Hopp til innhold

Kjemperedning stoppa tre poeng til Solbakkens København

FC København fekk tidenes sjanse til å avgjere kampen i siste minutt, men Kasper Schmeichel hindra at danskane tok tre poeng.

Ståle Solbakken
Foto: Jens Nørgaard Larsen / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg er veldig nøgd med gjennomføringa av kampen, seier Solbakken til Viasat etter kampen.

Etter 0-1-tapet borte mot Leicester i førre runde håpa Ståle Solbakken på revansje i dagens oppgjer i meisterligaen.

Men ingen av laga makta å skåre i Parken, og dermed står Leicester framleis utan baklengsmål i meisterligaen.

Ranieris lag er også på god veg til åttedelsfinale.

FCK køyrde opninga

Ståle Solbakkens menn kopla tidleg eit hardt grep om kampen, og var det leiande laget i heile den første omgangen.

Trass mange gode FCK-angrep, klarte danskane aldri å komme til dei verkeleg store sjansane. Men det gjorde heller ikkje dei blåkledde gjestane.

Leicester låg lågt i bana heile den første omgangen, og tok dei kontringssjansane dei fekk, utan å vere særlege farlege framom mål.

Dermed gjekk laga til pause på stillinga 0-0

Sjansefattig

Men i den andre omgangen tok Leicester over grepet i kampen. FCK hamna bakpå, og slapp Leicester til i mykje større grad.

Likevel var det København som kom til den største sjansen i det 70. minutt. Då fekk Bejnamin Verbic stå ledig inne i 16-meteren, og fekk to gylne sjansar til å sette ballen i mål.

Det fekk han ikkje til.

Etter 70 minuttar spel fekk Robert Huth ballen i handa innanfor 16-meteren. FCK ropa på straffe, men dommaren gjorde ingenting.

I sluttminutta var det framleis høg intensitet i kampen, og FCK kom til kampens største desidert største sjanse i det 89. minutt. Cornelius header mot mål, men Schmeichel gjorde eit tigersprang, og fekk avverga mål.

SOCCER-CHAMPIONS-KOB-LEI/
Foto: Andrew Couldridge / Reuters

– Me får same type kamp mot Porto, og vinn me er me i pole position, seier Solbakken.

No gjenstår ein viktig heimekamp mot Porto, og ein bortekamp mot Club Brugge. FCK har framleis gode sjansar til å komme vidare i meisterligaen.

– Me lever, konstaterer Solbakken.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal