NRK Meny
Normal

Sparta sjokkerte serieleiaren, Oilers kan juble

Vålerenga har leia Eliteserien i ishockey i størstedelen av sesongen. Tysdag kan regjerande meister Stavanger Oilers vippe dei ned frå tronen - etter hjelp frå Sarpsborg søndag.

Sparta Sarpsborg

Sparta Sarpsborg kunne juble for siger borte mot Vålerenga. Her blir Magnus Lindahl gratulert etter si 4-2-scoring i Jordal Amfi.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

For i Jordal Amfi var Sparta Sarpsborg best for andre gong i år. Etter tre periodar hadde laget frå Østfold scora fire gonger, serieleiaren berre to.

Bortelaget tok leiinga etter berre tre minutt ved Henrik Malmström. Seinare i første periode dobla Jonas Løvlie og stillinga var 0-2.

Vålerenga reduserte ved Rasmus Juell, men seks minutt før andre periode var over gjekk Sparta opp til 1-3 ved Patrick André Bovim. Heimelaget reduserte på ny ved Tobias Lindstrøm, men i staden for utlikning avgjorde Magnus Lindahl til 2-4 like før slutt.

Sigeren gjer at Sparta Sarpsborg no ligg på fjerdeplass i Eliteserien, medan Vålerenga kan bli dytta ned frå førsteplassen allereie tysdag.

Éin kamp mindre

Om to dagar møtest nemleg Stavanger Oilers og Lørenskog i Stavanger.

Før kampen ligg Oilers eitt poeng bak Vålerenga. Med siger tysdag vil den regjerande seriemeisteren klatre forbi og vere to poeng framfor.

I går laurdag vann laget frå oljebyen 4-0 over Rosenborg Elite.

Dårleg start for Gulliksen

Sparta mot Vålerenga var éin av fire kampar som blei spelt denne søndagen.

Borte mot Lørenskog fekk økonomisk plaga Storhamar Dragons juling. Den nye trenaren, Rune Gulliksen, fekk ein dårleg start då laget tapte 5-1.

Den tidlegare landslagsspelaren tok over etter Michael Smithurst som trakk seg grunna svak klubbøkonomi.

I Asker var Lillehammer fleire hakk sterkare enn heimelaget. Frisk Asker låg under 3-0 etter litt over halvspelt førsteperiode. Til slutt blei det 6-1-siger for Lillehammer.

I siste kamp denne søndagen vann Stjernen 3-2 over Tønsberg i ein tett kamp.

(NRK/NTB)

Siste nytt

  • Putin inviterer Blatter til VM

    Tidlegare FIFA-president Sepp Blatter seier at han kjem til å reise til fotball-VM i Russland neste år etter å ha blitt invitert av president Vladimir Putin.

    FIFA har tidlegare utestengt Blatter frå all fotball i seks år etter at han i 2015 blei dømd for korrupsjon.

    Blatter var FIFA-president då Russland i 2010 blei tildelt 2018-VM.

    Sepp Blatter og Vladimir Putin
    Foto: Maxim Shipenkov / Ap

Sendeplan

Kl. Program Kanal