NRK Meny
Normal

Rodal om verdsrekorden: – Aldri sett eit så rått oppløp

Wayde van Niekerk (24) frå Sør-Afrika tok både OL-gull og sette ny verdsrekord på 400 meter, då han parkerte konkurrentane.

Rio Olympics Athletics
Foto: David J. Phillip / Ap

– Sjå på den klokka, ny verdsrekord. Michael Johnson, høyrer du det? Det er den villast oppløpssida eg nokon gong har sett, skrik NRKs kommentator, Jann Post.

ATHLETICS-JOHNSON-300M-WORLD RECORD 3

HADDE REKORDEN: Michael Johnsons rekord har stått i 17 år.

Foto: YOAV LEMMER / AFP

van Niekerk starta forrykande og leverte ei oppløpsside av dei sjeldne. I mål stoppa klokka på 43,03, heile 15 hundredelar raskare enn den gamle verdsrekorden til sprintstjerna Michael Johnson frå 1999. Det er 17 år sidan. Han er også den første ikkje-amerikanaren som har sett verdsrekord på distansen, sidan 1950.

– Eg har aldri sett eit så rått oppløp på ein 400-meter nokon gong, seier NRKs friidrettsekspert, Vebjørn Rodal.

Hovudpersonen sjølv var i ekstase då han møtte pressa etter løpet.

– Det er utruleg. Sist OL såg eg på TV heime og no er eg ein del av det, seier gullvinnaren.

Trent av ei bestemor

Sørafrikanaren starta i bane åtte, og det er første gong nokon har vunne OL-gullet på 400m frå denne bana.

Kirani James og LaShawn Merritt tok sølv og bronse, men som dette bildet viser. Dei var langt bak sørafrikanaren.

Rio Olympics Athletics Men

OVERLEGEN: Wayde van Niekerk vann med over halvsekundet ned til nummer to.

Foto: Mark Baker / Ap

24-åringen er den einaste i verda som ha vore under ti sekund på 100-meter, under 20 sekund på 200-meter og under 44 sekund på 400-meter.

I tillegg er trenaren hans den 74 år gamle bestemora, Ans Botha.

– Ho er ei utruleg dame og ho har spelt ein utruleg viktig rille i det eg har oppnådd i dag. Ho har verkeleg heldt meg disiplinert og ho har pusha meg til mitt aller høgaste nivå, seier van Niekerk.

Før løpet hadde ikkje Rodal trua på verdsrekord, sjølv om det har blitt snakka om at nokon kunne utfordra Johnsons rekord i år.

– Folk har snakka om det, men då er det James og Merritt ein har nemnd. At van Niekerk skulle ta den såg eg ikkje komme, seier Rodal.

Det gjorde heller ikkje konkurrentane.

– Det var eit utruleg løp. Han berre tok av. Heilt ærleg så trudde eg han skulle sakka ned på slutten. Men nei, seier bronsevinnar LaShawn Merritt.

– Han berre fortsette og fortsette og sakka aldri farten. Då vert det verdsrekord, ler sølvvinnar Kirani James.

Rio Olympics Athletics

GRATULASJON: Wayde van Niekerk fekk ein velfortent gratulasjon frå Usain Bolt, etter verdsrekordløpet sitt.

Foto: Julio Cortez / Ap

Siste nytt

  • Hovland mot bragd

    Viktor Hovland fortsetter å imponere og leder med fire hull halvveis i finalen mot Devin Bling i USAs amatørmesterskap i golf søndag.

    Han dominerte mot Bling på de første 18 av de 36 hullene i finalen. Det norske stortalentet festet grepet ved å vinne fire hull på rad fra 8. til 11. hull.

    Turneringen ferdigspilles natt til mandag norsk tid.

    Viktor Hovland
    Foto: Eric Risberg / AP
  • Tung start for Inter

    Inter fikk en marerittstart på Serie A-sesongen med 0-1-tap mot Sassuolo søndag. Domenico Berardi ble matchvinner fra straffemerket.

    Roma fikk på sin side en god start på sesongen med 1-0-seier over Torino. Edin Dzeko åpnet målkontoen rett før slutt.

    inter
    Foto: Vincenzo Pinto / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
4-4-2 Eliteserien: Bodø/Glimt - Odd