Siste nytt

  • Uhrenholdt Jacobsen inn i Wada

    Astrid Uhrenholdt Jacobsen er oppnevnt som IOCs utøverkomités stemme i WADAs utøverkomité. Det kom frem under fredagens åpne time med idrettssstyret.

    Astrid Uhrenholdt Jacobsen
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Vinden skapte trøbbel for Hovland

    Viktor Hovland gjekk andrerunden i europeatour-turneringa i Abu Dhabi to slag over par, og greidde dermed ikkje å følgje opp den sterke opningsrunden torsdag.

    Likevel låg Hovland på andreplass då han var ferdig med fredagsrunden, med seks slag under par. Det er tre bak leiande Scott Jamieson, men han er blant dei mange som enno ikkje er i gang med dagens runde.

    Hovland fekk bogey på sitt andre hol, følgde opp med ein birdie, så kom ny bogey. På resten av runden fekk han ein bogey, resten var på par.

    Espen Kofstad låg på par før dagens runde. Men han låg tre slag over par halvveges. Han er enno ikkje ferdig, men ligg an til å ikkje greie kutten, og får i så fall ikkje vere med i avslutta laurdag og søndag.

    Vinden skapte problem både for Hovland og dei andre som spela sine rundar tidleg i Abu Dhabi fredag. Vermedlingane spår at vinden skal vedvare, slik at også dei som skal spela seinare på dagen, kan få problem.

    Viktor Hovland
    Foto: Kamran Jebreili / AP
  • Real vidare, Barcelona ute

    Real Madrid sleit seg vidare til kvartfinalen i den spanske cupen, medabn Barcelona blei slått ut.

    Real var ille ute i åttedelsfinalen, dei også. Mot Elche blei Marcelo utvist i første ekstraomgang, og Elche tok leiinga 1-0 på frisparket som følgde.

    Men i andre ekstraomgang sytte Isco og Eden Hazard for at Real vann 2-1 over heimelaget.

    Ekstraomgngar blei det også i Bilbao, der Athletic slo Barcelona 3-2. Bilbao leia både 1-0 og 2-1, med Pedri utlikna tre minutt på overtid. Iker Muniain sikra Athletic sigeren på straffe i slutten av første ekstraomgang.

    Real Madrid jubler
    Foto: PABLO MORANO / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal