Hopp til innhold

Solbakken sitt «nye Noreg» forundrar: – Det skjedde noko førre samling

ULLEVAAL STADION (NRK): Det norske herrelandslaget har igjen vorte eit lag som fengjer nordmenn. Det er det fleire gode grunnar til, meiner både spelarane og Ståle Solbakken sjølv.

Football, FIFA World Cup Qualifier, Norway - Montenegro

I DYTTEN: Ståle Solbakken og Noreg har alt i eigne hender før dei to siste VM-kvalikkampane.

Foto: VEGARD WIVESTAD GRØTT / BILDBYRÅN

– Eg har fått eit landslag å vere stolt av igjen. Eit lag med eit stort og bankande hjarte, drivande sveitte og oppofrande kollektiv, skreiv fotballekspert Lars Tjærnås på Twitter under samlinga som vart avslutta med 2-0-siger mot Montenegro måndag kveld.

Tjærnås var ikkje åleine om å meine noko i den duren. Engasjementet rundt det norske landslaget er høgare enn på lenge og positivismen rår.

Mykje av æra for oppturen blir gitt til den jobben Ståle Solbakken har gjort sidan han overtok spakane etter Lars Lagerbäck i desember 2020.

– Ser eit lag som blør for drakta

Ti månader og ti kampar seinare har Noreg fått fram eit lag, og fleire enkeltspelarar, som gir håp og tru om at dette kan kulminere i ein meisterskap.

– Ein ser eit lag som blør for drakta og speler med hjartet. Vi var under stort trykk i andre omgang mot Montenegro, men sprang og kjempa for kvarandre. Det er derfor folk er glade i oss, og det er klart at resultat hjelper, seier Mohamed «Moi» Elyounoussi til NRK.

Han skåra begge Noreg sine mål mot Montenegro. Moi meiner Solbakken først og fremst har komme inn og stilt høge krav.

– Han har teke tak i kvar enkelt spelar og krev meir av oss, både taktisk på banen og utanfor banen. Det er fleire som no «steppar opp», fleire som tek tak og fleire som tør å prøve og tør å utfordre seg sjølv på banen. Det strukturelle er på plass, seier Moi til NRK.

Football, FIFA World Cup Qualifier, Norway - Montenegro

Ståle Solbakken jublar saman med målskårar Mohamed Elyounoussi og dei andre norske spelarane i 2-0-sigeren over Montenegro på eit fullsett Ullevaal måndag.

Foto: MARIUS SIMENSEN / BILDBYRÅN NORWAY

– Det skjedde noko førre samling

Stefan Strandberg er blant dei som lèt seg overraske og imponere av framgangen Noreg har under Solbakken.

Midtstopparen meiner det no verkeleg byrjar å losne under leiinga til det nye trenarregimet.

– Det skjedde noko førre samling. Det er ikkje sikkert vi hadde vunne denne kampen for ei stund sidan. Ståle har stilt klare og harde krav til oss, og eg synest vi har respondert bra. Mot Montenegro sleit vi i periodar, men når mentaliteten er som den er i gruppa, klarer vi å vippe kampen i vår favør, seier Strandberg.

NRK-ekspert Carl-Erik Torp meiner Noreg starta dårleg under Solbakken, men at no pila peikar oppover.

– Det som har imponert meg mest er kor rå han er til å skape optimisme med sin veremåte i alle retningar. Og måten han har vågd å bruke nye spelarar. Marcus Holmgren Pedersen gjekk til dømes rett inn på laget, sleit litt i første kamp, men fekk fornya tillit og pøsar på vidare, eksemplifiserer Torp.

NRK-eksperten meiner Solbakken si kanskje største styrke er at han får det beste ut av kvar spelar.

– Solbakken skvisar maks ut av det å vere underdog. Det trur eg smittar over på spelarane, og då blir ein ikkje redd. Då hamnar du i ein angrepsposisjon, seier han.

Kommer Norge til VM?

Til NRK seier Solbakken dette om korleis han ser på sin eigen start som landslagssjef.

– Eg er fornøgd med at vi har bra framgang. Vi har ein bra «go» i gruppa. Spelarane trur på kvarandre. Spelarane trur på tankegodset vårt og det er god stemning på og utanfor banen. Det er alltid eit godt grunnlag, seier han.

– Var mykje kjensler i garderoben

Solbakken er svært stolt over den prestasjonen spelarane hans la ned mot Tyrkia og Montenegro, særleg med tanke på alle dei skadeforfalla som plutseleg tikka inn éin etter éin før kampane.

– Mange av spelarane hadde nok tenkt på førehand at dei skulle spele ei birolle eller kanskje inga rolle i det heile. Men så spelte dei ei stor rolle på den samlinga her. Det trur eg presser fram kjensler hos mange, det var mykje kjensler i garderoben etter kampen, seier han.

Landslagssjefen meiner Noreg eigentleg berre har gjort éin dårleg kvalikkamp under leiinga hans.

– Og det er den første mot Tyrkia der vi slapp inn så lette mål at det vart uvesentleg kva vi gjorde elles. Det vi har fått inn i laget no, er at vi kan spele på ulike måtar ut frå kven vi møter og kva type kampbilete det blir. Det synest eg vi har gjort bra, i alle fall med tanke på at vi nesten ikkje har treningar saman.

– Vi har brukt ganske mange spelarar i ulike posisjonar for å komme dit vi er no. Vi er ikkje der vi vil vere, men vi er i alle fall på god veg, seier Solbakken.

– Kan ikkje dytte noko under teppet

På spørsmål på pressekonferansen om kulturen på landslaget er på veg til å bli den same som han var då Noreg kvalifiserte seg for tre meisterskapar på rad i 94, 98 og 2000, svarer han:

– Vi har teke nokre kjempesteg når det gjeld å vere tydelege med kvarandre. Når vi er samla på så kort tid kan ikkje noko blir dytta under teppet. Det må fram, vi må løyse problemstillingane, meiner Solbakken.

Stefan Strandberg stortrivst under sin nye, og entusiastiske, landslagssjef:

– Han er steingal, og det fekk ein sjå på 2-0-skåringa (mot Montenegro). Det er mykje kjensler involverte, og det er fantastisk å ha ein trenar som gir så mykje av seg sjølv. Han er ekstremt tydeleg, men samtidig viser han mykje kjensler og kor mykje det betyr for han. Det seier litt om kor tett den gruppa her har vorte, gliser Strandberg.

– Eg var nesten på gråten

Midtstopparen vart sjølv svært kjensleladd då «Moi» skåra 2-0-målet og sikra sigeren for Noreg.

– Eg prøver å spele litt «tough guy», men akkurat der var det ikkje langt frå at det kom ei tåre. Eg var ekstremt sliten, og det som skjer då er at ein får eit utruleg «rush» gjennom kroppen. Det er umogleg å forklare, ein må berre oppleve det sjølv. Eg var nesten på gråten då vi fekk den skåringa, for det er så viktig for det som skal skje resten av hausten, seier Strandberg.

Montenegro-trenar Miodrag Radulovic var ikkje veldig imponert over Noreg i kampen på måndag. Han meiner nederlaget handlar meir om at dei ikkje klarte å vere skikkeleg «på» frå start.

– Noreg utan dei beste spelarane sine, som Haaland og Thorsby, er ikkje gode nok til å ta andreplassen, seier han til NRK via tolk på Ullevaal etter kampslutt.

Solbakken tek det stempelet med knusande ro.

– Dei har eit godt lag og er skuffa no, og nokre gonger seier ein ting i affekt. Eg trur han vil analysere det annleis om eit par dagar, han analyserte det i alle fall annleis før kampen, seier Solbakken.

No står det att to kampar i gruppespelet. Strandberg ser fram mot det som utvilsamt blir ei thrilleravslutning.

– Moglegheita er store, alt ligg i hendene våre. Per dags dato ser det veldig bra ut, no skal vi gjere jobben i den første kampen, så blir det ein finale nede i Nederland, seier han til NRK.

Noreg møter Latvia på Ullevaal 13. november, før Nederland ventar i Rotterdam tre dagar seinare.

Siste nytt

  • To Carlsen-seirer i Tyskland

    Sjakkstjernen Magnus Carlsen vant begge sine partier torsdag og ligger alene på toppen av Chess Classic i tyske Karlsruhe etter seks runder.

    Nordmannen står med fire poeng etter de første seks rundene og har ett poeng ned til sine nærmeste konkurrenter. Torsdagens seirer kom mot Vincent Keymer (Tyskland) og Richard Rapport (Romania).

    Turneringen spilles i formatet «rask klassisk», som betyr at spillerne har 45 minutter på klokka og får ti sekunder ekstra for hvert trekk.

    Alle de seks deltakerne skal møte hverandre to ganger hver innledningsvis, før det er finale, kamp om tredje- og femteplass 2. påskedag.

    Det er første gang turneringen arrangeres etter koronapandemien. Carlsen har vunnet turneringen to ganger tidligere og er tittelforsvarer ettersom han vant i 2019. (NTB)

    Magnus Carlsen Samarkand
    Foto: Lennart Ootes / Fide
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal