Spansk fotballjournalist: Noregs farlegaste spelar er ikkje med

José Felix Dias frå den store sportsavisa Marca meiner Erling Braut Haaland er den som hadde skapt dei største problema for Spania.

Erling Braut Haaland

FARLEG: Erling Braut Haaland er Noregs farlegaste spelar, meiner spansk journalist. Men Haaland er ikkje med mot Spania

Foto: Jason Cairnduff / Reuters

– Haaland er ein spelar som er vanskeleg å markere, og ein typisk spelar som spanjolane vil slite med. Han er høg og sterk, og Spania har hatt problem med slike spelarar før, seier Diaz til NRK.

Erling Braut Haaland var teken ut i troppen, men Salzburg-spissen med 15 mål for klubben denne sesongen, måtte melde forfall.

  • Høyr Norge - Spania på NRK Sport og NRK.no laurdag frå klokka 20.40

Trur ikkje Ødegaard hadde fått plass på Spanias lag

Ødegaard

SENSASJON: Martin Ødegaard får lovord frå alle kantar etter det han har levert på klubblaget Real Sociedad i haust

Foto: Fredrik Hagen

Spanias landslagssjef Robert Moreno er imponert over Martin Ødegaard, men trur ikkje han hadde fått plass på det spanske landslaget.

– Med full respekt for begge (Martin Ødegaard og Joshua King) vurderer eg mine eigne spelarar som best skikka til å få plass i mitt lag, sa Moreno på pressekonferansen før laget hans skal møte Noreg på Ullevaal laurdag kveld.

Då hadde Moreno blitt konfrontert med Joshua Kings påstand frå Noregs pressekonferanse tidlegare på dagen om at Ødegaard er god nok for det spanske landslaget, og at King sjølv heller ikkje hadde gjort seg bort.

Spania har vunne alle sine seks kvalifiseringskampar, mellom dei 2–1 over Noreg i den aller første kampen i mars.

Moreno fekk naturleg nok mange spørsmål om Ødegaard, Real Madrid-spelaren som er utleigd til Real Sociedad og som verkeleg har glitra i La Liga. Men trenaren ville ikkje snakke mykje om nordmannen.

Veit korleis Noreg spelar

Robert Moreno

INGEN ØDEGAARD-PLAN: Landslagssjef Robert Moreno har ingen plan for spesialbehandling av Martin Ødegaard, uansett kvar på bana han spelar

Foto: Miguel Riopa / AFP

Han fryktar ikkje at Ødegaard kan spele på fleire plassar, både sentralt og ute på kanten.

– Fotball er ein lagidrett, og Noreg har fleire gode spelarar enn Ødegaard. Om han spelar her eller der, er ikkje avgjerande for oss. Vi kjenner oss nokså sikre på korleis Noreg vil framstå på laurdag, sa Moreno.

– Martin har gjort det godt han, men vi har ingen spesialplan for han. Det trur eg ikkje vi hadde hatt for nokon, seier den spanske landslagssjefen.

Ødegaard er likevel nordmannen alle snakkar om i Spania.

– Han dekkjer store deler av bana og spring mykje, og det er noko som midtbana til Real Madrid manglar. Dersom han greier å oppretthalde nivået han har vist på Sociedad og det norske landslaget, kan han godt vere i Real Madrid neste sesong, seier Marca-journalist José Felix Diaz.

– Han er ein sensasjon, og har potensial til å bli ein av dei beste spelarane i Europa.

Diaz får støtte av kollega Fernando Burgos frå Onda Cero.

– Eg meiner personleg at han bør vere klar for Real Madrid. Det er Real Madrid han er laga for, seier Burgos.

Siste nytt

  • Bamfords hattrick knekte Villa

    Aston Villa hadde sjansen til å ta sin femte strake siger og gå til topps i Premier League. Men Patrick Bamford stal showet då Leeds vann 3-0.

    Villa styrte mykje før pause, men i andre omgang var det Leeds for alle pengane, og Bamford scora etter 55, 67 og 74 minutt.

    Villa er dermed framleis nummer to på tabellen, bak Everton. Leeds klatra til tredjeplass.

    Patrick Bamford
    Foto: Laurence Griffiths / Reuters
  • Straffa for korona-brot

    UEFA vil straffe den franske klubben Rennes fordi publikum ikkje heldt nok avstand under kampen mot Krasnodar i meisterligaen. Publikum blei heller ikkje sitjande på plassane sine, slik reglane krev.

    Saka skal behandlast i UEFAs disiiplinærutval 10. november

    Publikum i Rennes
    Foto: Stephane Mahe / Reuters
  • Irsk siger på flat Vuelta-etappe

    Sam Bennett frå Irland var raskast i spurten og vann den 191 km lange fjerde etappen av sykkeltittet Vuelta a Espana.

    Slovenske Primoz Rogic leier samanlagt.

    Sam Bennett
    Foto: Ander Gillenea / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal