Slutt for 15-åringen

Debutant Cori Gauff (15) har sett sitt preg på Wimbledon hittil, men mot Simona Halep i 4. runde blei det slutt. Halep – tidlegare verdseinar – vann 6-3, 6-3.

Gauff redda tre matchballar, men blei likevel utspela av Halep.

Gauff har slått Venus Williams, Magdalena Rybarikova og Polona Hercog i dei første rundane.

Cori Gauff
Foto: Andrew Couldridge / Reuters

Siste nytt

  • Bale tilbake med scoring

    Gareth Bale var tilbake på Real Madrids lag og scora i 2-2-kampen i Washington i natt. Arsenal leia 2-0 ved pause. Reals Nacho og Arsenals Papastathopoulos blei utviste i første omgang, begge etter to gule kort.

    Real vann straffekonkurransen 3-2, og der bomma Bale.

    Gareth Bale
    Foto: Andrew Caballero-reynolds / AFP
  • Alle norske slått ut

    Ingen nordmenn tok seg vidare frå forsøka i VM i natt. Ingeborg Vassbakk Løyning blei nr 23 på 50 m bryst med 28,67, Niksa Stojkovski nr 35 på 100 m bryst, og Tomoe Hvas blei diska på 200 m medley.

    Pressetreff med VM-troppen i svømming
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal