Solskjær: - 100 prosent straffe

Ole Gunnar Solskjær freste over at Manchester United ikkje fekk straffe for ein hands i kampen mot Chelsea.

– Dersom det er ein naturleg posisjon for ei hand å vere i når ballen kjem, må eg vere blind, seier han til BBC.

Dommaren vurderte straffe for det som kunne sjå ut som hands etter eit kvarter. Men etter VAR-inspeksjon avviste han kravet om straffe.

– Det var absolutt ikkje straffe. Det var ei hand i raud trøye som var borti ballen, sa Chelsea-manager Thomas Touchel.

Men det enda 0-0 i storkampen i London. United makta dermed ikkje å ta serleg inn på nabo City, som er 12 poeng framfor. Chelsea missa sjansen til å ta steget opp i topp 4.

– Vi er nøgde med uavgjort, men vi kunne avgjort etter pause, for då var vi best, seier Chelseas Anders Christensen.

Kampen blei prega av godt organiserte forsvar, og dei få målsjansane som oppstod, var nokolunde likt fordelte. Dei fleste kom etter pause.

United har no spela 20 bortekampar utan tap i Premier League. Samstundes har Tomas Tuchel enno ikkje tapt som Chelsea-manager.

– Det blei den tette kampen vi venta, sa Nils Johan Semb i TV 2-studio.

Callum Hudson-Odoi handsar - eller?
Foto: Ian Walton / AFP

Siste nytt

  • Leicester klar for FA-cupfinalen

    Kelechi Iheanacho avgjorde kampen og sendte Leicester til FA-cupfinalen. Dette føre 4000 tilskodarar på Wembley.

    Tilskodarane var invitert som ein del av eit forskingsprosjekt, for gradvis sjå korleis fleire tilskodarar kan sleppast inn på balløya.

    I finalen ventar Chelsea, som slo Manchester City i semifinalen.

    Britain Soccer FA Cup
    Foto: John Sibley / AP
  • Mol og Sørum til åttandedelsfinalen

    Anders Mol og Christian Sørum vant sin gruppe i verdsserieturneringa i sandvolleyball i Mexico og er klare for åttandedelsfinalen.

    Søndag vant de gruppefinalen mot russarane Konstantin Semenov og Ilja Lesjukov med 2-0 (21-16, 21-18).

    Norges andre par i turneringa, Henrik Mol og Mathias Berntsen, er utslått etter å ha enda sist i ei knalltøff gruppe.

    Anders Mol og Christian Sørum
    Foto: Vidar Ruud / NTB
  • Tsitsipas knuste Ruuds overmann

    Grekaren Stefanos Tsitsipas (22) slo Andrej Rublev i to strake sett i finalen i Monte-Carlo Masters. Han vann 6-3, 6-3 og kalla sigeren sin største så langt i karrieren.

    Han tok dermed sin første Masters 1000-tittel.

    Rublev spelte sin første finale på Masters 1000-nivå. Tsitsipas har tapt to slike tidlegare, men han vant ATP-tourfinalen i 2019.

    Monaco Monte Carlo Tennis Masters
    Foto: Jean-francois Badias / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal