Og ikkje nok med det. Klubben heldt nullen for første gang under sin nye førebelse manager. Det var 45-åringen svært nøgd med.
– Endeleg klarte vi å halde nullen. Det var ein gjennomført god profesjonell kamp. Vi hadde god kontroll, seier Solskjær i eit intervju vist på TV 2 Sport Premium.
Han var spesielt nøgd med spelet etter pause då kampen blei avgjort.
– Vi kontrollerte kampen i andre omgang. I første omgang gjekk det for seint i pasningsspelet, seier Solskjær.
– Vi klarte å halde nullen og det er ei god kjensle, seier midtstoppar Victor Lindelöf.
Superinnbyttar
Solskjær starta det nye året som han avslutta det gamle, med nok ein siger.
Onsdag kveld vann han sin fjerde strake siger og står med 14-3 i målskilnad etter at han tok over roret som sjef på Old Trafford.
Med 2-0-sigeren over Newcastle er plutseleg fjerdeplassen innanfor rekkevidde for nordmannens lag.
Etter at Chelsea berre klarte 0–0 heime mot Southampton, er Manchester United berre seks poeng bak London-laget på ein sjetteplass.
Var klar
Men det måtte ein superinnbyttar til for at det første målet skulle kome på St. James Park i andre omgang.
38 sekund gjekk det frå Romelu Lukaku entra bana, til ballen låg i nettet.
Newcastle-keeper Dubravka klarte ikkje å halde eit frispark frå Marcus Rashford, og der var Lukaku først på returen etter 63 minutt.
– Du må vere klar, og det var det manageren sa til meg. Og det var det eg gjorde. Eg var klar på returen, og det var herleg å score, seier Lukaku i eit intervju vist på TV 2 Sport Premium.
– Vi lærer veldig mykje av Ole, held Lukaku fram.
– Nydeleg frispark av Marcus, og ei god avslutning av Lukaku, seier Solskjær.
– Fokus på oss sjølve
Ti minutt før slutt sende Marcus Rashford United opp i 2–0. Ein annan innbytar, Alexis Sánchez fann 21-åringen inne i feltet.
England-spissen hadde ingen problem med å putte ballen forbi Dúbravka i Newcastle-buret.
Sigeren førte klubben opp på 38 poeng og ein sjetteplass på tabellen.
I tillegg kopierte Solskjær klubbens legendariske manager sir Matt Busby.
Nordmannens fire første kampar har enda med siger. Det er første gang sidan 1946, då Busby som ny manager også vann fire strake.
– Vi har fokus på oss sjølv. No har vi lyst til å halde fram med å vinne. Vi har lyst å klatre på tabellen, men vi må halde fram med å jobbe hardt, seier Victor Lindelöf om sjansane til å klatre til den viktige fjerdeplassen som gjev plass i meisterligaen.