– Det var litt overraskande å sjå ut av vindauget i dag. Det var heilt kvitt og snøbyer. Det lavar jo ned, seier Tom Erling Kårbø som kom til St Moritz frå Spania og 30 grader, etter at han fredag klarte VM-kravet.
Saman med brørne Jakob og Filip, samt Karoline Bjerkeli Grøvdal, er dei alle i St Moritz i Sveits for å lade opp til VM i Doha i slutten av månaden. Trenar Gjert Ingebrigtsen tar derimot det heile med eit smil.
– Det var fantastisk fint. Det er ikkje vanskeleg å forstå at folk drar opp hit for å stå på ski. Det byrjar jo å bli haust, så difor pakkar man med seg vottar og luer i sekken.
«Summer is over»
For det er ingen tvil om at eit snøkledd St Moritz er langt ifrå forholda utøvarane vil møte når dei reiser til Qatar og VM, der det er spådd brennheite temperatur på langt over 30 grader.
– Varmeakklimatisering?, skriv VM-håpet Karoline Bjerkeli Grøvdal på Instagram, der ho har lagt ut eit bilete av snøen som lavar ned.
– I think summer is over, skriv Filip Ingebrigtsen på eit bilete frå ein snødekt friidrettsstadion i den sveitsiske alpebyen.
Medan Kårbø på sitt vinterbilete spøkar med at det er sydenstemning i St. Moritz.
Trass det vinterkledde landskapet, så har ikkje det skapt dei store problema for dei norske utøvarane.
– Nei da, vi får gjort det vi skal. Det er ikkje nokon problem å springe ute, den forsvinn raskt, fortel pappa Gjert.
– Men litt rart med grøne plenar og 20 centimeter snø – og vakne til det, legg han til.
St Moritz ligg på rundt 1800 meter over havet, og det er først og fremst høgda, som gjere at friidrettsutøvarane har valt å legge oppladinga til VM.
Vurderar å reise til låglandet
Brødrene Ingebrigtsen har brukt alpeparadiset som treningsbase i store delar av sommaren, og reiste direkte dit etter dei sikra seg andre- og tredjeplassen i det siste Diamond League-stemnet i Brussel på fredag.
Kårbø som skal delta i sitt første VM, etter at han klarte VM-kravet på 3000 meter hinder fredag, seier at han kjem til å vurdere situasjonen etter kvart.
– Einaste skilnaden er at det blir roleg springing inne på mølla, i staden for å springe ute. Men varer det litt lenger, så er det mogeleg eg køyrer ned til låglandet og springe hardøktene, der det er varmt og snøfritt.