Solemdal: – Eg har tabba meg ut

Synnøve Solemdal skaut for fyrste gong fire fulle hus i karrieren på torsdag, men gjekk over fire minuttar saktare enn vinnaren. No innrømmer Solemdal at ho har tabba seg ut i forkant av verdscuprenna.

SLOVENIA-BIATHLON-IBU-WORLD-CUP

20 TREFF: Synnøve Solemdal frå sprinten i Pokljuka rett før jul.

Foto: JURE MAKOVEC / Afp

– Eg er veldig, veldig fornøgd med 20 treff, men det er ein litt sånn blanda kjensle. Eg skulle gjerne hatt ei betre kjensle i sporet.

Synnøve Solemdal var både glad og skuffa etter normaldistansen på torsdag. Tidlegare i vinter har 26-åringen hatt god fart i sporet, men slite på standplass. Nå var det motsett, og det innrømmer Solemdal berre er hennar eigen feil.

Trente for hardt

– Det er min eigen feil. Eg trur sjølv eg har trent for mykje inn mot konkurransane før helga. Da køyrde eg meg skikkeleg i senk. Det er ein tabbe eg skulle vore rutinert nok til ikkje å ha gjort, seier Solemdal

Skjelbreid

BØR DROPPE ANTERSELVA: Liv Grete Skjelbreid meiner Synnøve Solemdal bør droppe den neste verdscuprunden i Anterselva.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

NRKs skiskyttarekspert Liv Grete Skjelbreid synest det er uroande at Solemdal føler det slik halvannan månad før VM på heimebane.

– Når Synnøve skyt fullt hus bør ho nok vere betre enn ein 13.-plass. Tida begynner å bli kort før VM. Nå burde ho gje blaffen i alt anna og berre tenkje på VM. Det er ikkje umogleg å få forma på plass til VM, seier Skjelbreid.

Bør stå over renn

Og skal Solemdal få forma tilbake i sporet, har vår tidlegare skiskyttardronning klare råd om den neste verdscuprunden i Anterselva

– Å reise opp til høgda i Anterselva viss ikkje kroppen fungerer er ikkje veldig smart og det kan gjere vondt verre. No er det viktig at ho slappar godt av og får svar på at kroppen fungerer før ho reiser dit for å gå renn.

I mål var Solemdal 2.20 minutt bak italienske Wierer som vann løpet. Ho enda på 13.-plass og blei beste norske.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup skiskyting: Stafett kvinner
V-cup skiskyting: stafett kvinner
Radiosporten: V-cup langrenn
Radio: V-cup langrenn
V-cup hopp
V-cup hopp menn
Radiosporten: V-cup langrenn
Radiosporten: V-cup langrenn
Vinterstudio
Radiosporten: V-cup langrenn
Radiosporten: V-cup langrenn