Petter Solberg pressa av bana – vinnaren diska

Petter Solberg blei pressa av vegen utanfor Barcelona, og vinnaren blei derfor diska etter at juryen granska episoden. Men det hjelpte nordmannen lite.

Petter Solbergs bil

PRESSA UT: Petter Solberg blei pressa av bana i Barcelona og enda sist i finalen.

Foto: Jørgen Steinli / NTB scanpix

– Det var inga kul kjensle, det var det ikkje, sa Solberg til NRK rett etter finalen.

Det var like etter start Solberg og svenske Mattias Ekström kjempa om teten. Solberg låg i innersving, men var litt bak svensken. Ekström utnytta dette og la seg inn framfor Solberg, som køyrde av bana.

– Eg er glad eg fekk ein god start. Eg såg ikkje Petter då eg såg ut av vindauga. Han var nok litt for langt bak til at det kunne blitt ein skikkeleg duell, sa svenske Ekström etter løpet.

Diska av juryen

– Han svinga inn så hardt og så mykje at eg ikkje kunne gjort noko anna. Når han seier at han ikkje såg meg, må han vri hovudet sitt litt meir, seier Solberg.

Han legg til:

– Du skal alltid ha respekt for konkurrentane når du ligg side om side. Johan (Kristoffersson) fekk reprimande for det før i dag, og dette var langt styggare, for han pressa meg ut av bana.

Etter ei tids vurdering i juryen blei Ekström diska frå førsteplassen.

Men det hjelpte Solberg lite, han enda sist i finalen. Sigeren går dermed til Johan Kristoffersson framfor Sebastian Loeb, med Andreas Bakkerud som rykkjer opp til tredjeplass.

– Surt

Han dominerte VM-runden totalt fram til finalen. Han var best etter dei fire kvalifiseringsrundane, og han var best i sin semifinale. Derfor hadde han også fremste startspor i finalen.

– Etter ei så super helg er det surt at det endar slik. Eg er lei meg, men eg har halde på så lenge at eg veit korleis eg skal ta med meg det positive frå denne helga. Det ser framleis bra ut med poeng og slikt. Uansett er eg happy med det som har skjedd,

Siste nytt

  • Frisk Asker til NM-semifinale

    Mats Frøshaug ble den store helten da Frisk Asker slo Lillehammer 2-1 i den sjuende og avgjørende kvartfinalekampen i NM-sluttspillet i ishockey tirsdag. Frisk Asker har fått Vålerenga som semifinalemotstander, mens Storhamar møter Stavanger.

    Lillehammer IK - Frisk Asker
    Foto: Stein Schinstad / NRK
  • Casper Ruud-kamp regnet bort

    Regnvær tvang arrangørene av tennisturneringen Miami Open til å utsette alle tirsdagens kamper. Dermed fikk Casper Ruud en ufrivillig fridag. Ruud skulle ha møtt russiske Jevgenij Donskoj i 2. kvalifiseringsrunde av ATP-turneringen tirsdag.

    Casper Ruud under Australian Open
    Foto: Toru Hanai / Reuters
  • PL-manager bøtelagt for munnbruk

    Everton-manager Marco Silva er ilagt en bot for sitt utbrudd mot dommerne etter 2-3-tapet for Newcastle i Premier League tidligere denne måneden. Silva må ut med 12.000 pund, tilsvarende rundt 135.000 kroner, som følge av episoden.

    Marco Silva
    Foto: Rui Vieira / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal