Snytte Jakob Ingebrigtsen for VM-medalje – blir etterforska for doping

I fjor spurtslo Taoufik Makhloufi nordmannen i medaljekampen på 1500 meter. No er han i søkelyset til fransk politi.

-yqFVraAfW0

TOK SØLV: Her spring Taoufik Makhloufi inn til sølv på 1500 meter i VI i fjor

Foto: LUCY NICHOLSON / Reuters

Tidlegare i år blei det funne ei veske med sprøyter og anna utstyr som blir kopla til doping på den franske treningssenteret Insep, melder den franske TV-stasjonen Stade 2. Makhloufi trenar regelmessig på det senteret.

I bagen skal det også ha blitt funne dokument som knyter bagen til algeriske Taoufik Makhloufi, skriv Running Magazine. Politiet skal prøve å finne ut om bagen tilhøyrer Makhloufi, og om det dreier seg om ei straffbar handling.

NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal er ikkje overraska.

– Nei, det kan eg ikkje seie at eg er. Makhloufi er ein utøvar vi har lurt litt på opp gjennom åra, seier Rodal.

Han minner om at saka førebels er under gransking, og at politiet ikkje har kome til nokon konklusjon.

Sjå innspurten i VM-finalen i fjor:

– Mange som klødde seg i hovudet

Makhloufi (32) slo gjennom med OL-gull på 1500 meter i London i 2012. Han var borte frå rampelyset frå 2016 til juli i fjor, og tok eit par månader seinare sølv i VM i Doha. Det fekk Gjert Ingebrigtsen til å reagere.

– Alle kan sjå at dette er spinn, hakkande gale, sa Ingebrigtsen til NRK etter VM-løpet, der Jakob blei nummer fire på sterke 3.31,70.

Men han understreka at han ikkje hadde mistanke om at det var doping inne i biletet.

– Han har vore usynleg i lange periodar og kome til start ved viktige høve, og vore i veldig god form. Først då han blei olympisk meister i London i 2012, og sist VM-sølvet i Doha i fjor, uventa etter å ha trekt seg tilbake og vore to år ute av friidretten. Då var det mange som klødde seg i hovudet og lurte på korleis dette var mogeleg, seier Rodal.

Taoufik Makhloufi

BORTE I TO ÅR: Taoufik Makhloufi var borte frå friidretten i 2017 og 2018, før han kom tilbake og tok VM-sølv i fjor

Foto: Mustafa Abumunes / AFP

– Det er krevjande nok å få ein utøvar tiltalt i ei slik sak. Så eg er ikkje heilt sikker på at me er der at me får sjå Makhloufi dømt enno, men det er sjølvsagt ei stygg ripe i lakken når det dukkar opp noko slikt, legg han til.

Makhloufi har ikkje deltatt i løp i år.

Hadde dopingdømd trenar

Då Makhloufi slo gjennom i 2012, blei han trena av Jama Aden.

Aden blei teken i ein razzia i Barcelona i 2016 då det blei funne Epo på hotellet han og hans utøvarar budde på. Men Makhloufi var ikkje lenger i Adens «stall» på det tidspunktet.

– Han la opp rundt det tidspunktet og trekte seg litt tilbake. Han påstod at då han kom tilbake i fjor, hadde han kjeda seg, og at han ville kome tilbake på den internasjonale løpescena, seier Rodal.

– Det klarte han jo så til dei grader. Og det var jo fleire, meg sjølv inkludert, som synest det var eit mistenkeleg sterkt comeback.

NRK har prøvd å kontakte Taoufik Makhloufis agent René Auguin, men førebels utan hell.

Det algeriske friidrettsforbundet har heller ikkje svart på NRKs førespurnad.

Siste nytt

  • Giroud scoret fire

    Olivier Giroud fortsetter å score viktige europacupmål. Han sto for alle målene da Chelsea slo Sevilla 4-0 på bortebane og sikret gruppeseieren i mesterligaen.

    Den 34-årige franskmannen er stadig blitt avskrevet og holdt på å forsvinne fra London-klubben i forrige overgangsvindu, men han er nå oppe i 16 europacupscoringer denne sesongen og de to foregående. Ingen har scoret flere for en engelsk klubb i den perioden.

    Olivier Giroud
    Foto: Angel Fernandez / AP
  • Seieren glapp for Vålerenga

    Vålerenga har ikke vunnet borte mot Stabæk siden Vidar Örn Kjartansson sist var i klubben i 2014.

    Onsdag så det ut til at de skulle klare bragden da islenderen scoret kampens første mål tidlig i førsteomgang. Etter hvilen var hjemmelaget det beste laget og utlignet fortjent etter en scoring fra Marcus Antonsson.

    Kampen om de to siste pallplassene lever enda. Molde ligger på andreplass, mens Vålerenga ligger på tredje med fem poeng mindre og en kamp mer enn moldenserne. Rosenborg, Kristiansund og Odd jager fra 4.-6.-plass.

    Stabæk - Vålerenga
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
  • Sørloth avgjorde på overtid

    Alexander Sørloth avgjorde for Leipzig i mesterligakampen mot Istanbul Basaksehir på overtid. Dette var nordmannens første scoring for klubben. Han har vært innvolvert i elleve kamper.

    Det sto 3–3 mellom Leipzig og Basaksehir da kampklokken passerte 90 minutter.

    Sørloth som ble byttet inn midtveis i andre omgang, scoret på et skudd fra utenfor sekstenmeteren. Det ble tyskernes fjerde mål for kvelden, og nordmannen sikret med det tre poeng til Leipzig som vant 4–3 i Tyrkia.

    Sørloth avgjorde på overtid
    Foto: Uncredited / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal