Hopp til innhold

Solbakken om den nye yndlingen sin: – Har kanskje Noregs største leggar

Julian Ryerson (24) blir rangerte som ein av Bundesligaens beste forsvarsspelarar. Vegen dit har vore prega av tolmod og hardt arbeid.

Julian Ryerson

SKAL FORSVARE Noreg: Julian Ryerson startar truleg mot Slovenia. Det gjer han stinn av sjølvtillit.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Før Ståle Solbakken kom inn som norsk landslagssjef, hadde Ryerson berre éin fattig landskamp på CV-en, og den kom med det mykje omtalte «nødlandslaget» mot Austerrike i november 2020.

Men sidan Solbakken tok over etter Lars Lagerbäck desember 2020, har Ryerson vore eit fast innslag i troppen.

Visekaptein

Totalt har det vorte ti nye landskampar for backen som forlét Viking i 2018.

– Statusen hans hos oss har gradvis vorte forsterka, det har han vorte i Union Berlin òg, seier Solbakken no.

Han har heilt rett.

Ryerson vart nyleg utnemnt til visekaptein for laget som mot alle odds toppar Bundesligaen etter sju rundar.

– Det er eit ansvar eg trur eg kan vekse på. Det er ei tillitserklæring, og eg har stor respekt for oppgåva, seier Ryerson sjølv til NRK.

Julian Ryerson og Thomas Müller

Julian Ryerson har fått mykje erfaring mot tøffe bundesligaspelarar. Her i amper disputt med Thomas Müller.

Foto: FRANKPETERS / WITTERS

Av forsvarsspelarar i Bundesligaen på Kickers spelarbørs, er det berre dei to profilane Benjamin Pavard og Matthias Ginter som blir rangerte betre i den tyske toppdivisjonen.

Det seier litt om sesongstarten nordmannen har hatt.

– Det er godt å få anerkjenning utanfrå, men ikkje noko eg legg stor vekt på. Som spelar har ein sjølv ei kjensle på kor bra ein gjer det, seier Ryerson.

– Noregs største leggar

Han har teke steg for steg sidan overgangen frå Viking i 2018 og vore tolmodig.

I 2019-sesongen spelte han berre tre kampar frå start. I 2020 vart det ti kampar frå start, medan det i 2021 enda med 13.

Så langt i 2022 har han starta seks av sju kampar og har vorte ei viktig brikke for det store overraskingslaget ut sesongen så langt.

– Eg visste kva eg gjekk til, og utviklinga til klubben har passa godt til mi eiga utvikling. Eg håpar det held sånn fram, seier han.

Ståle Solbakken er i alle fall imponert. Særleg fysikken har han bite seg merke i.

– Han har ekstreme krefter, og har kanskje Noregs største leggar, i alle fall topp 3. Eg trur kanskje Morten Svesengen (sportsleiar i Romerikes Blad og god ven av Solbakken) er nummer éin, flirer han.

Ryerson legg

Desse leggane har imponert Ståle Solbakken.

Foto: Henriette Hoel / NRK

– Det første eg merka

Noreg-sjefen beskriv Ryerson som ein prototyp «bundesligaspelar».

– Han dundrar opp og ned, fram og tilbake, på langs og på tvers. Her må vi halde han litt igjen, vi er meir opptekne av at han skal vere i bestemte posisjonar når vi har ballen og ikkje har ballen, fortel Solbakken.

Mohamed Elyounoussi lèt seg heller ikkje overraske over Ryerson-suksessen.

Han skjønte fort, då Ryerson vart ein fast del av landslagstroppen, at dette er ein fyr som meiner alvor.

– Det første eg merka då eg vart kjend med Julian ute på bana, er at han er ein spelar som gir 100 prosent av seg sjølv heile tida, anten det er ei pasningsøving eller firkant. Han er dønn ærleg i alt han gjer, og dette saman med talentet han har, gjer at han har kome så langt. Det er ein spelar vi sikkert kjem til å sjå meir til framover. Eg hadde jo også trenaren hans (Urs Fischer) i Basel, så eg er ikkje overraska over at dei gjer det så bra, seier «Moi» til NRK.

– Ei utruleg reise

Morten Thorsby er som kjend lagkamerat med Ryerson i Union Berlin. Han er også full av lovord om den 24-årige landslagskollegaen sin.

– Julian har hatt ei utruleg bra utvikling dei siste åra. Han er framleis i sterk utvikling og gjer det veldig bra, seier Thorsby til NRK.

Han beskriv Ryersons status i den tyske klubben som svært god.

– Julian har vore der i fire år og vore med på heile reisa frå 2. Bundesliga til å spele i Europaligaen og leie Bundesligaen no. Det er utruleg reise. Veldig fortent, og det har vore veldig bra for meg å ha ein som kan vise meg alle reglar og skikkar, og kanskje lære meg litt tysk òg, seier Thorsby.

Julian Ryerson

Fotballivet smiler til Julian Ryerson for tida.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Sidan opprykket i 2018 har det gått gradvis betre og betre for Union Berlin, som blir trekt fram som eit av tysk fotballs verkelege eventyrhistorier dei siste åra.

Det vart 11.-plass i 2019, 7.-plass i 2020, 5.-plass i 2021 og no leier dei altså Bundesligaen.

– Det har vore ei bratt kurve oppover, og no leier vi, så det blir ikkje så mykje betre enn det. Eg har vore ein del av ei positiv utvikling dei siste fire åra, men vi har jobba ganske hardt for det. Og det står mykje jobb framfor oss, seier lyngdølen.

– Skal ta det over mållinja

Mot Slovenia laurdag kveld ligg Ryerson an til å starte kampen på Noregs høgreback. Marcus Holmgren Pedersen er både småskadd og må stå over oppgjeret med suspensjon etter for mange gule kort.

Viss resultata går Noregs veg kan både gruppesiger og opprykk til nivå A i Nasjonsligaen bli ein realitet laurdag kveld.

Det vil også sende Noreg inn på det viktige seedingnivået 2 når EM-gruppene blir trekte 9. oktober.

– Eg har veldig lyst på den gruppesigeren, det trur eg vi alle har. Vi har eit kjempegodt utgangspunkt, og no skal vi ta det over mållinja. Det er målet vårt, og det trur eg vi skal klare, seier Ryerson.

Kampstart er 18.00, og dramatikken kan du anten sjå på TV 2 eller høyre på NRK Sport.

Siste nytt

  • Legendarisk tennistrener gikk bort

    Den høyt anerkjente tennistreneren Nick Bollettieri, som blant andre hadde Maria Sjarapova og Andre Agassi under vingene, har gått bort. Han ble 91 år gammel.

    Det skriver tennisakademiet IMG i en uttalelse mandag. Bollettieri var selv grunnlegger av akademiet tilbake i 1978.

    – Tennissporten ville ikke vært den samme uten Nicks innflytelse. Akademiet hans, som jeg var så heldig å være en del av, har ikke bare vært en startrampe for flere storheter innen tennis. Det har også hatt viktig betydning for utviklingen av andre idretter, skriver Jimmy Arias, som i dag er tennisdirektør i IMG.

    Tidligere verdenstoer Tommy Haas har også kommet med en hyllest til den nå avdøde treneren.

    – Det er så mange minner at jeg ikke vet hvor jeg skal begynne. Takk for all tid, kunnskap, ekspertise og villighet til å dele. Takk for at du har gitt meg muligheten til å følge drømmene mine, skriver tyskeren på Instagram. (NTB)

    FILE PHOTO: Tennis coach Bollettieri laughs during news conference where he was introduced as one of the five new inductees to the International Tennis Hall of Fame in New York
    Foto: Mike Segar / Reuters
  • Fifa åpner disiplinærsak mot Uruguay

    Det internasjonale fotballforbundet Fifa har åpnet en disiplinærsak mot Det uruguyanske fotballforbundet etter gruppespillskampen mot Ghana som sendte Uruguay ut av VM.

    Det opplyser Fifa i en pressemelding.

    Forbundet etterforsker Uruguay for brudd på artikkel 11, 12 og 13 i Fifas disiplinære regelverk. Det omfatter krenkende atferd og brudd på fair play-regler, krenkende behandling av spillere og kampledere og diskriminerende oppførsel.

    Uruguay fikk krass kritikk for oppførselen sin mot den tyske dommeren Daniel Siebert i kjølvannet av den tredje og siste gruppespillskampen mot Ghana.

    Til tross for at de vant kampen 2-0, ble de slått ut i gruppespillet på grunn av Sør-Koreas snuoperasjon mot Portugal. Sør-Korea tok seg videre på bekostning av Uruguay.

    Da kokte det over for flere av dem. Flere av de urugyanske spillerne stormet mot dommeren i raseri. Flere av dem, deriblant Atlético Madrids José Maria Gimenez, måtte holdes igjen mens kamplederen gikk inn spillertunnelen. Veteranen Diego Godin tok tak i drakten hans.

    Edinson Cavani veltet VAR-skjermen i sinne i etterkant. I tillegg til disiplinærsaken mot Det uruguyanske fotballforbundet, åpner Fifa en egen etterforskning mot nevnte Gimenez, Godin og Cavani, i tillegg til målvakten Fernando Muslera.

    FIFA World Cup Qatar 2022 - Group H - Ghana v Uruguay
    Foto: ALBERT GEA / Reuters
  • Flere løpere står over Beitostølen-helgen

    Verdenscup-sirkuset flytter seg til Beitostølen kommende helg, me ndet er flere profiler som står over. Ingvild Flugstad Østberg, Helene Marie Fossesholm og Sjur Røthe er blant dem som ikke stiller til start.

    Det opplyser Norges Skiforbund i en pressemelding.

    Totalt er det 39 løpere, fordelt på 18 kvinner og 21 menn, som er tatt ut til den kommende verdenscuphelgen på Beitostølen.

    Fredag er det klassisk sprint, etterfulgt av 10 kilometer klassisk på lrødagen og mixed stafett på søndagen.

    Helene Fossesholm
    Foto: Fredrik Tombra / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Er Ola Lunde og fotball den perfekte kombinasjonen? 00:51
Neste