Hopp til innhold

Solberg om situasjonen til Mikkelsen: – Det blir eit helvete

Rallystjerna Andreas Mikkelsen kan ha mista jobben som sjåfør for Volkswagen utan å ha fått beskjeden sjølv. Det får Petter Solberg til å reagere.

Petter Solberg

REAGERER: Petter Solberg tykkjer det er trist viss Andreas Mikkelsen mistar jobben hjå Volkswagen.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– Han må få vite raskast mogleg kva situasjon har er i. Det blir trongt om plassane no. Det blir eit helvete, seier Solberg til NRK.

Måndag kveld byrja rykta å svirre om at Volkswagen kom til å trekke seg frå rallysirkuset etter årets sesong. Det betyr i so fall at Andreas Mikkelsen mistar jobben som sjåfør for bilprodusenten.

Men hovudpersonen har ikkje høyrt noko frå arbeidsgivaren sin endå.

– Ventar på telefonen

– Det går alltid rykte i motorsporten, men dette ser ut til å vere meir enn berre rykte. Eg må vente på ein telefon eigentleg, seier Mikkelsen til NRK.

Mikkelsen

I UVISSA: Andreas Mikkelsen har ikkje høyrd noko frå arbeidsgivaren sin, Volkswagen.

Foto: Micke Fransson, Fransson, Micke / NTB scanpix

27-åringen ligg på ein tredjeplass i rally-VM og kan no miste jobben før det siste løpet. Det tykkjer tidlegare rallysjåfør Petter Solberg er utruleg synd.

– Det er ein veldig spesiell situasjon for Andreas. Han får ikkje gjort so mykje. Det er forferdeleg. Kva som skjer får tida vise, seier Solberg til NRK.

Han seier at det mest spesielle her er behandlinga Mikkelsen har fått av Volkswagen, og hugsar attende til då han fekk vite at Subaru trakk seg ut av Rally-VM.

– Då dette skjedde med meg, flaug presidenten frå Japan til Monaco i privatfly for å seie det til meg personleg. Det var litt annleis enn dette.

Viss rykta stemmer, må Mikkelsen altså finne seg ein ny arbeidsgivar om han vil fortsette å konkurrere.

– Viss dei trekk seg ut er det ikkje bra for min del. Eg har vore i det beste teamet, og ville sjølvsagt fortsette, men viss dette stemmer, må eg på jakt etter ny arbeidsgivar.

Trongt om plassen

Men det er ikkje berre berre å finne seg ein ny arbeidsgivar so seint i sesongen. Mange av dei andre laga har allereie signert sine sjåførar, og det er få seter ledige.

– Det er ikkje mange seter som er ledige. Me får sjå kva som skjer. Eg sit som eit lite spørsmålsteikn akkurat no, seier Mikkelsen.

Men Solberg trur ikkje Mikkelsen kjem til å få store problem med å finne seg ein ny arbeidsgivar.

– Det er trongt om plassen, men han er jo ein av dei betre sjåførane. Eg trur det skal mykje til for at han ikkje skal få eit nytt sete, seier han.

Det verkar sikkert at Volkswagen trekk seg ut av sirkuset, men det er altså ikkje bekrefta frå produsenten sjølv, difor vil ikkje Mikkelsen ta noko på forskot.

– Eg har framleis ikkje fått vite noko. Eg håpar det skal vere i orden, men eg anar ikkje.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal