Hopp til innhold

Spøkefull Carlsen på USA-tur: – Treng verkeleg pengar for å finansiere dyre vanar

Medan langsjakk-VM spissar seg til i Kasakhstan, har Magnus Carlsen vore på ferie i USA og verkar fornøgd med å følgje kampen frå avstand.

Carlsen Botez

SJAKK-PARTY: Magnus Carlsen ferierer i USA, der han mellom anna speler sjakk med Botez-søstrene på den populære kanalen deira. Samtidig kjem det oppsiktsvekkjande påstandar om nordmannen ut av Russland.

Foto: BotezLive/Twitch

– Eg sa frå meg VM-kampen for dette!?

Det ropte Magnus Carlsen under ei sending med dei populære, amerikanske sjakkstreamerne Alexandra og Andrea Botez. Med solbriller på og partymusikk i rommet.

For medan Jan Nepomnjasjtsjij og Ding Liren kjempar om å bli verdsmeister i sjakk, har nordmannen sagt frå seg tittelen og heller reist på tur til USA.

Det var ein artig kontrast til å sitte og spele VM, seier Carlsen om USA-turen i podkasten «Sjakksnakk».

Der har Carlsen spelt i ei celeber pokerturnering, vore på prisutdeling med Robert Downey Jr., James Corden og andre kjendisar, og sjølvsagt spelt sjakk på nett.

– Eg treng verkeleg pengar for å finansiere dyre vanar som å drikke, spøkte Carlsen undervegs i pokerturneringa, ifølgje Wall Street Journal.

– Så eg burde nok ta det ganske seriøst, sa han.

9th annual Breakthrough Prize ceremony

PRISUTDELING: Magnus Carlsen var til stades under Breakthrough Prize Ceremony, ei prisutdeling til vitskapsfolk.

Foto: JUAN PABLO RICO / AFP

NRKs sjakkekspert Torstein Bae trur Carlsen lever godt med at VM-kampen går utan han.

– Han er nok komfortabel med det valet han har teke. Viss han skulle vore med, hadde det vore mange månader med harde førebuingar og trening i forkant. Men det er sjølvsagt synd for alle oss som hadde gledd oss til å sjå han.

– Overraskande fengjande

Samtidig som Carlsen nyt livet i USA, er det ein dramatisk kamp over brettet i Kasakhstan.

Carlsens tidlegare VM-motstandar Nepomnjasjtsjij har så langt vunne tre parti, noko Ding også har gjort, i ein kamp med uvanleg få parti som endar med remis. Stillinga er no 6,5-6,5.

– På den eine sida er det traurig utan Carlsen. På den andre har det vore ein overraskande fengjande kamp, med mange avgjorde parti og drama. Det er vi ikkje vann til frå kampar med Magnus, seier Bae.

NRKs sjakkekspert Torstein Bae avbildet i sjakkstudio på Marienlyst

EKSPERT: Torstein Bae.

Foto: Lars Bryne / NRK

Fem av dei ni første partia mellom russaren og kinesaren har enda med siger til éin av dei. Til samanlikning enda alle dei 12 partia mellom Carlsen og Fabiano Caruana i 2018 med remis, før VM-kampen vart avgjord i omspel.

– Kvaliteten på kampen er lågare enn vi er vande til å sjå med Magnus, meiner Bae om årets VM-duell.

– Kjøper ikkje det

Carlsen har tidlegare argumentert for at ein bør sjå på korleis ein kan endra på VM-formatet, og har sjølv spelt meir lyn- og hurtigsjakk dei siste åra.

Han har vore open om at han ikkje lenger er motivert for dei lange førebuingane ein VM-kamp krev, og er ikkje einig i at dei store svingingane i årets VM-kamp beviser at langsjakken lever i beste velgåande.

Det kjøper eg ikkje i det heile tatt. Det man ser her er at folk ikkje prøver å vere destruktive i same grad. Då blir det parti ut av det. Det er noko heilt anna når folk prøver å vere destruktive, seier Carlsen i Sjakksnakk.

Eit potensielt avgjerande parti i VM-kampen spelas laurdag. Om partiet endar med remis og spelarane har like mange poeng, må dei ut i omspel søndag 30. april.

– Kan knapt kalle det ein meisterskap

Nordmannen bestemde seg i fjor for å gi frå seg verdsmeistertittelen – etter ti år som regjerande meister. Fleire har utvist stor misnøye og sakn over Carlsens fråvær i VM-kampen.

– Eg kan knapt kalle det ein verdsmeisterskapskamp, sa tidlegare verdsmeister Garry Kasparov i mars, ifølgje Wall Street Journal.

Les også: Desse bileta set sinne i kok: – Burde vore ein privat augneblink

Ding Liren
Ding Liren

– For meg burde verdsmeisterskapen inkludere den sterkaste spelaren på planeten, og det gjer ikkje denne kampen, sa den tidlegare storspelaren òg.

Det er Bae samd i. Han trur Carlsen beheld statusen som nummer éin, sjølv om han ikkje har tittelen til å bevise det.

Same kven som vinnar av desse to, er status at alle tenkjer at Carlsen framleis er den beste i verda, også i langsjakk. Den einaste måten det kunne vorte reist spørsmål, var om ein av dei vann enormt, meiner NRKs ekspert.

– Ikkje nære

Magnus Carlsen og Peter Heine Nielsen

TRENAR: Heine Nielsen har hjelpt Carlsen i ei årrekkje.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

Carlsen har uttalt at han ikkje er motivert nok for ein ny VM-kamp. No følgjer han tilsynelatande kampen frå sidelinja.

Trenaren til den norske sjakkongen, Peter Heine Nielsen, meiner eleven har eit godt forhold til begge spelarane i årets kamp.

– Vi hadde ein felles treningsleir med Liren. Han (Carlsen) er ikkje nære med nokon av dei, men dei er gode kollegaer og snakkar hyggjeleg med kvarandre, seier han til NRK.

Siste nytt

  • Carlsen knuste Nakamura i ny gigantduell

    Magnus Carlsen brukte bare tre partier på å beseire Hikaru Nakamura i årets sjette Champions Chess Tour-turnering mandag.

    Dermed fikk en formsterk Carlsen en drømmestart på turneringen.

    Mandagens duell ble spilt over fire partier hurtigsjakk. Der innledet Carlsen med en overbevisende seier, før det ble remis i parti nummer to.

    Deretter leverte den norske sjakkstjernen et nytt kjempeparti med hvite brikker. Carlsen skaffet seg raskt et solid overtak i stillingen, og til slutt ga Nakamura opp.

    – Det er ikke gøy å tape på tre partier mot en av dine argeste konkurrenter, sa TV 2s sjakkekspert Jon Ludvig Hammer.

    I forkant av duellen var Carlsen tydelig på at Nakamura er spilleren han legger mest prestisje i å møte om dagen.

    – Ja, definitivt. I hvert fall når det ha ndlert om lynsjakk eller raskere enn det, sa han til TV 2. (NTB)

    Norway Chess
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Nye skadeforfall for Norge - Bjelde og Nautnes ute

    Søndag kom beskjeden om at Caroline Graham Hansen ble skadet under fredagens kamp mot Østerrike og dermed ikke var blant spillerne som reiste sydover for kampen mot Portugal tirsdag.

    Mandag ble det også klart at Emilie Nautnes ikke blir med i tirsdagens kamp. Angriperen var ubenyttet reserve under kampen mot Østerrike.

    Pressesjef Halvor Lea opplyser til NRK at Nautnes ikke ble med til Portugal på grunn av en skade.

    – Hun fikk en smell i ankelen og vi tok beslutningen om at hun ikke ble med rett før vi reiste, sier trener Leif Gunnar Smerud.

    Med til Portugal er Thea Bjelde. Forsvarsspilleren startet kampen mot Østerrike, men ble byttet ut i pausen etter å ha fått seg en smell.

    – Er hun klar til å starte i morgen?

    – Nei. Hun er ute, sier Smerud.

    Treneren bekrefter at årsaken er smellen Bjelde fikk mot Østerrike, etter at landslagsteamet testet hvordan Bjelde lå an på mandagens trening.

    – Det er synd for Thea og synd for oss. Hun gjorde en veldig god figur den omgangen hun spilte mot Østerrike, men nå er hun ute. Da må vi finne en erstatter.

    Thea Bjelde
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Friidrettsstjernenes sjef åpner for å bli Bjervig-erstatter

    Friidrettstoppen Erlend Slokvik sier han vil lytte dersom Norges Skiforbund skulle ønske ham som Espen Bjervigs erstatter som langrennssjef.

    Det er Adresseavisen som har spurt Slokvik hvordan han ville stille seg til en eventuell henvendelse fra skiforbundet.

    – Blir jeg forespurt, vil jeg vurdere det. Har foreløpig kontrakt i friidrett fram til Paris-OL i 2024, sier friidrettstoppen til avisen.

    Slokvik har vært sportssjef i Norges Friidrettsforbund siden 2018. (NTB)

    Erlend Slokvik på en pressekonferanse.
    Foto: Gorm Kallestad / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Ler etter den offentlige oppvasken: – Skal ha tykkere vegger 00:46
Neste