Hopp til innhold

Speler 14 timar om dagen: – Familien min har ikkje alltid vore positive

E-sportsutøvar Håvard «Rain» Nygaard (28) jobbar intenst for å forsvare tittelen i den gjævaste turneringa i dataspelet Counter-Strike. Men vegen dit har vore kronglete.

Nygaard FaZe

KONSENTRERT: Håvard Nygaard er blant dei beste spelarane i verda, og det kjem etter mange timar av framfor skjerm.

Foto: Krystian Pilawa

– Eg har ofra mykje for å komme hit eg er i dag, seier Nygaard til NRK.

Frå 31. oktober til 13. november arrangerast CS-meisterskapen i Global Offensive i Brasil.

Nygaard, som er frå Florø, speler for Faze Clan som er dei regjerande meistrane og er rangert som det beste CS-laget i verda.

FaZe Clan

FaZe Clan vann PGL Major Antwerp i vår. No skal dei forsøke å forsvare tittelen.

Foto: Stefan V. Petrescu

Dei regjerande meistrane har i ni dagar hatt ein treningsleir, der dei har auka treningstimane betrakteleg.

– «Rain» er ekstremt dedikert både som spelar og utanfor spelet, seier Eddie Han, leiar for Faze Clan til NRK.

14 timar om dagen

Mange foreldre ville nok ha åtvara mot å bruke fleire timar med skjermtitting, som Faze Clan gjer, for å unngå «firkanta auge».

– Sunt eller ikkje sunt. Det er det som skal til for å hevde seg i toppen. Denne sporten har utvikla seg ekstremt mykje dei siste åra og trening og ernæring er heldigvis ein viktig del av det, seier e-sportskommentator Anders "aNdz" Kjær.

– Vi trenar alle kvardagar og av og til søndagar. Vi må møte opp klokka elleve på dataen. Der går trenaren vår gjennom analysar frå dei siste kampane, seier Faze-spelaren.

Håvard Nygaard

SUPERSTJERNE: «Rain» er opphavleg frå Florø og er den desidert beste norske CS-spelaren.

Foto: Cooper Neill / AFP

– Etter analysen har vi åtte timar trening, med berre ein time pause. Det er veldig gøy å ha ein sånn kvardag, og eg liker det med jobben, men sjølvsagt er det utmattande òg, fortel han.

Nygaard var på bootcamp i Polen, kor det blei spelt 12 til 14 timar om dagen. Han fortel at dei fleste begynte å gå lei dei sise dagane.

– Vi speler mykje, og det går ikkje an å bli meir førebudd enn det vi er no, flirer superstjerna.

Fekk ikkje mykje støtte frå familien

Noko av det vanskelegaste med å bli proff innan e-sport er å få medhald frå familien – særleg når ein jobbar mot det målet som ungdom. Det å leggje inn mange timar framfor skjermen i tide og utide kan by på problem heime.

– Familien min har ikkje alltid vore positive, og det har ikkje vore lett.

Samtidig har vennene hans som ikkje speler blitt irritert då han har sagt nei til å møte dem. Omsider fekk han foreldra på si side.

– Det tok litt tid, men mor mi vart overtalt etter mi første betaling. Men før det var det ikkje mye støtte, seier han.

Nygaard bilde 3

STORT PUBLIKUM: Nygaard og Faze Clan fikk en voldsom mottakelse i Köln i juli.

Foto: Krystian Pilawa

– Då skjønte dei at det var meir mogleg og dei gav meg den fulle støtta, men før det var det ikkje mykje støtte, innrømmer Nygaard.

E-sportskommentator Kjær kjenner seg at i problemstillinga med familien.

– Det er sammenlignbart med andre idrettar kor man reiser mykje. Man kan vere på reise fire månader av året. Det er mykje som må ofres og det sosiale må setjast på vent, seier han til NRK.

Får hatmeldingar

Etter å ha vorte proff har han også fått mange meldingar i innboksen frå rasande e-sportsfanatikarar.

– Ein får mykje hat på sosiale medium. Personleg blir eg ikkje påverka av meldingane, seier Nygaard.

Det skal i hovudsak vere snakk om personar som setter store pengesummar på spelarane. Når det da ikkje går vegen, får e-sport-stjerna høyre det.

I meldingane blir han utpeikt som «svakeste leddet» i Faze.

– Eg kjenner at meldingane blir som bensin på bålet. Det gir meg meir motivasjon.

Nygaard Faze

FÅR MOTIVASJON: Nygaard fortel at hatmeldingane ga han motivasjon til å bli MVP, turneringens beste spelar, i fjor.

Foto: Krystian Pilawa

Den store turneringa blir arrangert to gongar i løpet av eit år. Faze gjekk til topps då dei slo Natus Vincere (NAVI) i finalen i Antwerp i mai. Nygaard vart dermed den første nordmannen til å vinne denne turneringa.

Vinnaren stikker av med ein millionar dollar.

– Målsetjinga for oss er å vinne igjen. Eg har stor tru på at vi kan få det til òg. NAVI og Vitality er også to gode lag som kjempar om å vinne, seier han.

Sportsnyheter

NM-fotball, cupfinale for menn 2023: Bodø/Glimt - Molde

Molde snøt Glimt for «the double» etter tabbemål: – Ekstremt unødvendig

Molde klarte igjen å stanse Kjetil Knutsens seiersmaskin i en cupfinale. Avgjørelsen falt da Glimt klønet det til for seg selv helt mot slutten av kampen.

Svensk landslagssjef legger seg flat etter finale-manøver – får utestengelse og bot

Johannes Høsflot Klæbo var suveren i comebacket i Östersund, men det var en svensk trener på ville veier som ble den store snakkisen.

Siste nytt

  • Graham Hansen med scoring og assist i Barcelonas målfest

    Caroline Graham Hansen noterte seg med både mål og målgivende da Barcelona høvlet over Eibar i 5-0-seieren på hjemmebane i spansk fotball.

    Dermed forlenger den katalanske klubben seiersrekken til elleve strake denne sesongen. Det betyr også at de fortsatt har til gode å avgi poeng.

    Graham Hansen scoret kampens første mål etter 57 minutter, før hun bare ett minutt senere serverte Esmee Brugts på 2-0-scoringen.

    Ingrid Syrstad Engen spilte også hele kampen for Barcelona. (NTB)

    Graham Hansen
    Foto: PAU BARRENA / AFP
  • De norske herrene på pallen i lagtempo

    Peder Kongshaug, Hallgeir Engebråten og Sverre Lunde Pedersen gikk inn til 3.46,50 på lørdagens lagtempo i verdenscupen på skøyter. Det holdt til 3.-plass.

    Den norske trioen måtte gi tapt for det italienske laget som fikk 3.45,38. I et senere par noterte USA vinnertiden 3.44,85.

    Norge og Italia gikk i samløp. Etter å ha hatt en knapp ledelse underveis, klarte ikke de norske å holde unna italienernes sluttspurt.

    Peder Kongshaug, Hallgeir Engebråten og Sverre Lunde Pedersen gikk inn til 3.46,50 på lørdagens lagtempo i verdenscupen på skøyter. Det holdt til 3.-plass.

    Den norske trioen måtte gi tapt for det italienske laget som fikk 3.45,38. I et senere par noterte USA vinnertiden 3.44,85.

    Norge og Italia gikk i samløp. Etter å ha hatt en knapp ledelse underveis, klarte ikke de norske å holde unna italienernes sluttspurt. (NTB)

    ISU World Cup skøyter - Stavanger 2022
    Foto: Jan Kåre Ness / NTB
  • Sparta kjørte over Vålerenga på Jordal

    Vålerenga var sjanseløse da Sparta kom til Jordal Amfi og vant 5-1, mens Storhamar fikk en komfortabel 3-1-seier over Comet i eliteserien i ishockey.

    Dermed økte Storhamar luken på toppen av tabellen. Den er nå på fire poeng ned til Vålerenga.

    Seieren var Storhamars niende strake. Sist gang de tapte, var borte mot Vålerenga 4. november (1-4). Før det sto de også med tolv seirer på rad.

    Stavanger Oilers vant 4-1 borte mot Lillehammer, mens Frisk Asker sikret 4-3-seier hjemme over Ringerike Panthers.

    Tidligere lørdag gikk Stjernen seirende ut med 7-6 etter forlengning hjemme mot Lørenskog. (NTB)

    Sparta Sarpsborg
    Foto: Christoffer Andersen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal