Molde leia 1-0 like før slutt, men så dukka Odd-innbyttar Oliver Berg opp og utlikna til 1-1 to minutt på overtid.
Då trudde alle at kampen var avgjort i Skien.
Men Molde kontra og så dukka nok ein innbyttar opp fem minutt på overtid.
Ruben Gabrielsen krangla ballen over streken og sikra Molde og Ole Gunnar Solskjær ein etterlengta siger i overtidsdramaet.
– Eg er ein klinisk avsluttar, men eg hadde aldri klart det utan dette laget. Vi fortente denne sigeren her, seier Ruben Gabrielsen til Eurosport.
JUBEL: Molde etter scoring fem minutter på overtid.
Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpixHylla Sarr
Odd-trenar Dag-Eiliv Fagermo meinte Odd blei snytt for fleire straffer i løpet av kampen.
– At man får lov til å gjere slik inne boksen er trist, det er bryting inne i boksen, seier Fagermo til Eurosport.
– Vi spelar ein meget god kamp, men klarar å tape 2-1,og det er fordi vi er meget ineffektive, seier Fagermo.
Ole Gunnar Solskjær var letta etter klubbens første siger på fem kampar.
– Det er artig å vinne slike kampar. Og det er ekstra artig at gutta ikkje var fornøgd med det eine poenget og ville fram. Det bur mykje i dei i dag, seier Solskjær, som hylla midtbanekrigaren Babacar Sarr etter kampen.
– Han er ein krigar og ein fantastisk gutt og leiar. Vi har mange tekniske spelarar, og så har vi han som vinn mange duellar, seier Solskjær.
Odd best i første
Molde kom til Skien med tre strake tap. Og hadde ikkje vunne på dei fem siste kampane.
Odd derimot hadde eit heilt anna utgangspunkt med fire strake sigrar, og kunne kome likt med Rosenborg i toppen av tabellen med ein ny triumf.
Og det var Odd som pressa Molde bakover i store delar av første omgang.
Skiens-laget hadde fleire store sjansar og burde tatt leiinga tidleg i omgangen.
Jone Samulelsen blei spelt fri åleine føre mål. Men Molde-keeper Andreas Linde kom tett opp i midtbanespelaren og redda skotet.
Det stod 0-0 til pause i Skien. Molde var mest fornøgd med pauseresultatet, men sprang mykje og hadde forsvart seg godt.
SEIER: Molde tok sin første seier på fem kamper mot Odd. Fredrik Aursnes ble matchvinner i Skien.
Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpixÅtte minutt etter pause fekk dei lønn for strevet. Molde kontra med mange spelarar. Til slutt hamna ballen ute i det såkalla returrommet. Der stod Fredrik Aursnes. Den tidlegare Hødd-spelaren breisida ballen i hjørnet til 1-0.
Odd heldt fram det kraftige presset mot Molde-buret. Oliver Occean hadde fleire store sjansar då Odd pumpa innlegg på innlegg inn i boksen.
Men keeper Andreas Linde stod ein praktkamp bakerst for Molde, og redda klubben frå nok eit nederlag.
Så eksploderte kampen i sluttminutta, og til slutt var det Molde som tok sin første siger på fem kampar.