Spektakulært sjølvmål og assist
Jakob Glesnes og hans Philadelphia Union var involvert i eit målkalas natt til søndag, då dei vitja Chicago Fire i MLS.
Og for Glesnes blei kampen ein liten berg-og-dalbane. Like etter at kampuret hadde runde eitt minutt forsøkte Glesnes å blokkere eit innlegg frå venstre. Men i taklingsforsøket enda nordmannen opp med å flikke ballen i ein elegant boge over sin eigen målvakt og i mål.
Så følgde 17-årige Quinn Sullivan opp med å utlikne på eit brassespark, før Glesnes fekk gjere det godt igjen.
For det var nordmannen som var nest sist på ballen på Philadelphia sin 2–1 skåring like før pause.
Nordmannen spelte heile kampen som til slutt enda 3–3.