NRK Meny
Normal

Sogndal vil «gå heile vegen» til Ullevaal

Ulrik Flo håpar suksessen i Eliteserien smittar over på cupforma til Sogndal Fotball. I kveld møter dei 1. divisjonslaget Ull./Kisa i tredje runde av cupen.

Ulrik Flo

SVOLTEN: Etter mange nedturar i cupen, er Ulrik Flo meir enn klar for å representere Sogndal i cupfinalen på Ullevaal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Stryningen har store forventingar før kveldens cupoppgjer heime på Fosshaugane.

– Vi har hatt nokre dårlege cuprundar, og nokre som har vore middels. Ein gong må den runda kome der vi kjem heilt til finalen, seier Ulrik Flo.

Vil til finalen

For Sogndal kan ikkje skryte på seg å ha prega fotballcupen dei siste åra. I fjor vart det eit pinleg cuptap for 3. divisjonslaget Florø (0-3) allereie i første runde.

Kvartfinale er klubben sin beste cupprestasjon sidan cupfinalen mot Brann i 1976. Sist i 2001 og 2010 mot høvesvis Odd og Follo.

– Vi ynskjer sjølvsagt å nå finalen. Det er det store målet. Så får vi jobbe så godt vi kan og komme så langt som mogeleg, seier Flo.

– Berre siger er godt nok

Sogndal kom seg greitt vidare frå første runde med 4–0 over Tornado Måløy , men måtte gjennom ekstraomgangar og straffekonkurranse før dei kunne heve armane borte mot Træff . Før laget når sin åttande kvartfinale i cupen, må 1. divisjonslaget Ull./Kisa tuktast i kveld.

Med berre ein siger på dei ti første kampane, ligg laget på 14. plass og utsett til under nedrykksstreken.

– Ull./Kisa er eit lag vi bør slå. Det einaste som er akseptabelt i dag, er siger, seier Flo som så langt har scora to mål i cupen for Sogndal.

– Alltid ein fare

Sogndal-ekspert Jon Navarsete åtvarar spelarane mot å bli for sikre på cupavansement før kampen.

Jon Navarsete

HAR TRUA: Jon Navarsete trur ikkje Sogndal vil svikte mot Ull./Kisa.

Foto: Arve Uglum / NRK

For det er lett å bli overmodig og undervurdere motstandaren når ein har gjort det så bra på øvste nivå i Norge. Det har Sogndal, men også langt meir meritterte lag, gjort før.

– Det er alltid ein fare. Vi såg det i førre cuprunde der dei hadde meir enn nok å stri med oppe i Molde mot Træff. Det skal ikkje så mykje til. Dersom spelarane senkar intensiteten litt, så er dei andre i utfordrarposisjon og så blir det eit jamt oppgjer, seier han og held fram:

Hovudet på rett stad

– Det er viktig å ha hovudet på rett stad. Ha innstilling til at dette er ein fotballkamp som handlar om noko så viktig som å gå vidare i cupen, seier Navarsete og har tru på at spelarane held begge beina godt planta på jorda.

– Eg er ganske trygg på at dei tek det så alvorleg som dei skal. Det er blitt ein slik profesjonalitet i spelargruppa at eg blir overraska om Sogndal går på bana og tek ting for gitt, seier Navarsete.

– Skal godt gjerast

Med ferie i eliteserien, meiner Navarsete det er viktig å «halde det gåande» med cupoppgjera. I tredje runde skal 32 konkurrerande lag halverast til 4. runde 26. juni.

Deretter kjem kvartfinale 3. juli, semifinalar 25. og 26. september før dei to beste laga står på kvar sin banehalvdel på Ullevaal 24. november. Vegen fram er med andre ord lang.

– Ein må alltid sikte mot å gå så langt som mogeleg, men det er berre plass til to lag der. Så det skal godt gjerast, seier Ulrik Flo.

SOGNDAL: Erik Dahlin, Eirik Bergum Skaasheim, Hannu Patronen, Gustav Valsvik, Espen Næss Lund, Malick Mane, Rune Bolseth, Kristoffer Nesse Stephensen, Ruben Holsæter, Azar Karadas, Ulrik Flo.

BENKEN: Leif Lysne, Ørjan Hopen, Ricardo Santos, Anders Hella, Stian Dyngeland, Magnus Stamnestrø, Mattias Dyngeland.

ULL./KISA: Alexander Vangen, Johan Kolbjørnsrud, Pål Steffen Andresen, Martin Rosenkilde, Simen Kind Mikalsen, Truls Jørstad, Stanley Ihugba, Kim Brenna, Morten Giæver, Ahmed Suleiman, Steevan Dos Santos.

BENKEN: Henrik Homleviken, Rasmus Steenberg Christiansen, Christian Aas, Lars Jørgen Mork, Ole Kristian Langås.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM feltritt: Terreng
EM feltritt: Terreng
Terreng
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
Eliteserien: Lillestrøm - Vålerenga
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 Eliteserien fotball: Lillestrøm - Vålerenga
Toppidrettsveka