– Dei får oss til å forsvare oss, det er berre eit slikt lag dei er. Men me har den rette innstillinga, og då har eg gjort jobben som trenar i dag, sa ein strålande United-manager Ole Gunnar Solskjær til Sky Sports etter kampslutt.
– Då me klarte å legge press på dei, klarte me å få dei til å gjere feil, la han til.
Han slo fast at det er eit privilegium å vere manager for eit lag med slike haldningar.
– Det går ikkje an å be om meir. Me vil alle forbetre oss, og spelarane vil forbetre seg. Dei ønskjer verkeleg å lære, og lyttar til det me seier til dei.
– Er dette resultatet meir enn berre tre poeng?
– Det er jo eit derby. Fansen og spelarane elskar det. Du kan alltid seie det berre er tre poeng, men å slå eit lag som City når me har hatt dei problema me har hatt, det er heilt fantastisk, seier United-manageren.
City-tap gir Liverpool kortare veg til tittelen
Men kanskje var det Liverpool som var dagens største vinnar. Med Citys tap treng Liverpool to sigrar for å spikre ligatittelen. Det kan dei klare heime på Anfield om to veker.
– Dette var ein siger som smakte søtt. Det er ei fantastisk kjensle å score framfor eigne fans, sa Scott McTominay til Sky Sports. Han sette inn 2–0 og punkterte kampen på overtid.
På Old Trafford kom første målet etter ein halv time. Bruno Fernandez lobba eit frispark elegant og presist over City-forsvaret, og Anthony Martials mottak var elegant. Ederson var bort i ballen, men den gjekk inn likevel.
Først på overtid av overtida blei kampen avgjort. City-keeperen bomma stygt då han skulle kaste ut ballen. Scott McTominay kunne lobbe ballen over målvakta og i tomt bur.
Tøffe tak etter pause
Kampen opna roleg med City-overtak, men United avslutta første omgang klart farlegast.
Etter pause steig temperaturen med mange tøffe tak og sjansar. Men utan scoringar før den tillagde tida eigentleg var ute.
Dermed kan Ole Gunnar Solskjær glede seg over tre sigrar over Pep Guardiola denne sesongen. Og ikkje minst at hans lag no er tre poeng unna meisterligaen.
– Det var ein fæl kamp for oss. Dette er ikkje akseptabelt. Vi visste at United var gode på kontringar. Eit lag som oss skal ikkje tape så mange gonger, sa Citys Bernardo Silva til Sky Sports. Tapet var Citys sjuande i ligaen.
Guardiola: – Vi spela bra
City-manager Pep Guardiola likte ikkje tapet, og var nokså kort både i gratulasjonen til Solskjær, og i kommentaren etter kampen. Men han syntest ikkje laget hans spela dårleg.
– Det var ein bra kamp og me spelte bra. Me missa litt i første omgang, og mista posisjonane våre. Me slapp inn eit mål og burde unngått det. Siste omgang var bra, og, vel, gratulerer til Manchester United.
Han fekk spørsmål om målvakta som gjorde fleire tabbar.
– Eg gjer feil, du gjer feil. Eg er ikkje komen her for å kritisere spelarane mine. Det å gjere nokre feil er ein del av spelet. Han kjem til å kome seg, og han er ei eksepsjonell målvakt.
I slutten av første omgang blei Fred felt inne i feltet. Filming, meinte dommaren og gav Fred gult kort.
– Straffe. Heilt klart, sa Solskjær etter kampen.
Tidleg i andre omgang sette Sergio Agüero ballen i mål etter at linjedommaren hadde flagga for offside. Der måtte der VAR til før dommaren opprettheldt annulleringa.