Slutt for hyppigaste byderbyet i verda – knekt av pengar og korona

Dei møtte kvarandre 353 gonger i cupar og ligaer. Det er verdsrekord for byrivalar. Så kom koronaen og tok knekken på det som skulle ha vore den historiske siste kampen.

Mohun Bagan vs East Bengal

DERBY: Det skortar ikkje på innsats verken på bana eller tribunen når Kolkata-derbyet blir spela

Foto: Diptendu Dutta / AFP

Dette er ei sørgjeleg historie om korleis fotballkultur, tradisjon og sjel blir overkøyrde av pengar og styrtrike menn.

Og korona. 99 år med kanskje verdas hardaste fotballrivalisering har gått over i historia. Utan å ha fått sett eit skikkeleg punktum.

Gløym Manchester. Gløym Liverpool. Gløym London, Glasgow, Istanbul, Buenos Aires og Milano. Gløym Europa og Sør-Amerika.

Det oftast spela byderbyet i fotball finn du i eit land dei færraste assosierer med fotball.

Landet er India og byen er Kolkata. Tilhengarane er ufatteleg mange og ekstremt lidenskapelege. Laga heiter Mohun Bagan og East Bengal. I 99 år har dei spela mot kvarandre 3–4 gonger i året i ulike cupar og ligaer. Det har blitt 353 møte. 371 om ein tek med eit knippe oppvisningskampar i tillegg.

Siste Kolkata-derbyet

NUMMER 353: Møtet 18. januar skulle bli det aller siste. Men det var det ingen som visste då

Foto: Hindustan Times

Punktumet som blei borte

18. desember i fjor slo Mohun Bagan rivalen med 2–1. East Bengals supporterar landet og verda over tok allereie til å sjå fram mot revansjeoppgjeret snaue tre månader seinare.

Men berre to dagar etterpå, den 20. januar, kom beskjeden: Mohun Bagan skulle ikkje lenger eksistere som sjølvstendig klubb.

Returkampen den 15. mars skulle dermed bli den 354. og aller siste, eit historisk punktum prega av ein svær dose nostalgi.

Men to dagar før kampen slo korona-tiltaka til. Kampen blei utsett på ubestemt tid. Og i slutten av april blei det bestemt at resten av ligakampane denne sesongen skulle avlysast.

– Alt er større og meir intenst

– Det er tusenvis av fans, det er klubbfargar, det er roping og drikking. Akkurat som ved andre store lokalderby. Det er berre det at alt er så mykje større, sterkare og meir intenst, seier eit medlem av East Bengals ultras-gruppe til BBC.

Gatene i sentrum av millionbyen er stengde og opprørspoliti er til stades over alt når rivalane møtest. 65.000 får plass inne på Salt Lake stadion, men langt fleire fans søkjer seg inn mot arenaen, den kommunalt eigde bana der billettane berre kostar 35–40 kroner.

– Det er dette alt dreier seg om. Kven bryr seg om kvar vi endar i ligaen? Det viktigaste er å vinne derbyet, seier ultras-medlemmen.

Også for spelarane er dette kampar langt ut over det vanlege. Jobby Justin var toppscorar for East Bengal i 2018/19.

– Vi bygde oss opp til kampen heile veka. Det var ei heilt ny erfaring for meg, fordi eg aldri hadde spela for eit slikt publikum før, sa han til Sportstar etter sin første derbykamp, der han også scora to mål.

– To mål i den kampen er høgdepunktet i karrieren, sa han.

Men no er det slutt.

Det skuldast Indias rikaste mann. Det skal vi kome tilbake til. Først litt om bakgrunnen for rivaliseringa.

Vi går tilbake til slutten av 1800-talet. Det britiske samveldet er på sitt største, og India er sjølve juvelen. Store mengder britar oppheld seg i landet av ulike grunnar, ikkje minst militære. Kolkata, betre kjend som Calcutta på den tida, var både administrasjonssete og hovudbase for dei omfattande militære styrkane.

Mohun Bagan

Mohun Bagan logo

LOGO: Mohun Bagan

Heime i Storbritannia var fotballen det nye og populære, og spreidde seg over heile Samveldet. Der det fanst britar, fanst det fotballag. Britane i Kolkata – først og fremst dei militære styrkane – starta mange klubbar, og grunnla cup og serie etter mønster frå heimlandet.

Dei lokale innbyggjarane blei smitta av interessa og fann ut at dei også ville vere med på moroa. Derfor stifta nokre av dei i 1889 Mohun Bagan med berre innfødde indarar på laget.

Stort sett blei dei slått av britiske lag. Men i 1911 fekk dei sitt store gjennombrot ved å vinne cupfinalen over eit militært lag. Det var ein skrell som blei lagt merke til. Ikkje minst fordi dei spela berrføtt. Sko blei ikkje påbode i indisk fotball før i 1954.

East Bengal

East Bengal logo

LOGO: East Bengal

East Bengal blei grunnlagd over 30 år seinare enn rivalen. Bakgrunnen var den stadig aukande tilflyttinga frå den nordaustlege delen av India, stort sett området som no er Bangladesh.

Dei blei ofte diskriminerte som innflyttarar. Det toppa seg då ein av dei beste midtbanespelarane på Mohun Bagan blei sett ut av laget, visstnok berre fordi han var frå Aust-Bengal.

Det var gneisten som skulle til for å grunnlegge klubben East Bengal FC.

Klubben med røter i storbyen, mot klubben som berre hadde tilflyttarar frå provinsen – det måtte bli rivalisering av slikt.

Mållaust i første kamp

Første gong dei møttest var i semifinalen i ei lokal cupturnering 8. august 1921. Kampen enda 0–0. Omkampen nokre dagar seinare blei vunnen av Mohun Bagan med 3–0.

Indisk cupfinale 1911. Mohun Bagan

SJOKK: Skrellen var enorm i 1911 då Mohun Bagan feia all britisk motstand til side og vann cupen

Foto: Faksimile frå Dundee Counter

India er eit svært land, og det fanst ingen landsomfattande liga før halvprofesjonelle National Football League starta opp i 1996. Elleve år etter blei ligaen profesjonalisert og restrukturert under namnet I-League.

East Bengal og Mohun Began har ofte vore eit godt stykke nede på tabellane. Men lokalderbya har gjennom 99 år vore høgdepunkta i den indiske fotballen, uansett tabellsituasjon. Tilhengarskarane har vore – og er – heilt enorme, både i masse og intensitet, og både lokalt og nasjonalt i kjempelandet.

Feirar med fisk

Ei av mange historier som illustrerer det, er den om Bagan-tilhengaren som las i avisa at klubben sleit med økonomien og måtte selje sin brasilianske storscorar Jose Ramirez Barretto, skriv The Economic Times.

Supporteren sleppte det hadde i hendene og sprang til klubbkontoret. Der gav han bort kontrakten på leilegheita si, slik at klubben kunne selje den og ha råd til å fornye kontrakten med Barretto.

Brasilianaren spela for klubben i totalt 11 år og scora over 300 mål.

Hilsa, ei sild

FISK: Dette er sildefisken hilsa, som East Bengal-fansen skal ete i dagane etter ein derbysiger

Foto: Dibyangshu Sarkar / AFP

Derbykampane har blitt spela på Salt Lake Stadion, ein grå koloss i den nordlege utkanten av millionbyen. Bana har plass til 85.000 tilskodarar, men av tryggingsomsyn blir det berre sleppt inn 60.000 på derbykampane.

Men før ombygginga i 2011 var kapasiteten endå større. Då rivalane møttest i semifinalen i cupen i 1997, greidde dei å presse inn 131.781. Det er det største sportsarrangementet i indisk historie. Ikkje eingong ein cricketkamp har nokon gong samla fleire.

Sigrane blir blant mykje anna feira med fisk, av alle ting. Når East Bengal har vunne lokalderbyet, skal tilhengarane dei par neste dagane ifølgje tradisjonen ha hilsa – eit slags sild – til middag. Etter siger til Mohun Bagan er det reker som gjeld.

Fiskemarknadane står klare til å auke kiloprisen kraftig straks dei får vite resultatet, skriv Four-Four-Two.

Det er den største kampen i India, i Asia, og kanskje ein av dei største i verda.

Krishendu Dutta, East Bengal-supporter / Outlook India

– Skal ta hemn i mitt neste liv

Historiene frå dei heftige derbykampane er mange, og nokre er reine tragediar.

Verst var det i 1980. Etter ei utvising braut det ut slåstkampar mellom rivaliserande grupper på tribunen. 16 menneske omkom.

Den største derbysigeren var East Bengals 5–0 i 1975. Ein Mohun Bagan-fan tok livet sitt på grunn av det.

– I mitt neste liv skal eg ta hemn ved å bli ein Mohun Bagan-spelar, skreiv han i notatet han la etter seg.

I 2012 braut det ut bråk på tribunane, og ein Mohun-spelar blei treft av ei flaske og måtte til sjukehus. Det opprørte laget så mykje at dei gjekk av bana og nekta å spele resten av kampen.

Forbundet reagerte med å ta frå laget alle poenga dei hadde teke så langt i sesongen. Likevel unngjekk Mohun nedrykk, og tok hemn på rivalen ved å bli ligameister året etter. East Bengal har ikkje blitt meister sidan 2004.

Fleire gonger har derbyet blitt avlyst fordi eitt av laga av ulike grunnar ikkje møtte fram. Det skjedde seinast i 2016, ifølgje ei oversikt frå goal.com.

– Ingen treng fortelje kor stort dette derbyet er. Det er den største kampen i India, i Asia, og kanskje ein av dei største i verda, seier East Bengal-supporter Krishendu Dutta til Outlook India.

Indias rikaste mann

Mukesh Ambani

SLANGEN I PARADISET: Mukesh Ambani er Indias rikaste mann, og grunnla superligaen

Foto: Francis Mascarenhas / Reuters

Lenge levde klubbane i eit lykkeleg hat-kjærleiksforhold til kvarandre. Så kom 2013. Slangen entra paradiset.

Slangen hadde namnet Indian Super League. Bak slangen stod Mukish Ambani, Indias suverent rikaste mann med ein formue tilsvarande 60 milliardar amerikanske dollar. Han ville ha India fram i det internasjonale fotballyset.

Trass i den enorme folkemengda har India aldri spela i fotball-VM, og er utanfor topp 100 på FIFA-rankinga.

Grunnen heiter cricket. I India er cricket ein idrett som overskuggar alt anna, og som tek hovudtyngda av både TV- og sponsorpengar.

All annan idrett i kjempelandet må nøye seg med smular. Også fotballen.

Grunnla liga etter franchise-systemet

Indian Super League

PENGELIGAEN: I 2014 starta superligaen opp, med masse pengar, kjende stjerner og stor tv-dekning

Foto: Danish Siddiqui / Reuters

Ambani forstod at I-ligaen ikkje hadde økonomisk kapasitet til å ta den kampen, og bestemte seg for å ta det nødvendige grepet.

Han grunnla derfor Indian Super League i november 2013.

Ligaen er bygd opp etter franchise-systemet, med åtte lag baserte i åtte byar spreidd over heile landet. Seinare har ligaen blitt utvida til ti lag, men aldri to frå same by.

Spelarar med store namn blei henta inn for å gi ligaen ein flying start. Første kampane blei spela i oktober 2014.

Med Ambasis pengebinge i ryggen gjorde den nye ligaen avtaler med store tv-selskap og la store ressursar i marknadsføring. Konkurransen blei hard, og den langt mindre pengesterke I-ligaen blei pressa frå første stund.

Den aller første klubben som blei teken inn i Superligaen var Atletico de Kolkata, nystarta og designa for den nye ligaen.

Gradvis inn i skuggen

For rivalane East Bengal og Mohun Bagan blei livet brått mørkare. I moderne fotball er det ikkje nok med sterke klubbkjensler og store tilhengarskarar. Det må også mykje pengar og god styring til. Begge klubbane hadde mangla dette i lang tid.

Men rivaliseringa heldt fram med uforminska styrke. Supporterane flokka seg om klubbane sine i minst like stor grad som før, og det var beinharde derbykampar for fullsette tribunar.

Samstundes sleit franchise-klubben ATK med å fylle tribunane. Der det tradisjonelle derbyet samla 60.000, fall ATK etter ein god start raskt ned på 12-15.000 tilskodarar.

Men resten av kampane i I-ligaen glei gradvis inn i skuggen. Lite og ubetydeleg til å begynne med, fordi Superligaen var ei privat greie utanfor kontrollen til AIFF.

Det var framleis Mohun Bagan, East Bengal og dei andre i I-ligaen som fekk Indias plassar i den asiatiske meisterligaen.

Fotballforbundets dilemma

Men det blei stadig vanskelegare for klubbane i I-ligaen å halde på spelarane. Superliga-klubbane betalte betre, og dei hadde sin pålagde kvote med indiske spelarar å fylle.

Det gjekk i tre år, så tvinga eit samarbeid seg fram. Etter mange møte og kreative løysingsforslag, overtok fotballforbundet (AIFF) administrasjonen av Superligaen i 2017. Og kom i skvis:

Dei hadde hand om to likestilte ligaer på toppnivå. Kven skulle ha førsteprioritet?

Det var mykje som skilde dei to ligaene økonomisk. Rike superligaklubbar og lenge økonomisk vanskjøtta klubbar i I-ligaen kunne vanskeleg vere i same bås.

WADOO AND D'CUNHA Wadoo (bagan) t.v. og D'Chuna (Bengal), Kolkata derby 2005

HARDE TAK: 353 gonger har Kolkata-rivalane møttest i kamp om poeng eller pokalar

Foto: Bikas Das / AP

I-Ligaen «avskilta» i fjor

Svaret på dilemmaet gav seg derfor sjølv, men det var først i fjor det blei offisielt:

AIFF avgjorde at det heretter skal vere Superligaen som skal levere klubbar til asiatiske turneringane. I-ligaen skal bli ein 2. divisjon, og det skal vere opp- og nedrykk. Men ikkje fullt ut før i 2024.

Dermed var det tradisjonelle derbyet nedgradert. Det var ille nok.

Men det skulle bli verre – mykje verre. Det skulle faktisk ende med døden.

Redusert til ein liten aksjepost

ATK Mohun Bagan logo

FUSJON: Slik blir den nye logoen i den slegne saman klubben

Foto: ATK Mohun Bagan

Den 20. januar i år, to dagar etter at Mohun Bagan hadde slått East Bengal 2–1 i første ligamøtet denne sesongen, blei det offisielt:

Mohun Bagan slår seg saman med Atletico de Kolkata. Den nye klubben får namnet ATK-Mohun Bagan og skal spele i Superligaen.

East Bengal blei ståande att i den no langt mindre interessante I-ligaen. Sjølv om dei enda på andreplass i år, bak byrivalen.

Mohun Bagan i gjævt selskap – i fjor

Det høyrer med til historia at ATK først hadde invitert East Bengal til samanslåing, men det førte ikkje fram. Mohun Bagan godtok derimot vilkåra, skriv The Statesman.

