Torsdag vart det bekrefta at nordmannen er ferdig i den walisiske klubben Cardiff etter å ha vore ueinig med klubbeigaren Vincent Tan. Solskjær fekk drygt åtte månader som manager før han gav seg.
Solskjær har i mange år skapt mykje merksemd rundt dei klubbane han har vore med i, men det er ikkje nødvendigvis nok for at Molde FK tar veteranen tilbake.
– Vi har tilsett nye trenarar som vi er svært nøgd med og som har lengre kontraktar, seier direktør i Molde FK, Tarje Nordstrand Jacobsen til NRK.
– Rett å forlate Molde
Solskjær gjorde stor suksess då han var manager for Molde i tre år før han tok vegen til Cardiff. Nordstrand Jacobsen trur likevel ikkje at det var ei tabbe å forlate Molde.
– Nei, han følte at tida var riktig for å ta den sjansen når han fekk den, og vi var alle klar over at den dagen ville kome, seier han.
– Framleis ein topp trenar for andre europeiske storklubbar
Direktøren i Molde legg ikkje skjul på kva han meiner om at Solskjær er ferdig i England for denne gong.
– Eg syns at det er synd. Mange har håpa og trudd at han og hans prosjekt i Cardiff skulle lukkast. Det er ikkje tvil om at Ole Gunnar er ein veldig dyktig manager, seier han.
Han trur at Solskjær har store føresetnader for å lukkast i store klubbar også i framtida, og at det ikkje vil ta lang tid før han reiser seg igjen.
- Les også:
- Les også:
Vil ikkje ha Solskjær tilbake
Merete Mikkelsen og Per Kjell Nøsavik frå Molde seier at dei ikkje saknar den tidlegare manageren.
– Det er trist, men det var vel ikkje heilt uventa, seier Mikkelsen.
Nøsavik seier at Solskjær reiste frå Molde alt for tidleg.
– Det var det første eg sa etter at det vart bestemt. Han var ikkje ferdig utlært, meiner moldensaren.
Begge har stort sett berre gode ord om Solskjær, men er einige om at dei ikkje vil ha han tilbake i Molde FK.
– Tor Ole Skullerud har gjort det betre enn han, så med tanke på fotballen er det ikkje så mange så vil ha han tilbake, seier han.
Klarte ikkje å stoppe nedrykk
Nordmøringen blei tilsett i klubben i januar, men har ikkje greidd å redde klubben frå nedrykk i Premier League sist sesong. På sine 30 kampar i sjefsstolen blei Cardiff ståande med ni sigarar, der fem av dei skjedde i seriesamanheng.
Dei tidlegare Molde-spelarane Mats Møller Dæhli og Magnus Wolff Eikrem er framleis i klubben.