Hopp til innhold

Solbakken meiner Noreg-spelar gjorde «dødssynd»: – Måtte gått heim viss det vart mål

Noreg heldt nullen for tredje landskamp på rad. Men Ståle Solbakken ser framleis teikn på at ikkje alle er heilt innkøyrt i hans «avanserte» måte å forsvare seg på.

Football, Nations League, Serbia - Norway

MYKJE Å JOBBE MED: Ståle Solbakken meiner spelarane hans framleis gløymer dei viktigaste prinsippa i soneforsvaret hans.

Foto: Vegard Grøtt / BILDBYRÅN

Noreg fekk ein glimrande start på nasjonsliga-gruppespelet med 1-0-siger over Serbia i Beograd torsdag kveld.

– Eg veit ikkje når vi sist hadde eit like sterkt borteresultat med Noreg. Det er lenge sidan, seier landslagssjef Ståle Solbakken til NRK etter kampen.

Han droppa den tradisjonelle pressekonferansen og gjorde heller alle intervjua i pressesona etter kampslutt. Dette fordi landslaget skulle rekke eit fly til Stockholm allereie natt til fredag.

– Dette smakte veldig godt. Vi var gode i lange periodar, og så måtte vi blokkere nokre skot og forsvare oss i periodar, men det visste vi, samanfattar Solbakken.

Les også Haaland-mål sikret norsk drømmestart: – En milepæl

– Det er ei dødssynd

Dette var tredje landskamp på rad der Noreg ikkje slapp inn mål. Noreg har no halde nullen i fem av dei seks siste landskampane.

Landslagssjefen har tidlegare uttalt at det har teke tid å få spelarane til å skjønne forsvarsspelet hans, men no byrjar det å sitje.

– Eg har alltid sagt at måten eg speler soneforsvar på er avansert og vanskeleg. Det er også noko av grunnen til at Stefan (Strandberg) speler, han er blant dei som har desse prinsippa best i ryggrada. Han kan snakke dei andre inn i det så dei ikkje gløymer seg, seier Solbakken.

Men likevel glepp det framleis frå tid til anna.

Serbia vann sjansestatistikken 3–2 mot Noreg, og Solbakken lèt seg irritere av at det enno er ting som ikkje fungerer som det skal.

– Den eine der, der Birger (Meling) støyter inn i banen framfor midtstopparane. Då speler dei ballen ut på sida, og så blir ballen slått rett gjennom feltet vårt. Det var den einaste halvsjansen dei hadde før pause. Viss han blir mål, då må Birger heim, altså. Det er ei dødssynd, men der er han (mentalt) i Rennes, der dei får beskjed om å gå opp i næraste mann, meiner Solbakken.

NRK fekk ikkje høve til å snakke med Birger Meling om situasjonen eller dødssynd-uttalen frå Solbakken før Noreg-backen og resten av laget sette kursen mot Stockholm natt til fredag.

Vendepunkt?

Landslagssjef Solbakken har heile tida vore klar på at Noreg skal til EM i 2024. Mats Møller Dæhli sit med same kjensle.

Dæhli fortel at det skjedde noko med spelargruppa gjennom hausten – og særleg etter Nederland-kampen.

Eg følte at det var eitt eller anna som losna for oss. Vi fekk samla oss endå betre som gruppe. Viss du ser korleis spelarane våre presterer i Europa, er det fantastisk. Det kombinert med at vi har ei veldig god gruppe, er det som gjer at vi kan bikke det i vår favør denne gongen. Vi får sjå korleis det går, seier Dæhli til NRK.

Football, Nations League, Serbia - Norway

FEKK SPELE: Mats Møller Dæhli.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Losna på kva måte?

Det handlar om dynamikken i gruppa, og korleis dei som har vore yngre tek tak og går føre og blir leiarar. Vi har hatt ein Stefan Strandberg som står fram veldig, og så har vi sjølvsagt Martin (Ødegaard), Erling (Braut Haaland) og Kristian (Thorstvedt) – vi har gode spelarar som står fram som leiarar på sine måtar. Eg synest den gruppa vi har no, har vorte skikkeleg sterk. Det er sterkt samhald, og det må vi ha for å klare å vinne dei toppkampane vi treng å vinne, seier Dæhli.

– Ein gneiste igjen

Kristian Thorstvedt har vist ei eiga evne til å påverke kampar. Solbakken kallar han ein «poengspelar»: Fire mål og seks målgivande på 14 landskampar seier sitt.

Thorstvedt kjenner seg også igjen i det Dæhli beskriv.

Ja, eg synest i alle fall den hausten var spennande, og vi klarte å skape ei gruppe med masse motivasjon. Folk pusha kvarandre, og det var fullt trykk på treningar og kampar. Det viser at vi er klare for å ta dei neste stega, meiner Thorstvedt.

Viss dei klarar det, vil det fort bety det første sluttspelet for Noreg på 24 år. Dæhli påpeikar at det vil bety enormt mykje langt utanfor garderoben.

Football, Nations League, Serbia - Norway

GOD START: Noreg og Martin Ødegaard takkar for kampen etter 1-0 mot Serbia.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Allereie har Belgia-spelaren lagt merke til ein ny entusiasme for og rundt landslaget.

Det eg har merka det siste året, er når eg møter folk på gata eller andre eg snakkar med, så snakkar dei veldig positivt om landslaget. Det blir ein veldig glad for. Det merka du også på nokre av dei heimekampane der vi fekk fylt Ullevaal i haust. Det var ein gneiste der igjen. Den vil berre bli endå sterkare viss vi held fram med å prestere og viser at vi faitar og til slutt klarer å komme oss til ein meisterskap, seier Dæhli.

Du har vore med lenge. Har du kjent på den tryggleiken og kjensla du beskriv no før ein kommande kvalik tidlegare?

Nei, kanskje ikkje. Eg er veldig trygg på laget vårt, og eg er trygg på at når vi går utpå (banen), vil du sjå eit lag som faitar. Vi er veldig trygge på det vi skal gjere. I tillegg til at du har den ekstra trua når du har såpass gode spelarar, og såpass mange gode spelarar. Du har moglegheit til å byte spelarar, setje innpå folk som kan skåre mål – det er mange moglegheiter no. Det ser du også på troppen, seier Dæhli.

Ny kamp søndag

Noregs neste kamp blir altså spelt mot Sverige borte førstkommande søndag kveld klokka 20.45. Så ventar to heimekampar mot Slovenia 9. juni og Sverige igjen 12. juni.

Nasjonsliga-gruppespelet blir avslutta så med to kampar i september mot Slovenia (borte) og Serbia (heime).

Siste nytt

  • Dobbel punktering for Solberg i Kenya

    Oliver Solberg havnet i ordentlig trøbbel under fredagens formiddagsøkt i Rally Kenya. Både på den tredje og den fjerde fartsprøven punkterte 22-åringen.

    Dermed er han mer enn sju minutter bak teten i det totale sammendraget, mens det opp til lederen i WRC2-klassen skiller rett i underkant av fire minutter.

    Etter solid kjøring på fredagens første fartsprøve gikk det galt tidlig på den andre. Et dekkskifte kostet 22-åringen nær to minutter.

    – Vi kjørte rent, men disse tingene kan skje når terrenget er så krevende, skrev Solberg på X.

    En drøy time senere punkterte Solberg og makkeren Elliott Edmondson igjen, og nesten fire nye minutter gikk tapt.

    – Fartsprøve nummer fire brakte med seg samme uflaks som den tredje. Vi har ikke marginene på vår side, men alt kan skje i dette rallyet. Herfra og ut er det fullt trykk på pedalen, skriver 22-åringen.

    (NTB)

    OU7SVdPdOTc
    Foto: AFP
  • Dimitrov feide Alcaraz ut av Miami Open

    Grigor Dimitrov sto for kvartfinalenes overraskelse da han slo førsteseedede Carlos Alcaraz i strake sett i Miami Open.

    Den 11.-seedede bulgareren vant 6-2, 6-4 og satte opp et semifinalemøte med den solide tyskeren Alexander Zverev.

    I den andre semifinalen skal Daniil Medvedev og Jannik Sinner opp mot hverandre.

    (NTB)

    YNP63FKdBtg
    Foto: AFP
  • Wrexham skylder kjendiseierne over hundre millioner

    League Two-klubben Wrexham, som eies av skuespillerne Ryan Reynolds og Rob McElhenney, skylder eierne rundt 9 millioner pund, opplyser klubben. Det tilsvarer drøyt 120 millioner kroner.

    Klubben holder til i Wales og ble kjøpt av skuespillerduoen i 2021. Siden fulgte en sportslig opptur, og laget blir fulgt i den Emmy-vinnende dokumentarserien «Welcome to Wrexham».

    Laget tapte semifinalen i opprykkskvalifiseringen i sesongen 2021/22, men rykket opp til League Two året etter. I skrivende stund ligger Wrexham på tredjeplass, med gode muligheter for å nå minst kvalifisering til League One, tredje nivå i engelsk fotball.

    Torsdag la klubben fram regnskapet for budsjettåret som sluttet i juni 2023. Der går det fram at klubbens omsetning har økt med 75 prosent til rundt 10,5 millioner pund fra 6 millioner pund, men at underskuddet samtidig vokste fra 2,9 millioner til 5,1 millioner pund.

    – Klubben er ikke under noe umiddelbart press for å tilbakebetale lånene på bekostning av framgangen vi ønsker å oppnå, skriver klubben.

    Videre opplyses det at det vil hentes inn ytterligere midler for å støtte opp om framtidige prosjekter.

    (NTB)

    QxUVtmMA_7A
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal