Dette er troppen til kampane mot Gibraltar, Tyrkia og Montenegro:
Keeperar: Rune Almenning Jarstein, André Hansen, Sten Grytebust, Kristoffer Klaesson.
Forsvar: Birger Meling, Haitam Aleesami, Martin Linnes, Jonas Svensson, Julian Ryerson, Kristoffer Ajer, Stefan Strandberg, Ruben Gabrielsen, Stian Gregersen, Marius Lode, Leo Skiri Østigård.
Midtbane: Fredrik Midtsjø, Mathias Normann, Morten Thorsby, Iver Fossum, Patrick Berg, Martin Ødegaard, Sander Berge, Mohamed Elyounoussi, Jens Petter Hauge, Mats Møller Dæhli.
Angrep: Erling Braut Haaland, Alexander Sørloth, Joshua King, Jørgen Strand Larsen, Kristian Thorstvedt, Tokmac Nguen.
– Han er ein sterk karakter
Den tidlegare kapteinen Stefan Johansson har gitt seg på landslaget. Solbakken har valt Martin Ødegaard som ny kaptein.
– Han blei til sjuande og sist vald av meg, men sjølvsagt etter ein gjennomgang med støtteapparatet, og basert på samtaler eg har hatt med spelarane, sa Solbakken då han presenterte troppen.
Han viste til at Ødegaard allereie har levd eit langt liv på høgste nivå i Europa.
– Han har ei evne til å vere ein lagspelar både på og utanfor bana. Han har ein sterk karakter, sa den nye landslagssjefen.
– Han skal kjenne seg fri på bana og gjere det han er best til. Han er ein botsolid fyr, og godt likt.
Solbakken har gjort fleire kapteinsval tidlegare i sin trenarkarriere.
– Det er viktig at nokre spelarar veks på det, og nokre som kanskje kjenner eit ekstra ansvar som kanskje hindrar dei. Martin er superklar for dette, seier Solbakken.
Markus Henriksen synest valet av Ødegaard som kaptein er spennande.
– Han er ein dyktig fotballspelar og ein moden herre, så eg håpar og trur han kan prege det norske landslaget i mange år framover. Eg trur Martin er klar for den oppgåva, seier Henriksen.
Stor tropp
Det er ein stor tropp på 31 mann Ståle Solbakken har teke ut til sine tre første kampar som norsk landslagssjef. Årsaka er uvissa om kor mange klubbar som vil sleppe spelarane sine.
FIFA har nemleg gitt klubbane rett til å nekte å gi spelarane fri til landskampar denne gongen. Det er på grunn av koronatiltaka, der fleire land krev karantene når spelarane kjem tilbake.
Norge skal innleie kvalifiseringa til VM i Qatar neste år med kampar mot Gibraltar 24. mars, Tyrkia 27. mars og Montenegro 31. mars. Kampane mot Gibraltar og Montenegro er bortekampar, Tyrkia-kampen er heimekamp, men som er flytta til nøytral bane i Malaga i Spania på grunn av koronarestriksjonane.
Solbakkens uttak kjem rett før fotballtinget søndag skal diskutere forslaget om boikott av VM på grunn av dei umenneskelege forholda gjestearbeidarane i Qatar, som byggjer VM-arenaene, lever og arbeider under.
Solbakken sa også at han ikkje vil tvinge nokon til å delta i Qatar.
– Dersom nokon kjem til meg og seier at «dette kan ikkje eg vere med på», så har han full respekt frå meg.