- Følg:
– Strømsgodset er Noreg sitt beste lag akkurat no. Det er mi meining etter å ha sett dei fem første seriekampane, med den utviklinga han Ronny (journ. anm. Deila, trenar for Strømsgodset) har fått til med laget sitt.
Det seier Solskjær, på trening i Molde før årets tredje heimekamp.
– Akkurat no er dei min favoritt.
– Så dette blir årets tøffaste utfordring så langt?
– Ja, det blir det nok. Og det er greitt for oss akkurat no. Vi har hatt framgang, og ei god oppleving no sist, seier Solskjær til NRK.
- Les også:
- Les også:
Krev betring på siste tredjedel
Mot Strømsgodset er Solskjær klar på at det er meir enn enkeltspelarar å forhalde seg til.
– Det er eit svært godt fotballag som kan systemet sitt. Dei har to svært gode indreløparar, to kantar som er veldig gode og dei spelar seg ut bakfrå. Det er mykje å tenkje på når ein møter slike lag.
Solskjær meiner Molde må få fart på ballen og vere aggressive og gjennombrotshissige for å gå sigrande ut.
– Vi leitar etter ein siger no. Vi har fortent det tidlegare i år, men ikkje fått det. No håper vi på ein prestasjon som fører til siger, fortel Solskjær.
– Er det nokre spesielle element du ventar at skal blomstre?
– Sjølvsagt. Det må gå kjappare på siste tredjedel og vi må setje sjansane vi skaper.
Saka held fram under bildet.
Berg Hestad som midtstoppar?
På trening fredag blei Berg Hestad drilla tidvis som midtstoppar. Solskjær sjølv avviste at veteranen blei plassert i forsvar, men skadeproblematikken kan forandre det.
– Vi har ein del skader på stopparane våre, ja, og nokon må spele der. Vi får sjå kor det ligg an på søndag, seier Berg Hestad sjølv.
Han er klar på at kan tre inn, men midtbanen er der han føler seg mest komfortabel.
– Eg hatar det ikkje, men eg er ikkje vant til å spele stoppar. Det er vanskeleg å omstille seg, men eg tek det som ei utfordring om det skjer, avsluttar Berg Hestad.