Hopp til innhold

Veteranane tok ansvar i norsk slitekamp

Dei norske handballjentene heldt på å rote bort sigeren mot Serbia. Men landslagsveteranane stod fram då Norge trengde dei som mest.

Linn Kristin Riegelhuth

MÅLKÅT: Linn Kristin Riegelhuth vart toppscorar med åtte mål mot Serbia.

Foto: ANDREJ ISAKOVIC / Afp

Katrine Lunde Haraldsen

TØFF KAMP: Katrine Lunde Haraldsen og dei norske handballjentene måtte kjempe for sigeren mot Serbia.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix
Thorir Hergeirsson

NØGD: Landslagssjef Thorir Hergeirsson var nøgd med innsatsen, men påpeikar samstundes at laget har noko å jobbe med inn mot neste kamp i EM.

Foto: ANDREJ ISAKOVIC / Afp
– Det er utruleg deilig at vi klarar å vinne i dag. Det var deilig å setje den siste der. Vi får nok mål i dag til å dra i land ein deilig siger. Det er godt, seier Linn Kristin Riegelhuth til NRK.no.

«Linka» punkterte kampen minuttet før slutt.

Dei norske jentene gjekk til pause med 17-12 leiing og hadde grei kontroll. Laget såg ut til å cruise mot siger i opningskampen i EM.

Katrine Lunde Haraldsen såg ut til å ha funne tilbake til storforma, forsvaret var solid og avslutningane sat der dei skulle.

– Nokre gonger slepper vi Serbia litt for enkelt til. Vi må halde konsentrasjonen oppe, åtvara NRKs handballekspert Øystein Havang ved pause.

Elendig andre omgang

Og det skulle det vise seg at det var god grunn til. For allereie seks minutt ut i andre omgang var det meste av forspranget ete opp.

Dei norske jentene gjorde ei rekkje feil i angrep og slurva i eige forsvar.

– Vi veit at det kan bli slik med eit lag som spelar med hjartet utanpå drakta, seier landslagssjef Thorir Hergeirsson til NRK.no.

– Vi slurvar og er ikkje heilt på nett i enkelte avslutningar, aleine med keeper og vi er litt unøyaktige på nokre av innspela, seier landslagssjefen.

Åtte minutt før slutt utlikna vertsnasjonen og det norske laget var i ferd med å rote bort sigeren.

– Følte meg roleg

Norge klarte å svare etter utlikninga og gjekk opp igjen i leiinga, men minuttet før slutt reduserte Andreas Lekic til 26-27 for serbarane.

Då kampen skulle avgjerast stod målvakt Katrine Lunde Haraldsen og Linn Kristin Riegelhuth fram.

Lunde Haraldsen gjorde avgjerande redningar, medan Riegelhuth sette inn den viktige sistescoringa minuttet før slutt.

Landslagsveteranen seier ho ikkje var nemneverdig nervøs då Serbia utlikna til 25-25 rett før slutt.

– Eg følte meg eigentleg veldig roleg. Eg følte vi har spelt eit godt spel heile vegen og føler at vi var i driven, sjølv om dei tok igjen nokre mål. Eg visste at vi hadde meir å gå på. Det var det å få det ut, seier ho.

Riegelhuth vart også norsk toppscorar med åtte mål i opningskampen i EM.

– Det var morro at ho fekk setje spikeren i kista. Ho var solid stort sett heile kampen, saman med Katrine Lunde Haraldsen, som har viktige redningar, seier Havang.

– Rot og ustruktur

Øystein Havang meiner dei norske jentene har mykje å jobbe med inn mot torsdagens kamp mot Tsjekkia.

– Det er mykje rot og ustruktur i laget. Vi får ikkje flyten og rytmen som kjenneteiknar oss. Noko slurv bidrog til at Serbia kom inn igjen i kampen, seier NRK-eksperten.

Serbia har aldri vunne ein kamp i EM som sjølvstendig nasjon.

I den andre kampen i Norge si gruppe, slo Tsjekkia Ukraina 25-22 tidlegare tysdag kveld. Resultat og tabellar frå EM finn du her.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal