Sørloth etter sitt første landslagsmål: – Godt å få det unnagjort

Alexander Sørloth scora sitt første landslagsmål, då Norge dominerte i 3–2 sigeren mot Island på Ullevaal onsdag kveld.

Sørloth scoring

SCORA SITT FØRSTE: Innbyttar Alexander Sørloth brukte berre eit kvarter på bana, før han elegant lobba inn sitt første landslagsmål.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix
Laster innhold, vennligst vent..

– Det er herleg. Det var godt å få den første scoringa unnagjort, så slepp eg og tenkje på det, seier Sørloth til NRK etter kampen.

Sørloth scora Norges tredje scoring og sitt første landslagsmål midtvegs i andre omgang. Landslagsdebutant Martin Samuelsen dribla av to islendingar på kant, og innlegget fann til slutt fram til Sørloth som elegant lobba ballen over keeper og i mål.

Sørloth står no med eitt landslagsmål etter to kampar. I begge har han kome inn som innbytar og totalt har han spelt rett i overkant av 40 minutt med flagget på brystet.

– Han kjem inn og viser ein kompetanse som er veldig gledeleg, seier landslagssjef Per-Mathias Høgmo om Sørloth si scoring.

Gøran Sørloth: – Kjende meg att i scoringa

Pappa Gøran Sørloth fekk 55 landskampar og scora 15 mål etter debuten i 1985. Det var ein stolt pappa som snakka med NRK etter kampen.

– Måten han les situasjonen på og kor roleg han er i avslutninga. Eg er utruleg stolt, seier Sørloth senior til NRK.

– Og så er det godt at han får si første scoring tidleg, for det er det som er det verste.

Gøran og Alexander Sørloth

FAR OG SON: No har både pappa Gøran og son Alexander Sørloth scora for Norge.

Foto: Privat

Sørloth junior kom inn for Joshua King etter 53 minutt av kampen.

– Kjende du att noko i spelestilen hans?

– Ja, akkurat då han scora. Det kjende eg meg att i måte han kom seg fri og scora, seier Sørloth til NRK.

Kapteinen sikra draumeopning

Norge fekk ein draumeopning på kampen, då Island ikkje fekk klarert ballen etter eit frispark frå Pål André Helland. Innlegget til Helland gjekk gjennom heile feltet, og enda opp hos Markus Henriksen på bakre stolpe. Han la ballen inn igjen til Vegard Forren, som heada rett på keeper.

På return sto kaptein Stefan Johansen klar, og banka ballen via ein Islands forsvarsspelar og i nettet. 1–0 til Norge etter 39 sekund!

Det norske laget styrte kampen gjennom heile første omgang og skapte fleire målsjansar.

Men Norge vart straffa for sin ineffektivitet, då Sverrir Ingi Ingason heada inn utlikninga til Island etter ein corner i det 36. minutt.

Helland med kanonkule

Men fem minutt før pause fekk Norge frispark på 20 meter. Helland tok sats og banka inn sitt første landslagsmål med eit knallhardt frispark i motsett hjørne. Helland var først ikkje med i troppen, men vart tatt ut då Jo Inge Berget melde forfall.

– Det har vore ein veldig solid første omgang, og vi har scora to mål. Det ikkje kvar dag vi gjer det i ein landskamp, summerte opp toppfotballsjef Nils Johan Semb til Max i pausen.

Helland scoring

PANG: Pål André Helland jublar for si første scoring med flagget på brystet.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Sju minutt ut i andre omgang vart målscorar Helland bytta ut, til fordel for debutant Martin Samuelsen.

Ti minutt før slutt fekk Island straff, etter hands frå Vegard Forren. Frå 11-meteren var Gylfi Sigurdsson iskald og reduserte.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup skøyter
Sport i dag
Sport i dag
EM håndball kvinner Romania - Kroatia
Håndball-EM: Romania-Kroatia
V-cup skøyter: Lagtempo menn
Radiosporten: EM håndball kvinner Norge - Russland
Radiosporten: EM håndball kvinner Norge - Russland
Håndball-EM: Norge-Russland
Radiosporten: EM håndball kvinner Norge - Russland
Radiosporten: EM håndball kvinner Norge - Russland