Ironisk nok er det ikkje lenge sidan Mohun Bagan blei tekne opp i det gjeve selskapet Club of Pioneers, eit nettverk av dei 28 eldste fotballklubbane i verda, med norske Odd som ein av medlemmane.

Det medlemskapen fekk Mohun Bagan 29. juli i fjor, i samband med markeringa av klubbens 130-årsjubileum.

Samanslåinga har vekt harme og til raseri i Mohun Bagans enorme tilhengarskare. Ikkje minst ettersom dei berre skal bli 20 prosent av den nye klubben. ATK skal ha 80 prosent. For å imøtekome fansen skal klubbtrøya bere emblema til begge klubbane. Dei får også ha namnet, men bak bokstavane ATK.

På sosiale media har det hagla det med meldingar frå folk som seier dei vil melde seg ut av fanklubben.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

For East Bengal er framtida uviss. Men det er håp i hengande snøre.

Allereie frå sesongen som startar opp til hausten, kan også East Bengal få lov til å kome inn i det gode selskap, først og fremst på grunn av sin enorme fanbase. To nye klubbar skal nemleg få sjansen allereie då. Ja visst kan det bli Kolkata-derby også i framtida.

Men aldri meir det gode gamle.

Har verken hovudsponsor eller pengar

East Bengal

KVA NO? East Bengal går ei uviss framtid i møte etter at rivalen og det tradisjonelle derbyet er borte, og ligaen deira kjem i skuggen av superligaen

Foto: Diptendu Dutta / AFP

Men det er tunge skyer over den løysinga også. East Bengal mista hovudsponsoren då koronaen kom, og har ikkje betalt løn til spelarane sidan midt i mars.

Ein plass i Superligaen må dei betale nærmare 19 millionar kroner for, og det er pengar dei ikkje har.

No treng dei eit mirakel som presang til klubbens 100-årsjubileum i august.

Siste nytt

  • Ingebrigtsen løp med virus

    Gjert Ingebrigtsen varslet umiddelbar legesjekk da Jakob Ingebrigtsen lørdag måtte bryte Hytteplanmila. Nå foreligger svaret på hvorfor 20-åringen fikk problemet i løpet der han var ventet å løpe for ny norsk bestenotering på 10 km gateløp.

    – Det viser seg at Jakob løp med et virus. Det er ikke snakk om covid, men et såkalt rhinovirus, som er et veldig vanlig forkjølelsesvirus, sier Gjert Ingebrigtsen til NRK.

    Han antyder at sønnen pådro seg viruset i forbindelse med mediedag i Oslo onsdag i forrige uke, tre dager før løpet. Jakob Ingebrigtsen hadde ikke følt seg dårlig i dagene før løpet, og reaksjonen kom derfor overraskende.

    Ingebrigtsen er tilbake i lett trening, men skal fortsatt igjennom ytterligere en medisinsk test for å få fastslått at viruset alene var årsaken til misforholdet som oppsto mellom fart og puls tidlig i løpet, som igjen gjorde at han valgte å stoppe.

    Jakob Ingebrigtsen
    Foto: Cicilie S. Andersen / NRK
  • Norge opp én rankingplass

    Norge klatrer til 43.-plass på siste Fifa-ranking. Det er én plass opp. Belgia er fortsatt rangert som verdens beste herrelandslag, foran Frankrike og Brasil. Danmark (13.-plass), Sverige (19) og Island (39) er de tre beste nordiske landene.

    Nicolae Stanciu fortviler etter Erling Braut Haalands andre mål
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
  • – OL-utsettelse øker medaljesjansen

    Landslagssjef Johan Flodin mener at dobbeltfireren med Olaf Tufte har større sjanser til OL-medalje neste år enn om OL skulle gått som planlagt i år. – De tre andre har fått ett år til på seg, og vi har sett en kapasitetsøkning hos flere av dem.

    Olaf Tufte
    Foto: Vidar Ruud

Sendeplan

Kl. Program Kanal