Solskjær-elevar nominert til pris

Tre Manchester United-spelarar er blant dei åtte som har blitt nominert til prisen for årets unge spelar i Premier League.

Etter ein sterk sesongavslutning blei angrepstrioen til Manchester United – Mason Greenwood, Anthony Martial og Marcus Rashford – nominert til prisen som spelarar opp til 24 år kan vinne.

Dei andre nominerte er Liverpools Trent Alexander-Arnold, Chelsea-duoen Mason Mount og Christian Pulisic, Dean Henderson som denne sesongen er på lån frå Manchester United til Sheffield United, og Aston Villas Jack Grealish.

Rashford, Martial og Greenwood
Foto: PAUL ELLIS / AFP

Siste nytt

  • City styrker forsvaret

    Manchester City er samd med Benfica om kjøp av midstopparen Ruben Dias for rundt 800 millionar kroner, skriv den portugisiske klubben på sine nettsider.

    I tillegg skal Nicolas Otamendi motsett veg.

    Men det gjenstår for spelarane å bli samde om dei perdonlege kontraktene, skriv Sky Sports.

    City tapte 2-5 på heimebane mot Leicester søndag.

    Ruben Dias
    Foto: Armando Franca / AP
  • Miami til NBA-finale

    Miami Heat sikra seg den andre finaleplassen i NBA-sluttspelet med 125-113 over Boston Celtics i natt, og vann dermed 4-2 i kampar.

    I finalen møter dei Los Angeles Lakers, med superstjerne LeBron James på laget. James har tidlegare spela fire finaler for Miami.

    Første finalekamp i best av sju-serien går onsdag.

    Bam Adebayo
    Foto: Mark J. Terrill / AP
  • Pangstart for Fati og Barcelona

    17-åringen Ansu Fati dominerte mot Villarreal med to mål og skaffet straffe da Barcelona vant 4-0 i sin serieåpning.

    Allerede i løpet av kampens 20 første minutter hadde Fati blitt tomålsscorer og gitt Barcelona en pangåpning på La Liga-sesongen.

    Spain Soccer La Liga
    Foto: Joan Monfort / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal