskap.
Foto: Ksenia Novikova / NRKSå er det å fly rundt og hente drikkeflasker, før han omsider får i seg litt lunsj. I mellom utøvarane sine løp, fortset arbeidet.
– Eg er ein veldig altmoglegmann, men eg får heldigvis slappa litt av på bussen til og frå bana, seier han.
Køyret held fram når utøvarane kjem tilbake frå trening.
– Då er det behandling og møter som gjeld. Ein kjenner det godt når ein er på verdscup, EM- og VM-helger.
– Har du noko behov for å trene i tillegg?
– Ja, eg er jo fysioterapeut, så eg er oppteken av å få trena litt, men det blir litt og litt mindre overskot utover i veka, om det er lov å seie. Ein kjenner på at ein er i gong heile tida, og det gjeld alle av oss. Det har blitt ein god greie for oss, å halde oss i gong.
Det er med andre ord eit høgt forbruk av joggesko.
– Eg byter sko ganske ofte. Eg slit dei ut ganske fort, seier han.
KONTROLL: Daniel Berge på brygga.
Foto: Ksenia Novikova / Nrk– Heilt kaputt
Kjetil Borch har hatt gleda av å jobbe med Berge i 14 år. Han var trenaren hans på veg til junior-VM i 2008, og fortel at Berge, Olaf Tufte og Borch har vore ein trio i alle år.
Han blir ikkje overraska over skrittnivået til sjefen sin, men forstår så vidt korleis det er mogleg.
– Daniel har dagleg dobbelt så mange skritt som då eg gjekk opp Galdhøpiggen på treningsleir i sommar. Den dagen var eg heilt kaputt. Eg trur det seier litt, seier Borch og held fram:
– Daniel går rundt her nede i 32 grader, gløymer å drikke og passar på alle andre. Han er det minst egoistiske menneske eg veit om.
VIKTIG: Kjetil Borch saman med Daniel Berge etter B-finalen i EM søndag.
Foto: a7III-ENG7 / a7III-ENG7– Kva er din rekord på skritt?
– Det var nok då eg sprang 38 kilometer på eit løp i Stavanger. Eg trur eg var oppe i 38.000 den dagen. Då klarte eg ikkje å gå på fleire dagar, seier Borch.
Enorm betyding for laget
Sølvvinnaren frå OL i Tokyo veit ikkje kva han skulle gjort utan Berge ved si side. Sportssjefen fungerer som telefonkontakt til alle døgnets tider, ein støttespelar og til tider terapeut.
Eit minne frå siste verdscup før OL meiner Borch er eit tydeleg bilete på kor viktig Berge er for laget.
NÆRE: Kjetil Borch og Daniel Berge.
Foto: Ksenia Novikova / NRK– Då vakna eg før alarmen, med kjensla om at nokon hadde slått meg i ryggen med eit balltre. Eg fekk så vidt puste, og hadde så vondt at eg kasta opp. På fem minutt var eg på benken til Daniel.
– Han behandla, sørga for drikke, sørga for at syklane var stilt, teltet var oppe og kaffien var slått på. Alt var på stell. Så gjekk vi ut derifrå og knuste regjerande verdsmeister, olympisk meister og alt som hadde vunne dei siste verdscupane. Han gjer alt med ti av ti poeng, seier Borch.
Sportssjefen har hatt ein stor innverknad i Borchs karriere.
– Han har vore ein kjempetryggleik, og mannen som inspirerte meg til å halde fram med roing. Det er berre han som får legge ei hand på meg før ein OL-finale. Det har gått fint så langt, seier han.
Verdt slitet
Berge spøker og tullar, men årsaka bak all gåinga er eit meir alvorleg tema.
– Grunnen er at vi er få. Ressursane er knappe, så vi må gjere meir kvar enkelt. Slik har det alltid vore. I tillegg er vi eit veldig stort lag. Vi må bruke dei ressursane vi har, utover dei arbeidsoppgåvene vi er tilset til, seier han.
Likevel ville han ikkje vore forutan jobben.
– Du må ha ein ekstrem driv?
– Eg har vore med i ein god del år, og eg elskar jo dette her. Det er ein herleg gjeng å jobbe med, og å få vere saman med dei betyr veldig mykje. Samhaldet er ekstremt viktig for meg, seier Berge.
STOLT: Her saman med Birgit Skarstein etter EM-gullet.
Foto: Ksenia Novikova / NRK