Bagstevold sprang sterkare og sterkare etter kvart på den 4,6 km lange løypa, men var 35 sekund bak Tove Alexandersson i mål.
– Ho sprang som ei klokke i dag, sa Anne Margrete Hausken Nordberg om lagveninna.
Bagstevold hadde ein liten bom heilt mot slutten, og kanskje glapp gullet der. Ho sprang i mål til leiing, og måtte vente i fleire minutt før ho fekk vite om det heldt til gull eller sølv.
Gullet glapp, men ho sikra Norges andre sølv, etter at Olav Lundanes sikra seg medalje av same valør i mennenes klasse tidlegare på ettermiddagen.
– Dette var eit godt løp av meg, sa Bagstevold til NRK etter løpet. Ho var ikkje det minste skuffa over at ho blei slått.
Natalia Gemperle avslutta endå sterkare, men var tre små sekund bak Bagstevold. Kanadiske Emily Kemp, som leia første halvdelen av løpet, enda på fjerdeplass. Det er Canadas beste plassering i eit VM i orientering nokosinne.
Mari Fasting vart nummer ni, 2.37 bak vinnaren. Anne Margrete Hausken Nordberg nummer 14, slått med 3.01 minutt.
– For meg var det jamt utan flyt. Eg gjorde ingen feil, men det er flyten som avgjer på mellomdistanse. Eg var litt for forsiktig, seier Nordberg til NRK.
VM held fram med langdistansar torsdag.