– Me må få tak i større stjerner igjen. Mourinho er ein manager alle vil spele for. Eg trur nok det er det einaste rette for klubben akkurat nå.
Ole Gunnar Solskjær snakkar framleis om «me» når han snakkar om Manchester United. I dag fekk han nyheiten om at Jose Mourinho er mannen som skal ta over for Louis van Gaal som fekk sparken tidlegare i veka.
– Hjelper oss unge managarar
– Han er ein veldig klok manager, etter mitt syn kjenner han menneske veldig godt.
Molde-trenar Solskjær har berre gode erfaringar med «the Special one».
– Har har ein personlegdom ein ser opp til og er ein vinnar. Me gler oss til å fylgje med.
– Vil han passe inn i Manchester United?
– Har er ein kontroversiell mann, men eg trur dette er drøymejobben hans. Han har sett opp til Sir Alex og han veit kor viktig den arven er. Eg trur han er den perfekte manageren, meiner Solskjær.
FORNØGD: Ole Gunnar Solskjær er fornøgd med valet av Jose Mourinho som ny manager for Manchester United.
Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpixSom manager i Cardiff møtte han Mourinho fleire gonger på banen.
– Eg spelte mot han, og var manager mot han. Me snakka fint saman og han er ein veldig triveleg fyr. Han byr på seg sjølv og vil hjelpe oss unge managarar. Eg vil seie me har eit godt forhold.
Solskjær fortel at han sist snakka med portugisaren da Chelsea slo Cardiff i siste serierunde i 2014. Den tidlegare Cardiff-trenaren vil ikkje svare på kor lenge han trur Mourinho vil bli i klubben.
– Det vil tida vise, men han er ein manager som eg er sikker på at alle spelarar vil like å spele for.
Manageren har ein historikk for å skifte klubb svært ofte og blir sjeldan i ein klubb lenger enn tre år.