Det ble vedtatt på tinget i Det frivillige skyttervesen torsdag med 39 mot 17 stemmer.
– Det har vore mi hjartesak lenge. Kvinner og menn konkurrerer i same klasse og på same vilkår, og er like gode. Kvifor skal vi då ha eit eige prinsesselag? spør Hilde Lang-Ree retorisk.
Det er skyttaren frå Løten som har teke det formelle initiativet til avviklinga. Ho tok formelt opp saka gjennom Hedmark skyttarsamlag, og fekk støtte frå Ringerike. No er det vedteke av Skyttartinget.
Dei har blitt så gode til å skyte no at dei finn det nedverdigande med eit eige lag – som ikkje eingong omfattar kvinna som kjem til å bli prinsesse.
Over 20 prosent kvinner
Beste kvinne har blitt kåra til skyttarprinsesse kvart år sidan 1955. Men det var først i 1974 dei fekk eit eige prinsesselag. Det var for å få større fokus på kvinnene, og å få fleire kvinner med.
– Det har hjelpt godt. I dag er over 20 prosent av skyttarane i dei beste klassene kvinner. Det betyr at vi statistisk skal ha ei skyttardronning kvart femte år. Og no har vi hatt det i to av dei tre siste åra, seier assisterande generalsekretær Terje Westvik i Det frivillige skyttervesen.
– I dei yngre klassene er prosentdelen endå høgare, seier Westvik.
I Stjørdal er det påmeldt 5003 skyttarar. 1043 av desse er kvinner.
I 1983 kom den første kvinna med i Kongelaget. Dermed var ikkje skyttarprinsessa klar når Prinsesselaget var ferdig litt tidlegare på ettermiddagen.
Seks av 15 var kvinner i fjor
2000 var siste året det ikkje var kvinner med der. I fjor var seks av 15 skyttarar i Kongelaget kvinner, og tre gonger har ei kvinne gått heilt til topps.
– Det var nødvendig på 70-talet då det var få kvinner med, og det var mennene som rådde. Men i dag har det utspela si rolle, seier Hilde Lang-Ree.
Årets prinsesselag blir det 45. og aller siste i rekka.
Vanskeleg i hurtigskytingane
Men i hurtigskytingane – stangskyting og felthurtigskyting – slit dei meir med likestillinga. Ikkje før i 2014 kom Liv Sollesnes som den første kvinna til finale i felthurtigskytingaskytinga. Jenny Stene har vore i stang-finale tre gonger, og var nær ved å vinne i 2016.
Men dei er dei einaste kvinnene som har nådd finalane.
– Det er vi i ferd med å gjere noko med. Vi har hatt kurs som er spesielt retta mot kvinner, det skal vi ha i år også, seier Westvik.