– Eigentleg er det to litt ræva skirenn, men no er eg i gang. Eg vann ikkje i sesongopninga på Beitostølen i fjor heller, for å seie det sånn, seier Solemdal til NRK.
24-åringen frå Tingvoll tok sin første verdscupsiger i Hochfilzen i desember i fjor. I tillegg står ho med tre VM-gull – eitt på stafett, to på mix-stafett.
På Sjusjøen blei det 21.-plass i sprinten laurdag. Søndag blei det 19.-plass på fellesstarten for eitt av håpa bak suveren Tora Berger.
- Les også:
Synnøve Solemdal, Tora Berger og Hilde Fenne på Sjusjøen før sesongopninga.
Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpixVar langt nede
Etter første rennet laurdag var nordmøringen veldig langt frå fornøgd.
– I går var eg litt uroa, det skal eg innrømme. Då var eg langt nede, og det var nokre tankar i natt, innrømmer Solemdal.
Sjølv om det blei tre bom på ti skot laurdagen, var det skigåinga som uroa henne mest.
– Eg synest det var for dårleg i går. I dag opna eg ganske roleg, for eg var litt skremt frå det som skjedde laurdag.
– Det losna litt på slutten i dag, men eg kjenner jo at eg ikkje er heilt der eg skal vere. Men eg er ikkje like uroa som i går, fortel Solemdal i prat med NRK.
Det har blitt både opp- og nedturar for Solemdal dei siste sesongane.
Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpixPusten er endeleg god
Det finst derimot eitt lyspunkt for Solemdal: pusten og pusteteknikken er på plass.
– Ja, den er kjempefin, slår ho fast.
24-åringen, som har astma, har slite med dårleg pust i mange renn tidlegare. Ho hadde rett og slett for dårleg pusteteknikk.
- Les også:
- Les også:
Etter visittar på Haukeland universitetssjukehus, tallause timar i pustemaskin og mykje testing, er derimot pusteteknikken på plass.
– Det handlar mykje om å slappe av i heile øvste delen av kroppen. Puste med magen og sleppe ned skuldrene, og det synest eg går fint no, seier Solemdal.
– Så her på Sjusjøen er det rett og slett forma mi. Eg har opplevd svingingar opp og ned tidlegare, så no er det forhåpentlegvis i ein djup dalbotn og så går det berre oppover, avsluttar ho.