Hopp til innhold

– Norling kan ikkje skåre måla for oss

I går vart Rikard Norling tatt i mot som ein konge av supporterane. Også spelarane i SK Brann er glade for at svensken tek over roret. – Men vi må prestere, seier Amin Askar (28).

Brann slo Molde

JUBEL: Spelarane er nøgd med at Brann-leiinga har henta ein merittert trenar til Bergen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Det blir ein stor opptur å starte med ny spenning. Men elles gjeld det same som før. Vi må prestere, Norling kan ikkje skåre måla for oss

Amin Askar

– Han er den mest meritterte av kandidatane, så vi er veldig nøgd med å få den beste trenaren, seier Amin Askar til NRK dagen etter at Rikard Norling vart presentert som ny trenar på Brann stadion.

Fansen fyrte opp bluss og hadde allereie laga nye songar til svensken då han vart presentert som ny Brann-trenar på ein pressekonferanse i går kveld. Norling sjølv tok det heile med eit stort smil. Askar seier spelarane er glade for at den nye trenaren er godt teke imot av supporterane.

– Det har vore ein veldig hallelujastemning, men det er berre positivt. Det skapar forventningar og ny entusiasme. Vi gler oss til å koma i gang. Mottakinga i går var sinnssjuk. Det lukta brent på gymmen så vi flaug rundt å lurte veldig på kva som skjedde, ler Askar.

– Han er «lugn»

28-åringen har ikkje møtt sin nye sjef enno, men seier han har danna seg eit godt inntrykk.

– Han verkar tilbakelent og full av sjølvtillit, smiler Askar og seier spelarane gler seg til første trening.

– Det blir ein stor opptur å starte med ny spenning. Men elles gjeld det same som før. Vi må prestere, Norling kan ikkje skåre måla for oss, seier høgrevingen.

Saka held fram under videoen

I går blei han tatt i mot med jubel.I dag var første arbeidsdag, og Branns nye trenar har allereie begynt jakta på nye spelarar.

SJÅ VIDEO: Rikard Norling hadde sin første arbeidsdag som Brann-trenar. Reporter: Johannes Morland|Foto: Christine Kongsvik

– Mange inntrykk

Bengalske lys for Norling

Slik såg det ut på Brann Stadion då Norling vart ønskt velkommen av fansen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Sjefen sjølv seier det var mange inntrykk å ta inn etter gårsdagens pressekonferanse.

– Eg merka det når eg kom til hotellet etter alt i går. Det var utruleg mange inntrykk, men det viktigaste er at eg kjente meg veldig velkommen. Det er eit tydeleg bodskap om dei forventar at vi og teamet jobbar og gjer vårt beste, seier Rikard Norling.

Han har brukt dagen i møte med leiarar og stab i Bergen. Som dagleg leiar Roald Bruun-Hansen fortalde til NRK i går, er Norling allereie lova midlar til å erstatte Bård Finne og Fredrik Nordkvelle

– I dag har vi prata om korleis arbeidet mitt blir, og vi har snakka om støtteapparat og spelarstall. Korleis det ser ut og korleis det kan sjå ut.

Skal studere stallen

Rikard Norling pressekonferanse

Norling har brukt dagen i møte med Brann-leiinga.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Norling seier han skal bruka tida framover til å studere videoar av kampar som er spelt, slik at han får eit totalbilete til dei byrjar med treningane att.

– Det handlar om å førebu slik at spelarane får dei føresetnaden som skal til for at dei slår ut i full blomst.

Optimismen rår i hjå supporterane, bedrifter og føretak som er tilknytt klubben. Norling meiner det er viktig for å skapa suksess.

– Det er jo veldig bra om det er slik. Eg kjem her og kan ikkje skilja mellom det som er no og det som har vore. Men optimismen gjer at det blir ein god grobotn for å skapa noko bra her.

Vil ha nye spelarar

Amin Askar vart samd om ny kontrakt på fire år med Brann i oktober. Ein av føresetnadane var at klubben skulle signere nye spelarar.

– Eg er her for å vinne, og vi treng å forsterke stallen for å ta steget opp. Nye spelarar er velkomne, avsluttar Askar.

Norling vert ønskt velkommen av spelarane på Twitter

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Siste nytt

  • Spanske myndigheter griper inn – skal «overvåke» landets fotballforbund

    Spanias fotballforbund har havnet under lupen til den spanske regjeringen som følge av flere skandaler det siste året.

    Forbundet skal de neste månedene «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD).

    – Regjeringen vedtok denne avgjørelsen for å rette opp i den alvorlige situasjonen RFEF er i, slik at forbundet kan fornye seg under stabile forhold, står det i en melding fra CSD.

    Idrettsrådet har tette bånd til Spanias idrettsdepartement.

    Det har stormet rundt landets fotballforbund siden det mye omtalte kysset på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Da ble nybakt verdensmester Jenni Hermoso kysset på munnen av Spanias daværende fotballpresident Luis Rubiales.

    Senere trakk Rubiales seg fra vervet på grunn av bråket som fulgte, men ro i RFEF ble det ikke.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon. (NTB)

    Soccer Spain Rubiales
    Foto: Manu Fernandez / AP
  • Helseth og Kavlie rett til finale i ro-EM

    Thea Helseth og Inger Kavlie rodde Norges dobbeltsculler til heatseier og booket finaleplass på EMs første dag.

    Den nykomponerte duoen fikk tiden 6.51,81 og vant det andre heatet med over ett sekunds margin på Romania.

    Resultatet betyr at Helseth og Kavlie slipper å ro oppsamling og kan se fram mot søndagens A-finale i ungarske Szeged.

    Nylig var Helseth på pallen med Jenny Rørvik i verdenscupen, men i EM ble Rørvik byttet ut med Kavlie. Trioen kjemper om to plasser i båten i OL. (NTB)

    sq1_1fpr_pQ
    Foto: NTB
  • TV 2: Patrick Thoresen sier ja til å spille for Norge i ishockey-VM

    Det bekrefter hovedpersonen selv til TV 2.

    Thoresen sier han og landslagssjef Tobias Johansson har hatt tett kontakt den siste tiden.

    – Det har tent en liten glød i meg. Jeg kjente for to, tre år siden at jeg var ferdig med landslaget og at jeg hadde gjort mitt. Men nå har jeg har hatt en veldig god sesong i en alder av 40, og når landslagsledelsen ser noe i meg, og sier jeg kan bidra med noe både på og utenfor isen, så vekker det noen følelser jeg trodde var borte, sier han til TV 2..

    Thoresen ga seg på landslaget før VM i 2022, men har nå snudd.

    Patrick Thoresen
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal