Hopp til innhold

Spansk supercup i Saudi-Arabia: – På veg mot stadiet der pengane betyr absolutt alt

Reaksjonane er sterke etter at det blei klart at den spanske supercupen dei tre neste åra skal spelast i landet som Amnesty reknar som eitt av dei mest brutale i verda. Også den italienske supercupen er lagt dit.

Lionel Messi og Barcelona og spansk supercup

SUPER-MEISTER: Barcelona vann supercupen i fjor, då kampen gjekk i Tanger i Marokko

Foto: Jon Nazca / Reuters

Turneringa skal omfatte fire lag, og årets kampar spelast i Jeddah frå 8. til 12. januar. Barcelona møter Atlético Madrid og Real Madrid skal møte Valencia i semifinalene.

Det er ikkje offentleg kjent kor mykje pengar klubbane og forbundet får frå Saudi-Arabia. Ifølgje sportsavisa Marca er det snakk om 120 millionar euro. Deler av dette skal brukast på kvinnefotball og amatørfotball, går det fram av pressemeldinga frå fotballforbundet.

Avtalen krev også at kvinner får uavgrensa tilgang til kampane. Slikt var heilt forbode i Saudi-Arabia fram til 2017.

Det skal også opprettast ei fotballturnering for kvinner i Saudi-Arabia, ifølgje avtalen.

Fotball er viktig for å opne grensene og forbetre samfunnet, skriv fotballforbundet i pressemeldinga dei sende ut i dag.

– Vår tanke er at fotball er eit reiskap for endringar. Det vil vere ulike meiningar om dette, men vi er sikker på det vi gjer, seier Spanias fotball president Luis Rubiales. Han ser også arrangementet som ein reklame for spansk fotball, og for å sanke støtte til Spania som VM-arrangør i 2030.

Men planane haustar sterk kritikk. – Ein siger for pengane, og business framfor sport, seier Spanias tidlegare landslagsspelar Veronica Bouqete.

Ligapresident Javier Tebas er derimot kritisk. Ikkje minst fordi den saudiske tv-stasjonen BeoutQ utan nokon form for rettar sender direkte kampar frå La Liga. Det har både dei største europeiske ligaene og UEFA skarpt kritisert.

Også Spanias regjering har gjort det klart at dei ikkje støttar planane.

På veg dit pengane betyr absolutt alt

Petter Veland

TREND: TV-kommentator Petter Veland trur vi får sjå fleire eksempel på at rike statar kjøper seg klubbfotball frå andre land

Foto: Viasat

TV-kommentator og ekspert på spansk fotball Petter Veland trur ikkje dette er siste gongen pengesterke statar kjøper seg toppfotball.

– Pengane får større og større makt. Vi er på veg til det stadiet der pengane til sjuande og sist betyr absolutt alt. Vi har ingen instans som kan seie at «Nei, den staten har hatt så og så mange brot på menneskerettane dei siste åra, så dei får ikkje lov». Så lenge noko slikt ikkje kjem på plass, er eg redd for at dette er ein trend som vil vedvare, seier Veland.

Han meiner det er rein grådigheit som ligg bak flyttinga til Saudi-Arabia, sjølv om det blir argumentert med kontrakt om at kvinner også skal få lov til å gå på kampane.

– Men truverdet fell når ein ser kva pengesummar som er involvert. Eg ser ingen annan grunn til at det var Saudi-Arabia som betalte desidert mest, og at dei då valde å legge arrangementet dit.

Den spanske supercupen er tradisjonelt ein kamp mellom siste sesongs ligameister og cupmeister, og har blitt spela på seinsommaren. I år gjekk denne kampen også i utlandet, i Marokko.

Veland meiner supercupen blør bli spela i Spania.

– Og skal cupen til nød flyttast ut av Spania for å promotere turneringa eller den spanske fotballen, så synest eg ein bør tenkje på andre prinsipp enn dei økonomiske.

– Autoritære regime utnyttar idretten

John Peder Egenæs står ved Saudi-Arabias ambassade

"SPORTSVASKING": John Peder Egenæs i Amnesty reagerer sterkt på at eitt av dei mest brutale regima får kjøpe den spanske supercupen

Foto: NTB/ / Scanpix

John Peder Egenæs er generalsekretær i Amnesty International Noreg. Han reagerer også sterkt på at supercupen blir flytta til eitt av landa som oftast bryt menneskerettane.

– Det er to observasjonar til det. Det eine er at idretten no er hundre prosent styrt av pengar, og det andre er korleis autoritære regime utnyttar idretten for å kjøpe seg betre omdømme i verda. Saudi-Arabia er ein av dei statane som er veldig aktive på det området, seier Egenæs til NRK.

Han meiner dette er eit nytt steg i ei retning som toppidretten tek.

– Det gjeld ikkje berre Saudi-Arabia, det gjeld mange autoritære regime, ikkje minst i Golf-området. At dei brukar idrett til å vise fram ei side som er veldig annleis enn den mørkare sida som handlar om menneskerettsbrot, undertrykking og dødsstraff.

Desse regima brukar idretten aktivt for å tiltrekkje seg investeringar når dei skal byggje seg ein økonomi som er uavhengig av olje. Det er også for å trekkje til seg turistar, meiner Egenæs.

Saudi-Arabia arrangerte også VM i hurtigsjakk og lynsjakk 2017, og skulle hatt meisterskapet også i de neste to åra. Men i 2018 blei dei fråtekne VM fordi dei ikkje garanterte visum til utøvarar frå Israel, Iran og Qatar.

«Sportsvasking»

– Dette er ein heilt bevisst politikk der idretten har ei viktig rolle å spele. Og om ein er villig til å selje seg som det spanske fotballforbundet openbert er no, så er ein med i det storpolitiske spelet som handlar om å prøve å overskygge dei grufulle menneskerettsbrota som foregår for eksempel i Saudi-Arabia.

– Forbundet vil kanskje slå tilbake med at det er mykje pengar, deler av overskotet skal mellom anna gå tilbake til amatørfotball og kvinnefotball. Finst det nokon gode grunnar til å legge ei turnering der?

– Ein kan alltid finne ei unnskyldning for å ta imot denne typen pengar. Men det ei må vere klar over, er at ein er med på å «sportsvaske» ein stat som halshogg folk nesten kvar fredag. Dette regimet er eitt av dei mest brutale regima vi har, og det å selje nokre av sine viktigaste fotballkampar til det landet, verkar for meg heilt hinsides. Det finst andre måtar å hjelpe barneidretten i Spania på, seier Egenæs.

Også den italienske supercupfinalen er seld til Saudi-Arabia, melder danske Ekstrabladet. Avtalen er at tre av fem supercup-finaler skal spelast i landet. Den første, mellom Juventus og Milan, blei spela førre sesong.

Der er det snakk om ein enkelt kamp, som i år går mellom Lazio og Juventus. Den skal spelast i Riyadh 22. desember, og kvar av klubbane får 34 millionar kroner for kampen.

Siste nytt

  • Botheim matchvinner etter at «Tokki» mistet hodet

    Tokmac «Tokki» Nguen mistet de siste sju minuttene av storkampen mellom Djurgården og Malmö etter at han fikk rødt kort. Så ble Erik Botheim helten på overtid.

    – Det var en kjempetøff kamp med høy temperatur. Vi visste at det var marginer som ville avgjøre det, sa Botheim til Discovery og fortsatte:

    – Det er dritdeilig. Overtidsscoring borte mot Djurgården, får man noe deiligere enn det?

    Kampen tok fyr i sluttminuttene med en nordmann på hvert sitt lag i hovedrollene.

    I 82. spilleminutt på stillingen 0-0 var Nguen på vei gjennom, men ble stoppet av Malmö-forsvarer Derek Cornelius.

    Cornelius jublet hemningsløst over Nguen, som svarte med å løpe ned canadieren og fikk raskt det røde kortet.

    Det skulle vise seg å bli skjebnesvangert for vertene, for ti tre minutter på overtid stanget Botheim inn matchvinnerscoringen for Malmö.

    Fotboll, Allsvenskan, Djurgården - Malmö FF
    Foto: BILDBYRÅN
  • Arne Slot: – Jeg vil til Liverpool

    Feyenoord-trener Arne Slot legger ikke skjul på ønske om å bli Jürgen Klopps etterfølger som Liverpool-manager.

    – Det er ingen hemmelighet at jeg vil til Liverpool, iser Slot til ESPN like før Feyenoords kamp mot Go Ahead Eagles torsdag kveld.

    – Feyenoord og Liverpool er i forhandlingssamtaler. Jeg venter på hva som kommer ut av det. Jeg er selvskikker, og venter på at klubbene skal komme til enighet, fortsetter Slot.

    Nederlenderen har de siste dagene blitt sterkt koblet til Liverpool-jobben når Klopp forsvinner etter sesongen.

    Den nederlandkse storavisen De Telegraaf har skrevet at Feyenoord kan kreve opptil 15 millioner euro for Slot, som har en kontrakt med klubben som går ut sommeren 2026.

    Liverpool-kaptein Virgil van Dijk har snakket varmt om landsmannen som en potensiel manager.

    – Jeg synes han spiller på en måte og med en sånn filosofi at han kunne vært Liverpool-manager. Vi får se. Neste år kan vi fokusere på det, sa van Dijk til nederlandske Viaplay onsdag.

    Arne Slot
    Foto: Russell Cheyne / Reuters
  • Vålerenga-spissen slo tilbake i enkel cupseier

    Vålerenga hadde få problemer mot 3.-divisjonsklubben Oppsal og gikk videre til 3. runde i cupen etter 4-0-seier. For Mees Rijks ble det en liten revansj etter helgens utvisning mot Lyn.

    Rijks ble slaktet av egen sportssjef etter sitt røde kort i helgens byderby. Nederlenderen ble utvist på stillingen 1-0 til VIF, og kampen endte til slutt 1-1.

    Torsdag fikk Rijks æren av å score Vålerengas siste i 4-0-seieren mot Oppsal.

    – Det har ikke vært lett de siste dagene siden det røde kårtet. Sånn er spillet. Det har vært en spesiell uke, sier Rijks til TV 2.

    Tidligere i kampen hadde Jones El-Abdellaoui, Vegar Eggen Hedenstad og Aleksander Hammer Kjelsen scoret Vålerengas tre første mål.

    Neste uke får Vålerenga besøk av Tromsø i cupens tredje runde.

    De to siste eliteserielagene var også i aksjon torsdag kveld. Med Fredrikstad og Sarpsborg 08 sine avensement røk ingen av de 14 gjenværende klubbene fra øverste nivå ut i andre runde.

    Fredrikstad tok seg videre etter 5-2-seier mot Eik Tønsberg. Laget fra Plankebyen får besøk av Rosenborg i neste runde.

    Sarpsborg 08 gjorde jobben med sin 2-1-seier mot Hønefoss. Østfold-laget møter Råde borte i runde tre.

    NM i fotball 2024: Oppsal - VIF
    Foto: Cornelius Poppe / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal