Solberg på dramatisk fjerdeplass etter at protesten blei avvist

Petter Solberg hadde VM-sølvet i lomma. Så blei han påkøyrt i semifinalen, og dermed rauk både finaleplassen og medaljene. Men Andreas Bakkerud gjekk heilt til topps i Argentina.

Semfinale i Rallycross

DRAMA: Her smell det. Petter Solberg blir påkøyrd, og både finalen og VM-medaljene ryk

Solberg meinte at han blei påkøyrd med vilje, og leverte protest på hendinga. Men seint søndag kveld avviste juryen protesten.

– Ein av bilane køyrde inn i ein annan som i sin tur sende Petter rett inn i gjerdet i ein sving på rundt 100 grader. Det har vi videoopptak som vi meiner tydeleg fortal kva som skjedde. Men juryen var av ei anna opfatning, seier Solbergs presseansvarelege Per Espen Løchen til NRK.

Løpssiger og VM-bronse til Bakkerud

Bakkerud tok ikkje berre sigeren i sesongavslutninga. Han tok også bronsemedaljen i den uhyre spennande kampen om medaljene bak suverene Mattias Ekström.

Bakkerud fekk først beskjed om at han ikkje tok medalje, men fekk deretter kontrabeskjed.

– Dette var stort, sa Bakkerud, så rørt at han nesten ikkje fekk fram ord. – Men som nordmann må eg seie at det svir å bli slått av to svenskar i VM, fekk han omsider lagt til.

Solberg, som har kjempa i teten i heile år, enda dermed på den sure fjerdeplassen. Han fekk same poengsum som Solberg, men har tre løpssigrar denne sesongen, mot Solbergs eine.

Svenske Johan Kristoffersson tok VM-sølvet, eitt poeng framfor dei to nordmennene.

Sjå finaleinspurten:

Bakkerud kjører inn til seier i finalen.

SEIER: Andreas Bakkerud køyrer inn til suveren siger, og sikrar seg med det bronsen i VM samanlagt

– Betre med alderen

– Eg blir berre betre med alderen, svara Petter Solberg før semifinalen, på spørsmål om korleis han greidde å finne det vesle ekstra i kvalifiseringa. 42-åringen hadde vunne alle fire kvalifiseringsrundane ein i regnveret laurdag, tre i langt betre forhold i dag.

Derfor var han storfavoritt til ein finaleplass.

Men allereie like etter start i semifinalen var Solberg involvert i to kollisjonar. Han kom ut av den som nummer to i heatet, men det var tydeleg noko i vegen med bilen.

Øydelagde hjul

– Hjula hans spriker i kvar si retning, sa ekspertkommentator Tommy Rustad i NRKs sending då Solberg fortvila prøvde å halde tredjeplassen i heatet.

Solberg greidde ikkje å henge med, og enda på femteplass i heatet. Berre dei tre beste gjekk til finalen.

I det andre heatet var det derimot norsk suksess. Andreas Bakkerud var klart best og raskast, og sikra seg pole position i finalen.

Svenske Mattias Ekström var verdsmeister allereie før den avsluttande runden i Rosario i Argentina. Men sølvet og bronsen var ikkje avgjort før i dagens finale.

Siste nytt

  • Overtidspoeng for serieleiaren

    Med eit frispark av Mario Vrancic sikra Norwich seg 2-2 mot Sheffield Wednesday fredag kveld, og leier Championship med fem poeng til Leeds og Sheffield United.

    Det kan bety at opprykket kan sikrast måndag for Alexander Tetteys klubb. Tettey sat på benken heile kampen.

    Christoph Zimmermann, Norwich
    Foto: TONY O'BRIEN / Reuters
  • Tangerte 109 år gammal rekord

    Aston Villa tok sin niande strake liga-siger med 2-0 over Bolton i dag. Det er tangering av klubbrekorden frå oktober-desember 1910, og gir så godt som sikkert den gamle storklubben kvalifiseringsplass i Championship.

    Samstundes sende dei Bolton ned til League One.

    Tammy Abraham, Aston Villa
    Foto: LEE SMITH / Reuters
  • Sju baklengs for Norge

    Finland banka Norge heile 7-0 i dagens kamp i den nordiske ishockeyturneringa. Periodesifra var 2-0, 1-0 og 4-0.

    I går tapte Norge 3-1 for Finland. Norge ligg sist etter fire tap for Sverige og Finland, og møter Danmark i to kampar neste helg.

    Lars Haugen
    Foto: DAVID W CERNY / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal