Smanliknar Haaland med Lewandowski
Nord-Irlands forsvarsspelar Conor McLaughlin samanliknar Erling Braut Haaland med Polens scoringsmaskin Robert Lewandowski.
– Slike spelarar er alltid i bevegelse. Du må vere konsentrert absolutt heile tida, seier McLaughlin til Belfast Telegraph.
– Men vi spela mot Polen i EM i 2016, og nekta Lewandowski å score, legg han til.
Han vedgår at det blir vanskeleg å stanse Haaland på Ullevaal onsdag, men har likevel håpet. Først og fremst fordi Leicesters Jonny Evans er tilbake. Han spela ikkje då laget tapte 1-5 for Norge i september.
– Å ha Jonny på laget, gir heile forsvaret sjølvtillit.
Landslagssjef Ian Baracloug seier til avisa at han kjem til å gjere minst ei endring frå laget som tapte 0-1 for Austerrike søndag. George Saville, som bomma på straffe i EM-kvaliken mot Bosnia onsdag, stod over kampen søndag. Men han er med igjen mot Norge.