– Vi tek til å sjå konturane av laget vi vil sjå på Old Trafford, sa Ole Gunnar Solskjær til NRK før treninga framfor kampen mot Kristiansund på Ullevaal tysdag – ein kamp som ser ut til å trekke fullsette tribunar.
Han og laget kjem frå turné i Australia og Asia, og der vann dei alle fire kampane mot Perth, Leeds, Tottenham og Inter.
– Ja, sesongoppkøyringa har vore veldig bra så langt, seier manageren.
Det er ein solid opptur frå sesongavslutninga i april-mai, der tap etter tap sende laget ned til sjetteplass i Premier League, langt unna topp fire som gir meisterligaplass. Då hagla kritikken mot klubben.
Derfor blir det europaliga for United frå hausten av.
Solakjær har med seg heile stjernelaget til Oslo, minus Romelu Lukaku og Alexis Sanchez. Ingen av dei to har spela i dei andre oppkøyringskampane heller. Sanchez slit med hamstingsskade frå Copa America, medan Lukaku truleg er på veg vekk frå klubben.
– Ein spesiell dag
No er det eliteserielaget frå Solskjærs heimby Kristiansund som er motstandar på vegen mot å bli endå betre fram til Premier League tek til om snaue to veker.
– Det blir ein spesiell dag for ein kristiansundar å sjå Manchester United mot Kristiansund. Eg veit kva KBK står for, og det blir ei fin gjennomkøyring. Så blir det artig å samanlikne eliteserien og Premier League og sjå styrkeforskjellen på laga. Vi skal iallfall bruke kampen som ei god gjennomkøyring, seier Solskjær.
– Stabilitet blir viktig for oss. Om vi unngår eit så lågt botnnivå som i førre sesong, skal vi slå godt frå oss.
– Kva er laget kapabelt til?
– Vi bør kunne vere med å kjempe om trofé når sesongen nærmar seg slutten. Vi har mykje talent og mange spennande spelarar. Så er det alltid spørsmål om flaks og uflaks med skader og slikt. Men vi vil kvalifisere oss til meisterligaen.
Ikkje påverka av Pogba
Han avviser at alt oppstyret rundt framtida til Paul Pogba skal ha påverka sesongførebuingane.
– Vi konsentrerer oss om det vi kan gjere noko med, seier Ole Gunnar Solskjær, som seier at han gler seg til å gå på jobb kvar einaste dag.
– Gutane er fokuserte og har lyst til å bli betre. Det er ingenting som er betre å jobbe med som trenar då.
Kampen går på Ullevaal tysdag klokka 19.00.