Ole Gunnar Solskjær har vunne FA-cupen to gonger som spelar. No drøymer han om å kome seg til sin første finale som trenar.
– FA-cupfinalen var alltid den kampen ein såg fram til på tv som ung. Eg elska å sjå den, og det var kjempeartig å spele. Det hadde vore ein draum å kome seg dit, seier Solskjær til Viasat.
Det måtte likevel ein omkamp til, etter at det første oppgjeret enda 0-0, men i dag blei Solskjær sitt lag for sterke.
– Sjølvtillit
Juan Mata har fått lite speletid denne sesongen, men han fekk tillit frå start etter å ha levert to målgivande pasningar i 4-0-sigeren mot Norwich i helga. Og han tok nok ein gong vare på sjansen. Etter 67 minuttar sette han inn 1-0 leiinga til raudtrøyene.
– Det er veldig viktig å bygge momentum og spelerane får sjølvtillit med siger, og enda ein gong held me nullen. Det er viktig. Me vil gå langt i cupen, og det er ein veldig artig finale å spele. Så det er der me vil kome, seier Solskjær.
Rashford ut med skade
Eit lite skår i gleda for heimelaget var at Marcus Rashford måtte ut med skade eit kvarter etter han kom på banen.
– Eg trur det er eit kne i ryggen eller noko sånn. Me håpar det er berre noko som går over. Men han har slite ein stund no, så det er derfor han ikkje starta i dag, fortel Solskjær.
På sundagen ventar ligaleiiar Liverpool på Anfield. Da er det viktig å ha toppskåraren klar til.
– Me skal prøve å få stabla Rashford på beina til sundagen, seier Solskjær.
Manchester United skal i fjerde runde møte vinnaren av Tranmere og Watford.