Hopp til innhold

Spelte på Ikea sitt bedriftslag, no er han VM-stjerne

Fredag skal Odion Ighalo prøve å senke Island i fotball-VM. Utanlandskarrieren starta på Ikea sitt bedriftslag i Groruddalen.

Odion Ighalo

STJERNE: Odion Ighalo i aksjon i VM til høgre. Til venstre avbilda med agent Atta Aneke medan han var i Watford.

Foto: PRIVAT / REUTERS

Det skjedde då Odion Ighalo blei henta til Norge for å prøvespele med Lyn.

Agent Atta Aneke hadde henta Ighalo til Norge saman med Kim Ojo. Dei norske laga hadde tatt påskeferie, og spelarane heldt seg i form på andre måtar.

Dei budde på loftet hos Atta Aneke, og spelte på bedriftslaget til Ikea.

– I tillegg til å trene med Ikea sitt bedriftslag tok vi oss dessutan mange joggeturar i Furuset-området. Eg trudde eg var i bra form, men dei måtte stadig stoppe og vente på meg, flirer Atta Aneke – den gongen både agent, Ikea-tilsett og Oslo City-spelar.

Odion Ighalo

I LYN: Ni mål på 20 eliteseriekampar for Lyn gjorde at Odion Ighalo vart kjøpt opp av den italienske klubben Udinese.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Etter rundt ein månad fekk Ighalo kontrakt med Lyn. Reglane på den tida for spelarar utanfor EU-systemet gjorde at det ikkje vart plass til Ojo.

Men via eit opphald i Nybergsund-Trysil hamna han i Brann, der han gjorde stor suksess. Seinare har Ojo spelt for mellom andre Genk i Belgia og no Lyngby i Danmark.

– Ville ikkje dominere for mykje

– Eg er litt usikker på om Odion og Kim gjorde sitt beste på desse treningane. Det vart litt som når vaksne spelar mot ungar. Dei ville ikkje dominere for mykje. Det var snilt gjort, humrar Atta Aneke i dag.

Det var i 2007, heilt i starten av Aneke sin agentkarriere, at han reiste til Nigeria for å sjå på interessante spelarar. Der fekk han auge på Odion Ighalo og Kim Ojo.

– Eg såg fort at desse passa inn i den norske Eliteserien. Det handla ikkje berre om det fotballmessige, men også at dei var audmjuke og lærevillige, fortel Aneke.

I første omgang vart det ingen Norge-tur på dei to talenta. Men så ringde duoen frå Tyskland, der dei hadde trena med ungdomslaget til Hertha Berlin. Tenåringane lurte på om Aneke kunne ordne dei ein klubb i Norge.

Atta Aneke, Odion Ighalo m. fl.

AGENT: Atta Aneke (nummer tre frå venstre) saman med Odion Ighalo då han var spiss på Watford.

Foto: Privat

– Ei fantastisk reise

Odion Ighalo har det gått endå betre med. Allereie etter eitt år i Lyn hamna han i italienske Udinese. Frå 2014 til 2017 gjorde Ighalo kjempesuksess i Watford, både i Championship og Premier League.

No bøttar han inn mål for kinesiske Changchun Yatai og er spiss på det nigerianske landslaget.

Ighalo

STJERNE: Odion Ighalo scora 36 seriemål for Watford i løpet av to og ein halv sesong. 15 av måla kom i Premier League-sesongen 2015–2016.

Foto: Eddie Keogh / Reuters

– Det har vore ei fantastisk reise å følgje Odion – både som spelar og person. Spesielt var det stort då han slo gjennom i England, seier Atta Aneke, som framleis er Ighalo sin agent.

Nigeria fekk ikkje den beste opninga på VM med 2-0-tap mot Kroatia. Skal håpet leve om vidare avansement må dei slå Island i dag.

– Eg har stor tru på at dei kan hale i land ein siger, seier Aneke.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Fire argentinske fotballspillere arrestert for voldtekt

    Fire profesjonelle fotballspillere i Argentina ble mandag pågrepet for å ha voldtatt en kvinnelig sportsjournalist på et hotellrom tidligere denne måneden. Den 24-år gamle kvinnen sier hun ble med på et hotellrom med en av dem, sovnet, og ble voldtatt, melder AFP.

    Toppklubben Velez Sarsfield har suspendert de fire og satt i gang en intern etterforskning.

  • Tidligere Brann-profil dropper skjebnekamper – nå beklager han til lagkameratene

    Tidligere Brann-spiller Robert Taylor skapte irritasjon da han takket nei til å spille for Finland i torsdagens EM-skjebnekamp mot Wales. Nå forklarer han seg.

    Taylor, som også har en fortid i Tromsø, spiller til daglig sammen med superstjernen Lionel Messi i Inter Miami.

    Kampen mot Wales er semifinale i omspillet i nasjonsligaen.

    – Jeg har stor tro på at Finland i disse svært viktige kampene trenger spillere som er hundre prosent i form, slik at vi forhåpentligvis kan sikre oss en plass i EM. Det hadde vært egoistisk av meg å ta denne muligheten fra en annen spiller, skriver Taylor på Instagram.

    – Fordi dette var en svært vanskelig avgjørelse å ta, tok det lengre tid enn forventet å komme fram til denne løsningen. Jeg vet at det har satt laget i en utfordrende situasjon, så jeg vil be om unnskyldning til lagkameratene og trenerne mine, legger han til. (NTB)

    Taylor
    Foto: AP
  • Konow med sammenlagtseier i verdencupen i telemark

    Kaja Bjørnstad Konow tok sammenlagtseieren i øvelsen klassisk distanse i verdenscupen i telemark mandag.

    Det var Konows første sammenlagtseier i verdenscupen.

    Den norske profilen tok annenplassen i mandagens avslutningsrenn i franske Pra Loup. Det holdt til å ta verdenscupkula hjem til Norge.

    Konow vant med 30 poeng ned til franske Augustine Carliez, og hadde 76 poeng til en annen fransk løper, Laly Chaucheprat, på tredjeplassen.

    Gøril Strøm Eriksen sørget for en god norsk dag mandag med tredjeplass i avslutningsrennet.

    På herresiden er Trym Nygaard Løken tilbake for fullt i verdenscupen. Han tok seieren i herrenes renn og var 1,9 sekunder foran franskmannen Elie Nabot.

    Jacob Alveberg kjørte inn til femteplass. (NTB)

    Kaja Bjørnstad Konow
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal